Gå til hovedinnhold

Nasjonalromantisk eventyr i Jølster

På laurdag gjekk turen til vakre Jølster. Målet var å springe halvmaraton i nasjonalromantiske omgjevnader i Jølster for idrettslaget Cava Runners.


 Vi startar herfrå. Ikkje langt unna Skei, og målet er å springe til Vassenden. Vakre omgjevnader, men vi gruar oss. Huff som vi gruar oss. 


Ved startstreken. Ikkje heilt klar, men tenkjer at eg skal klare å gjennomføre på eit vis. Har ikkje hatt optimal oppladning, men tenkjer eg tek det som ei treningsøkt. Ei lang treningsøkt. 

Dei fyrste to kilometra er grusomme. Etter tre kilometer går det litt lettare. Etter fem kilometer begynner det å løsne. Mellom sju kilometer og 12 km har eg det eigentleg ganske greitt. Ingenting gjer vond, og eg er ikkje sliten. Når du rundar halvvegs, begynner du å tenkje at det sakte, men sikkert går mot mål.

Det står skilt ved kvar kilometer. Eg teller ned. 10 - 9 - 8 - 7. Det er her det begynner å bli vondt. Det er her det begynner å bli vanskeleg. Det blir lenger og lenger mellom skilta. På fem kilometer att tenkjer eg at no er det berre ein halvtime att. Fem kilometer er jo ikkje så langt.

Fem kilometer er jævlig langt når du allereie har sprunge 16 km. Det er lang og vondt!

Tre kilometer att. Skiltet med to kilometer på kjem aldri - følast det som. Eg må tenkje: "15 minutt Hanne! 15 minutt med smerte! Det kan du takle".

Eg må gå litt den siste kilometeren. Er redd eg må spy viss ikkje. Så spring eg. Ser snart målstreken. Veit eg ikkje klarar å kome i mål på under 2:20 som eg hadde håpa. Eg kjem i mål. Eg brekker meg. Ein - to - tre gonger. Det betyr at eg må ha klart å presse meg littegrann likevel.


Her er eg i mål. Har fått medalje. Er ganske stolt. Er veldig klar for cava.

Og etterpå? Fire stolte jenter på campinghytte på Jølstraholmen camping. Åtte flasker cava. Slikt blir jo sjølvsagt veldig moro!

Og sjølv om vi rett etterpå sa: "Aldri meir. ALDRI meir" kom terminlista i "Kondis" opp på bordet utpå kvelden, og vi var i full gang med planlegging av neste tur.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…