Gå til hovedinnhold

Uteskuleveke = læring? Eller berre ein sliten lærar?

Denne veka har eg gjort eit tappert forsøk på å gjennomføre ei uteskuleveke med klasse 8a. Målsettinga med ei slik veke er å finne andre type meistringsarenaer enn dei vi finn i klasserommet og oppnå kompetansemåla i læreplanverket også utanfor klasserommet, der tradisjonell undervising finn stad.

Eg har prøvd å gjennomføre uteskuleveke tidlegare. Det var på tida då eg var prosjektleiar for eit skule- og samfunnsutviklingsprosjekt i Vågå og påtok meg å steppe inn som lærar i 50 % frå januar til juni fordi den læraren som eigentleg var i klassen måtte overta som rektor. Vi var to ganske ferske lærarar som skulle vere inne i 5. og 6. klasse - ei klasse som var vant til ein friluftskar som lærar og som hadde fast tradisjon med uteskuleveke kvar vår. På fyrste foreldremøte fekk vi klar beskjed om; "Vi må ha uteskuleveke. Ikkje tull med den".

Vi bestemte oss for å kople uteskuleveka opp mot foto. Vågå hadde kjøpt inn eit klassesett med kamera (det burde alle skular ha!) og vi køyrte fototema til kvar dag. Vi var på bedriftsbesøk, vi var på fisketur, vi hadde konkurransa "Småbruk 2011" (gjennomført av foreldre med småbruk) og vi hadde mykje fysisk aktivitet. Alt kopla vi opp mot foto, og veka var særs vellukka. Eg trur også foreldra vart nøgde - til trass for at ingen av oss lærarane var utprega friluftsmenneske. Og for nokon fantastiske bilde elevane tok! Mange av dei vart stilt ut seinare, og elevane var tydeleg stolte av resultatet.

Eg hadde difor bestemt meg for at eg skulle prøve å gjere noko liknande når eg no vart kontaktlærar dette skuleåret. Eg sette av nest-siste skuleveke sidan eg veit dette er ei veke elevane er ferdige med tentamenar og stort sett er klare for sommarferie. Eg seier ikkje at det er håplaust å lære noko i dei siste vekene fram mot sommarferien, men eg trur vi like godt kan gjere det på andre arenaer enn i klasserommet (det burde vi forresten gjere meir av gjennom heile året, men det er ein annan diskusjon).

Ei slik veke krev enormt med planlegging. Eg starta planlegginga for over ein månad sidan. Du må gjere avtaler, du må løyse opp timeplan for å leggje nye lærarkabalar, du må ha ein back up-plan viss vêret sviktar og du må sjølvsagt planlegge aktivitetane ute. Helst skal elevane lære noko også - ikkje berre vere ute.

Veka såg grovt sett slik ut:

Måndag: Informasjon om veka, enkle tips om korleis ta gode bilete og stafett, hjernetrim og konkurranser ute før lunsj. Etter lunsj var det fyrstehjelpskurs med Røde Kors i Høyanger som stilte opp friviljug for oss (takk til dykk!).

Tysdag: Tur opp trappene i Dalen med innlagt kurs om v-dal, u-dal og om landskapsformasjonar (geografen som slo til). Postar undervegs.

Onsdag: Tur ned til mololen med bading og konkurranse etter modell av "Farmen". Vi hadde hesteskokasting, tautrekking, slegge, mjølkespannhalding, saging og kunnskap.

Torsdag: Museumsbesøk (takk til Jorunn på biblioteket som stilte opp), praktisk matematikk og land art.

Fredag: Bedriftsbesøk til Safe Clean (takk til dykk!) fyrste halvdel, og avslutningskonkurranse siste halvdel (her var vi mykje inne). Vi hadde konstruksjon, quiz, Kims leik, lagde substantivrekke med ting vi såg rundt oss (elev - veranda - atlas - stol - du skjønner sikkert greia; finn flest substantiv; det neste substantivet må starte på bokstaven det førre slutta på) og fann substantiv på S og B i naturen (enkelt, men effektivt).

Heile veka var elevane delt inn i fire grupper, og vi kåra ein vinnar til slutt. Alle gruppene opplevde å vinne eit eller anna, og eg trur (og håper) dei fleste elevane fann noko dei meistra bra.

Kvar dag hadde vi også to fototema. Til dømes var tema for foto i dag "vinnarvilje" og "samarbeid". På onsdag var det "glede" og "vennskap". På tysdag var det "naturglede" og "naturformasjonar". Alle bilda skal elevane legge inn i ei mappe som skal leverast inn på fronter. Det var all leksa denne veka (og det var vel lite lekser elevane likte best, tenkjer eg :)).

Vi har ikkje fått evaluert veka. Det vart ikkje tid til det i dag. Eg trur også elevane var frykteleg slitne i dag. Slitne på ein annan måte, men slitne.

Men eg spurte dei om dei hadde hatt ei artig veke. Det svarte alle ja på (med begeistring). Og for å seie det slik; det er ikkje ofte elevane meiner dei har hatt ei artig skuleveke. :)

Vi er sjølvsagt ikkje på skulen for å ha det artig (sjølv om det beste hadde vore om vi kunne hatt det artig, motiverande og lærerikt heile tida). Lærte elevane noko? I dag var dei i alle fall raskt framme med å seie at dei visste kva ein v-dal og ein u-dal var, og at dei visste kva tregrensa var. Dei hadde også fått med seg overraskande mykje frå industrihistorie etter museumsbesøk i går (tema i quizen i dag, sjølvsagt). Det trakk dei også fram.

Eg er sliten. Eg har også vore frustrert og gleda meg til helg mot slutten av veka. Tenkt; "Kvifor legg eg så mykje tid i planlegging? Har det noko funksjon?". Eg tenkjer likevel at eg no skal legge mest energi i å tenkje på kva som fungerte (eg har ei lang liste over kva som ikkje gjekk bra - typisk meg), og at eg såg mange elevar smile, meistre og samarbeide på ein heilt annan måte enn eg har sett tidlegare. Også er eg glad for at elevane gjev uttrykk for at dei har hatt det fint.

Og normalt sett? Viss eg spør elevane mot slutten av "ei vanleg veke" kva dei har lært? Klarar dei så kjapt å kome med dei punkta dei kom med i dag? Neppe.

Ønskje til neste gong? Klassesett med kamera!!

Viss du er ein rik sponsor som les dette, som ønskjer at skulane skal bli meir praktiske og gjere ting ute. Gje Høyanger skule eit klassesett med kamera. Då skal eg aldri klage meir! Og då slepp vi at elevane brukar mobilkamera (som alle fungerer ulikt), vi får til at alle har same utstyr og vi kan lett få overført bilda til pc'ane på skulen, slik at vi kan jobbe med bilderedigering og photo story i etterkant.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…