Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2013

Kjærleik gjer lat

Eg har i løpet av dei siste vekene gått frå å vere ei partyjente på 32 år til å bli ei fjortisjente på 32 år. Det var absolutt ikkje planlagt.

Planen var at eg i sommar skulle lese mange bøker, eg skulle skrive på boka mi og eg skulle trene mykje slik at eg vart fit og opplagt til skulen startar att i august.

Eg har ikkje trent sidan eg sprang halvmaraton i Jølster 6.juli. Eg har lese 50 sider i "Tusen og en natt" og har eigentleg ikkje fått med meg noko av det eg har lese. Eg har skrive to sider i boka mi, men det enda eigentleg opp med å bli to klissete sider om kor forelska eg sjølv er.

Eg har på mange måtar slutta å fungere. Eg er til stades, men tankene mine er heilt andre plassar. Eg går rundt med eit dumt flir heile dagen og eg er fullstendig ute av stand til å fullføre eit lengre resonnement.

Du skulle jo kanskje tru at du vart smartare av å bli forelska (vil jo liksom framstå som intelligent og ikkje eit brødhovud). Du skulle jo tru du får lyst til å trene hardt for…

Nasjonalromantisk eventyr i Jølster

På laurdag gjekk turen til vakre Jølster. Målet var å springe halvmaraton i nasjonalromantiske omgjevnader i Jølster for idrettslaget Cava Runners.


 Vi startar herfrå. Ikkje langt unna Skei, og målet er å springe til Vassenden. Vakre omgjevnader, men vi gruar oss. Huff som vi gruar oss. 

Ved startstreken. Ikkje heilt klar, men tenkjer at eg skal klare å gjennomføre på eit vis. Har ikkje hatt optimal oppladning, men tenkjer eg tek det som ei treningsøkt. Ei lang treningsøkt. 
Dei fyrste to kilometra er grusomme. Etter tre kilometer går det litt lettare. Etter fem kilometer begynner det å løsne. Mellom sju kilometer og 12 km har eg det eigentleg ganske greitt. Ingenting gjer vond, og eg er ikkje sliten. Når du rundar halvvegs, begynner du å tenkje at det sakte, men sikkert går mot mål.

Det står skilt ved kvar kilometer. Eg teller ned. 10 - 9 - 8 - 7. Det er her det begynner å bli vondt. Det er her det begynner å bli vanskeleg. Det blir lenger og lenger mellom skilta. På fem kilometer att …

Kviler meg i form til Jølster maraton

Høgt oppe etter å ha fullført halvmaraton på Beitostølen 1.juni, starta Cava Runners å planlegge nye halvmaratonreisemål. Sjølvsagt i cavarus, og noko rusa på oss sjølve. Eg for min del tenkte at når eg klarte dette, så kan eg klare alt! Eg var rett og slett uovervinneleg!

Jølster maraton 6.juli var dit vi fann ut vi skulle reise. Vi hadde eigentleg ønskja oss eit litt meir eksotisk reisemål, men kva kan eigentleg vere betre enn fylket vi sjølve bur i?

Eg og Randi fekk overtala to andre, og plutseleg hadde vi booka oss inn i ei campinghytte med raud skinnsofa og furuvegger. Det var jo leeeenge til 6.juli, og vi hadde god tid til å plotte inn toppformen.

Eg skal ærleg innrømme eg har drukke meir cava enn eg har sprunge den siste månaden. Travelt på jobb, og så kom ferien. Ferien då eg liksom skulle trene kjempemykje! Vel..det var meir fristande å drikke cava.

Eg har den siste veka vurdert om eg heller skal melde meg på 5 km eller 10 km. 21 km er eigentleg litt for langt for meg - eg er …

Vakre, vakre Vågå!

Feriens fyrste langtur gjekk til vakre Vågå. Min tidlegare heimplass, som eg flytta frå i fjor sommar. Eg skjønte ikkje kor mykje eg hadde sakna Vågå før eg kom køyrande inn i kommunen på fredag.

Obligatorisk fotoshoot utanfor Vågå-kyrkja. Det er akseptabelt når ein berre er på besøk.
Vågå har vore gjennom mykje i tida etter eg flytta frå kommunen. Det siste året har vore alt anna enn lett for innbyggjarane i kommunen eg er så glad i. Dei har måtte gå gjennom mykje rart det siste året. Det verste tykkjer eg har vore alt det rare som er sagt om innbyggjarane i Vågå på sosiale medium og i kommentarfelt i nettaviser og bloggar.

Eg budde i Vågå i 2 1/2 år og eg vart meir og meir glad i plassen dess lengre eg budde der. Eg lærte meg å kjenne ein gjeng med fantastiske innbyggjarar. Vågå er ei bygd med sosiale og gjestfrie innbyggjarar, og eg følte meg alltid veldig velkomen som innflyttar.

Dess meir eg nærma meg Vågå og Vågåmo på fredag, dess meir kribla det i magen. Eg køyrte fort over Sogn…