Gå til hovedinnhold

Vakre, vakre Vågå!

Feriens fyrste langtur gjekk til vakre Vågå. Min tidlegare heimplass, som eg flytta frå i fjor sommar. Eg skjønte ikkje kor mykje eg hadde sakna Vågå før eg kom køyrande inn i kommunen på fredag.

Obligatorisk fotoshoot utanfor Vågå-kyrkja. Det er akseptabelt når ein berre er på besøk.

Vågå har vore gjennom mykje i tida etter eg flytta frå kommunen. Det siste året har vore alt anna enn lett for innbyggjarane i kommunen eg er så glad i. Dei har måtte gå gjennom mykje rart det siste året. Det verste tykkjer eg har vore alt det rare som er sagt om innbyggjarane i Vågå på sosiale medium og i kommentarfelt i nettaviser og bloggar.

Eg budde i Vågå i 2 1/2 år og eg vart meir og meir glad i plassen dess lengre eg budde der. Eg lærte meg å kjenne ein gjeng med fantastiske innbyggjarar. Vågå er ei bygd med sosiale og gjestfrie innbyggjarar, og eg følte meg alltid veldig velkomen som innflyttar.

Dess meir eg nærma meg Vågå og Vågåmo på fredag, dess meir kribla det i magen. Eg køyrte fort over Sognefjellet. Hadde ikkje tid til nokon stopp undervegs. Eg ville raskast mogleg fram til Vågå. Då eg kom til Lom kjende eg at eg snart var heime. Vegen mellom Lom og Vågåmo var lang. Då eg køyrte forbi kommuneskiltet til Vågå, gav eg tommelen opp og smilte som berre det!

Meg utanfor kommunehuset i Vågå. Der eg jobba i 2 1/2 år. 

Å vandre inn på kommunehuset. Treffe gamle kollegaer. Så ein tur ned på Vågå ungdomsskule for å treffe dei som var på jobb der. Så vidare til Vågåmo skule. Så glad, så glad!

Tok masse bilde. Var nesten litt turist. Smilte heile tida. Kjende eg har sakna plassen.

Traff gamle vener. Drakk vin. Skravla. Gjekk på fantastiske Bokhandel'n kafé. Åt mat. Drakk meir vin. Skravla meir.

Hello old friends! Cava og veninner. Og skravling. I Vågå. Kan neppe bli betre enn det. 


Dagen etterpå gjekk vi tur. Bort til Klones, der det er blitt nye eigarar.

Nytt sidan eg flytta. B&B på Klones. Obligatorisk med tullingturistbilde! 

Det skjer mykje i Vågå. Det er mange positive folk. Folk som prøver å få til noko.

Nok ein ny ting som har skjedd i Vågå sidan eg flytta; Villaparken vart opna for ikkje lenge sidan. 

Om eg trur Vågå klarar å løfte seg etter det kommunen har vore gjennom? Definitivt! Det kan ta tid, men eg er sikker på at folk ser skjønnheiten i Vågå og alt det vakre som bur i både omgjevnader og menneske på denne plassen.

Eg kjem snart attende, kjære Vågå! :)



Kommentarer

  1. Hei.
    Liker bloggen din svært godt! Du skriv bra!

    Jeg har et par spørsmål:
    1. Hvordan er livet uten tv og hva savner du å se på?
    2. Hvor ser du deg om 10 år? (Buplass, samboee og barn?) Grei ut!
    3. Er Høyanger siste stopp eller flyttet du?
    4. Hvor er drømmeplassen i Norge og verden?
    5. Hva slags menn liker du? Fint med bilde ;)
    6. Hva slags dyn har du på kropp og helse?
    7. Ser du spiser bare 7 oliven og kun 1 eple i løpet av dager. Spiser du alltid så lite? Fortell oss gjerne hva du spiser i alle måltider på en uke?
    8. Fortell gjerne om hvordan kroppen din har forandret seg etter at du blei veganer?
    9. Hva med spørsmålsrunde?

    Her har du masse å skrive om. Gleder meg til følge deg videre Hanne :) Du lyser opp dagen min!

    SvarSlett
  2. Hei du, og tusen takk for fin attendemelding. Eg er vel ikkje vant til spørsmål på bloggen min, men skal prøve så godt eg kan å svare deg så utfyllande eg klarar. :)

    1. Livet utan tv går overraskande bra, men eg skal innrømme eg ser ein del på nett-tv. No har eg teikna meg abonnement på TV2-sumo utelukkande på grunn av tv-serien "Rita", som eg tykkjer er heilt herleg. Men når eg ikkje har tv brukar eg sjølvsagt mykje mindre "dautid" framfor skjerm enn eg gjorde før.
    2. Eg anar ikkje kor eg er om ti år. Eg likar ikkje å planlegge så mykje for framtida, men følgjer magekjensla mi. Det har fungert bra til no.
    3. Eg anar heller ikkje om Høyanger er siste stopp. Eg veit ikkje kva framtida bringer, men eg trivst veldig godt her, og har ingen umiddelbare planar om å flytte.
    4. Eg er veldig glad i USA. Har vore noko der, men ønskjer meg alltid attende.
    5. Menn som er trygge på seg sjølv og som har humor
    6. Vanskeleg å svare noko fornuftig her. Eg ønskjer å ha ein mest mogleg sunn og fin kropp, men eg skal seie eg er meir opptatt av dette no enn for nokre år sidan. Eg er ikkje fanatisk, men vil tru eg er over gjennomsnitteleg fysisk aktiv i alle fal
    7. Eg et som regel ikkje så lite. Men det er dagar då eg rett og slett gløymer å ete. Det skjer viss eg har mykje å tenkje på eller viss eg er veeeldig forelska :) Andre dagar kan eg ete alt eg kjem over og veldig usunt. Eg et frukostblanding til frukost, middagsrester til lunsj (på jobb) og til middag et eg noko enkelt. Gjerne veggisburger med salat.
    8. Eg har blitt tynnare, men det trur eg har med trening å gjere like mykje som veganarlivet. Elles merkar eg ikkje store forandringa.

    Takk for spørsmåla. Veit ikkje om du er nøgd med svara, men tenkte eg skulle gjere det så kort som mogleg. :)

    Veldig hyggeleg at du sett pris på å lese bloggen min! :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…