Gå til hovedinnhold

Kjærleik gjer lat

Eg har i løpet av dei siste vekene gått frå å vere ei partyjente på 32 år til å bli ei fjortisjente på 32 år. Det var absolutt ikkje planlagt.

Planen var at eg i sommar skulle lese mange bøker, eg skulle skrive på boka mi og eg skulle trene mykje slik at eg vart fit og opplagt til skulen startar att i august.

Eg har ikkje trent sidan eg sprang halvmaraton i Jølster 6.juli. Eg har lese 50 sider i "Tusen og en natt" og har eigentleg ikkje fått med meg noko av det eg har lese. Eg har skrive to sider i boka mi, men det enda eigentleg opp med å bli to klissete sider om kor forelska eg sjølv er.

Eg har på mange måtar slutta å fungere. Eg er til stades, men tankene mine er heilt andre plassar. Eg går rundt med eit dumt flir heile dagen og eg er fullstendig ute av stand til å fullføre eit lengre resonnement.

Du skulle jo kanskje tru at du vart smartare av å bli forelska (vil jo liksom framstå som intelligent og ikkje eit brødhovud). Du skulle jo tru du får lyst til å trene hardt for å få ein finare kropp. Du skulle også tru du har lyst til å skrive kjærleiksdikt eller andre amorøse greier.

Vel..det skjer ikkje med meg. Eg blir dum, lat og ineffektiv. Det hjelp sikkert ikkje på at eg har ferie heller, men denne ferien har eg altså fått gjort omtrent ingenting av det eg hadde planlagt.

No vil sikkert enkelte hevde at eg berre har godt av å planlegge litt mindre. Det har de heilt sikkert rett i. Men eg skulle verkeleg ønskje det var mogleg å vere smart, effektiv, kreativ, rasjonell og aktiv samtidig som ein er forelska. Vel...for meg funkar det ikkje slik.

Endorfinane i kroppen min har fortrengt plassen til alt det som kjenneteikna meg som menneske tidlegare. Det einaste eg har lyst til å gjere er å kysse, kose, smile, vere fjollete og elles slike ting ein gjer når ein er forelska.

For nysgjerrige lesarar kan eg røpe at det skjedde for drøye tre veker sidan. Eg har hatt fantastiske tre veker. Vi har tatt pauser frå kvarandre i løpet av desse vekene - eg har mellom anna hatt ein tur til Jølster-maraton, Vinjerock og til Barcelona i lag med vener (planlagt før eg vart forelska).

På tur på vingardar utanfor Barcelona. Besøkte to vingardar og cava-produsenten Freixenet. Var slik omlag i stand til å ha det moro i lag med bra reisefølgje, men brukte mykje konsentrasjon på å skrive kort, sende sms'ar, tenke fjollete tankar og finne passande gåve til han som var att heime. 


Kjærleiken til cava er den kjærleiken i mitt liv som har vart lengst og som har vore sterkast. Får cava no konkurranse? Følg med!

Eg har vel kanskje ikkje vore heilt til stades som ven heller på desse turane - eg har vel mest gått rundt med eit fjollete smil og venta på søte klissete tekstmeldingar. Og lengta attende til armene hans. Søtt, ikkje sant? Eventuelt fjortis.

Når eg ikkje har vore på desse turane har eg satt verdsrekord i å vere amorøs i lag med akkurat han.

No har vi tatt ei pause frå kvarandre på tre heile dagar (eg må seie at dette er ikkje ei pause vi ønskjer, men meir av nødvendighet for at verda skal gå rundt). I går kom eg heim til Bagn. Heim til mor og til familie. Her har eg liksom ein plan om å vaske klede, sole meg, lese bok, skrive og trene mykje.

I går gjekk eg ei mil - i dag har eg planer om at eg skal jogge ei mil. I dag skal eg skrive og i dag skal eg lese. Eg prøver å riste endorfinane ut av kroppen, men det er sannelig ikkje lett.

Blogginnlegget blir kjedeleg, og eg har ikkje vore i stand til å starte på klesvaskhaugen som ligg på rommet mitt her i Bagn. Eg prøver å lese bok, men ender opp med å ligge rett ut i sola og dagdrøyme og fnise, mens eg høyrer på kjærleikssongar.

Her ser du korleis det ser ut på rommet eg camper på hjå Mamma. Rotet her kan også representere tilstanden i hjerna mi. Kaotisk og eg er ute av stand til å få orden på noko som helst. 

Eg prøver å starte på undervisingsplanlegging for hausten, men begynner då berre å tenkje på at ferien faktisk snart er slutt og at eg snart må attende til kvardagen.

Kjærleik gjer ikkje blind. Eg ser fullstendig klart kven han er. Eg ser også fullstendig klar kven eg er om dagen; ei fjollete jente som både er blitt mentalt og fysisk lat. Men sjølvsagt veldig lukkeleg.

PS: I neste veke satsar eg på eit artigare blogginnlegg. Då skal eg på kjærleiksferie. Min fantastiske kjærast har nemleg sagt seg viljug til å vere med meg rundt i Noreg for å følgje skilt med rare stadsnamn. Som altså er ein av tinga eg hadde planlagt å gjere i sommar, og som står på lista mi over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…