Gå til hovedinnhold

Kviler meg i form til Jølster maraton

Høgt oppe etter å ha fullført halvmaraton på Beitostølen 1.juni, starta Cava Runners å planlegge nye halvmaratonreisemål. Sjølvsagt i cavarus, og noko rusa på oss sjølve. Eg for min del tenkte at når eg klarte dette, så kan eg klare alt! Eg var rett og slett uovervinneleg!

Jølster maraton 6.juli var dit vi fann ut vi skulle reise. Vi hadde eigentleg ønskja oss eit litt meir eksotisk reisemål, men kva kan eigentleg vere betre enn fylket vi sjølve bur i?

Eg og Randi fekk overtala to andre, og plutseleg hadde vi booka oss inn i ei campinghytte med raud skinnsofa og furuvegger. Det var jo leeeenge til 6.juli, og vi hadde god tid til å plotte inn toppformen.

Eg skal ærleg innrømme eg har drukke meir cava enn eg har sprunge den siste månaden. Travelt på jobb, og så kom ferien. Ferien då eg liksom skulle trene kjempemykje! Vel..det var meir fristande å drikke cava.

Eg har den siste veka vurdert om eg heller skal melde meg på 5 km eller 10 km. 21 km er eigentleg litt for langt for meg - eg er nok ikkje slik eigentleg i god nok form til å springe så langt (sjølv om det er hardt å innrømme). Men eg har jo liksom klart det før, så då bør eg ikkje vere dårlegare no.

I går meldte eg meg på halvmaraton. No er det ingen veg attende.

I dag kom eg på at eg ikkje har sprunge sidan halvmaratonen 1.juni. Det betyr ikkje at eg har vore dønn lat - eg har gått ein del i trappene her i Høyanger (og tru meg; det er betre trening enn å springe på flat asfalt). Men likevel; eg var usikker på om eg framleis var i stand til å springe.
Etter 2500 trappetrinn i Høyanger. Beste treninga som finst!

Dei siste dagane før ein skal springe halvmaraton skal ein eigentleg trene minst mogleg. Såpass har eg lært (og det er den delen eg likar best). Det er liksom for seint å skulle springe seg i form tre dagar før eit løp.

I dag tok eg likevel sjansen på å springe 5 km. Eg sprang i komfortsona heile tida, og eg klarte i alle fall å kome heim utan å spy. Fort gjekk det ikkje, og eg skal innrømme eg tenkte med gru; "på laurdag skal eg springe fire gonger så langt. Huff."

Eg gruar meg skikkeleg. Eg er ikkje i nærleiken av å ha lyst til å gjere dette. Eg vil drikke cava. Springe 21 km har eg ikkje lyst til. Ikkje i det heile tatt!

Resten av dagen i dag har eg kvilt meg i form. Eg har vore på sofaen og lese bok. Det vil seie. Etter eit kapittel fann eg ut eg ville sove, så eg sov i to timar. Så mykje for det overskotet du liksom får av trening.

Eg likar nok å kvile betre enn å springe. Her med sommarens lesestoff. Eg fekk lese eit kapittel før eg fann ut eg skulle sove.

No held cavarunner Blåfjelldal seg unna cava også. Det er hardt, det. Tenk deg ein cavarunner utan cava og springing i nokre dagar? Men eg trur faktisk det beste eg kan gjere for kroppen min er å ha ei cavafri periode (og ho har vart heilt sidan sundag no), og at det kan medverke til at eg faktisk klarer å fullføre på laurdag.

Blir det moro? Javisst, blir det moro. Om ikkje anna, skal eg bruke 21 km til å nyte den vakre naturen i Jølster, og etterpå skal vi drikke campinghytta vår fin ved hjelp av cava.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…