Gå til hovedinnhold

Valdres, Valdres!


I dag går eg ut i min fyrste lærarferie (og tru meg; den er fortent!). Store deler av denne ferien skal eg vere i regionen eg er så glad i, nemleg Valdres.

I likskap med mange distrikts-kommunar, slit også kommunane i Valdres med omstruktureringar i landbruket, å få til vekst innanfor næringsliv og ikkje minst har regionen demografiske utfordringar.  

Valdres har likevel klart noko mange andre bygderegionar ikkje klarar; å byggje opp under ein felles kulturell identitet, som eg føler er blitt sterkare og sterkare dei seinare åra.

Eg har ikkje empiri for å støtte denne påstanden, men det har skjedd noko i Valdres.  Det er opplagt noko med Valdres. Det er mykje kulare å kome frå Valdres no enn det var for nokre år sidan.

Det kjem for tida mykje bra frå Valdres. No pratar eg sjølvsagt ikkje om meg sjølv, men om alt det dei fantastiske menneska som bur i regionen klarar å skape – spesielt på kulturområdet.

Det er fleire store festivalar, det er små og store arrangement gjennom heile året, det er lokal matproduksjon, og ikkje minst står mange unge fram og skapar sine eigne uttrykk på kulturfronten.

Eg tok eit kjapt oversyn over festivalar i Valdres i sommar. Eg finn Valdres sommersymfoni, Jørn Hilme-stemnet, Vinjerock og Trollrock. Til hausten er det Norsk Rakfiskfestival. Vi har Riddarrennet, Fjellmaraton og Valdreskappleik. I tillegg er det blitt auka tilbod til ungdom i Valdres det siste tiåret gjennom ”Ung i Valdres”.

Valdres er blitt eit sterkare og sterkare merkenamn. Regionen er synleg også utanfor Valdres.  For ikkje lenge sidan gjekk tv-serien ”Valdres teens” på Nrk og Valdres markerar seg i hovudstaden kvart år gjennom ”Valdresdagane”. Vi har dei siste åra også fått ein god ambassadør gjennom musikkgruppa ”Staut” som når ut til mange menneske gjennom sin musikk  - og ikkje minst marknadsfører dei språket vårt gjennom tekstane sine, som er på dialekt.

Politikarane kan aldri skape vekst eller kultur. Det er enkeltmenneska gjennom sine visjonar som kan skape noko.  Difor skal politikarar vere forsiktige med å styre for mykje ut i frå kva for resultat dei ønskjer i framtida.

Vi har dessverre ofte sett at verkemiddelapparat i rurale delar av Noreg har ønskja å definere kva pengane skal brukast på – ofte då med utgangspunkt i lokale fortrinn eller det stadsspesifikke i ein region. Hovudutfordringa med ein slik politikk er at vi ikkje veit kva som kan vere eit fortrinn før det er skapt. Det har vi også sett i Valdres.  

I Valdres har vi ei rekkje menneske med driv og lyst til å omsetje idear og visjonar til handling. Eg har inntrykk av at det er fleire og fleire slike eldsjeler som har dukka opp dei seinare åra, og dei påverkar kvarandre. Når du ser at andre lukkast, vil det påverke også andre til å få til noko. Slik er det blitt skapt ein positiv trend i Valdres, der suksessen blir sjølvforsterkande.  

Eg veit ikkje sikkert kva som har skjedd i Valdres, men det er i ferd med å bli skikkeleg bra. Valdres har klart noko få andre har klart, og alle som er oppteken av utvikling i bygdene våre bør sjå til Valdres.

Om du ikkje er så oppteken av å analysere årsak og verknad, vil eg anbefale deg å ta deg ein tur til Valdres i sommar for å ha det moro.  Anten du berre vil smake lokal mat, drikke øl eller gjere begge deler gjennom å besøkje ein festival.

 Publisert i "Nationen"  21. juni 2013.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…