Gå til hovedinnhold

Halvsær og halvsøt jente søkjer ikkje lenger mann

For litt over to år sidan la eg ut ei kontaktannonse på bloggen min. Eg la ut denne kontaktannonsa som eit bevis ovanfor kollegaer, vener og familie på at eg er for sær og kravstor til å finne meg mann. Dette for å sleppe alt mas og alle spørsmål ala: "Kor lenge skal du vere singel då?".

Kontaktannonsa vart ein stor suksess. Som underhaldning for lesarane av bloggen min. Folk hadde der artig når dei las denne kontaktannonsa. Dessverre førte det ikkje til ein full innboks eller at folk stod i kø ved lyrikkhylla på biblioteket.

Det tok over to år før svaret plutseleg kom i innboksen min. Og for eit svar eg fekk! Og det var litt av ein mann eg fekk svar frå! (No skal eg ærleg innrømme at vi vart kjend før han las kontaktannonsa og før han sendte svar til meg, men at han tok seg bryet med å forfatte eit svært spanande og underhaldande svar tyda berre på at dette var mannen for meg)

Eg trudde jo ærleg talt dei krava eg sette i kontaktannonsa var umogleg å oppfylle. Det var jo liksom det eg skulle bevise for folk. Åååå, som eg tok feil! Eg tok skikkeleg feil! (De får ikkje høyre meg innrømme eg tek feil ofte, men eg gjer eit unntak for kjærleiken)

Eg skal no gå gjennom krav for krav eg sette i kontaktannonsa mi og ein gong for alle synleggjere at eg tok feil. Sitata frå kontaktannonsa er merka i kursiv. Vurderinga er med vanleg skrift.

1. Han er smart. 

Du må vere smart. Du MÅ ikkje ha høgare utdanning, men det er ingen ulempe. Det er viktig for meg at du ikkje er ein belest arrogant drittsekk, så det er difor viktig at du har ei jordnær haldning til livet. Du må til dømes kunne bli med på DDE- eller Ole Ivars-konsert der du glir rett inn mens du gauler: "Her blir det liv!". Etter konserten kan vi godt sette oss ned for å diskutere Leo Tolstoj sitt forfattarskap, men det er viktig at du ikkje gjer narr av korkje det eine eller det andre. Du må også vere klar til å bli med meg som date på FrP sin valgcamp (og der opptrer ofte Ole Ivars). 

Han er ikkje ein belest arrogant drittsekk, men han er i stand til å tenkje. I svaret på kontaktannonsa skreiv han følgjande: "Eg kan eit triks eller to med ein bilmotor, eg kan nokre triks med ei datamaskin og eg kan prate med folk. Det er ikkje prat om noko medlemsskap i Mensa, men eg trur nok, utan å vere for frekk, at eg er relativt smart".

Observante lesarar vil sjølvsagt også sjå at han skriv nynorsk. Sidan eit av mine store krav er at du aldri, aldri må gjere narr av nynorsk, smeltar dette sjølvsagt hjartet mitt totalt. Kor finn du liksom ein fyr som kan både eit triks med ein bilmotor og som kan nynorsk? Eg har i alle fall berre møtt ein av dei.

PS: Eg har ikkje tenkt til å dra han med på DDE- eller Ole Ivars-konsert, men eg trur faktisk han ville vorte med meg som date på Frp sin Valgcamp. Eg er litt meir usikker på om han ville lese ei bok av Leo Tolstoj, men han syner stor interesse for Tor Jonsson.

2. Han har gode haldningar (til tross for at han ikkje er liberalist som meg)

Haldningar er likevel det viktigaste. Du må vere liberal i visse livssynsspørsmål, og eg kan ikkje under nokon som helst høve tolerere følgjande:

* Kjærleik til George Bush
* At du er tilhengjar av dødsstraff
* At du meiner homofile ikkje bør ha same rettar som heterofile
* Rasisme
* Motstand mot retten til sjølvbestemt abort
* Latterliggjering av nynorsk
* Latterliggjering av bygda (viss eg då ikkje sjølv er med på det)
* Kristenkonservative fordømmande gærningar


Han er heldigvis liberal som meg (sjølv om han påstår han er vinglete), og er ikkje i nærleiken av å vere rasist, prate stygt om homofile, vere for dødsstraff eller gjere narr av nynorsk eller bygda. Noko anna hadde vore umogleg å takle.

3. Han er praktisk anlagt. 

Du bør vere praktisk anlagt, slik at du kan fikse og ordne ting i huset. Du må også kunne fjerne edderkoppar. Det vil seie at du skal fjerne dei. IKKJE ta dei opp og skremme meg med dei. Mogleg du ser på det som flørting. Det er ondskap. Ikkje anna enn ondskap! 

Han påstår sjølv han er praktisk anlagt. Eg skal innrømme eg ikkje har fått testa ut dette sjølv, men eg stoler sjølvsagt blindt på han. Han har jobba som snekker, kan fikse og ordne ting og meiner sjølv han har peiling på bil. Eg skal få testa dette, men har dessverre til no brukt til på å teste praktiske dugleikar på andre område. Viss du på ein måte skjønner kva eg meiner.

Han er ikkje redd edderkoppar. Han fjernar dei. Skremmer meg ikkje med dei. Dette fekk eg testa ganske tidleg i forholdet.

Vi vurderer å skaffe oss sau og småbruk. Serr, altså. 

4. Han er defintivt glad i ein fest. 

Du må vere glad i ein fest. Du må kunne sitje saman med meg og pælme fleire flaskar vin mens vi gjer alt frå å prate tull om banale ting til å lese dikt av Tor Jonsson. For ikkje å gløyme klininga! 

Her har eg verkeleg "met my match". Han drikk til tider kanskje til og med meir enn meg (han meiner ikkje det sjølv). Vi drikk ofte i lag, men har faktisk hatt eit par alkoholfrie kveldar også. Det går fint, altså. Vi har det moro. Eg kunne aldri vore saman med ein avholdsfyr, og det har eg definitivt ikkje funne meg. Dessutan snusar han. Det tykkjer eg er sexy. Og det betyr sjølvsagt at han ikkje kan klage på røykinga mi. Og ja; vi kliner mykje! Utan snus. Sikkert med snus også.

5. Han har førarkort. 

Du må ha førarkort. Det kjem likevel ikkje på tale at du gjer narr av køyringa mi. Uansett. Du må heller ikkje seie eg er ein fantastisk dyktig sjåfør. Då veit eg du bløffar. 

Han har bil. Han kan litt om bil. Og han klagar ikkje på køyringa mi. Han påstår til og med at han trivst med å vere passasjer.

6. Han er fantastisk forelska i meg.

Du må vere fantastisk forelska i meg. Men ikkje så forelska at du blir som ein klegg. Du bør vere avslappa, og ikkje få panikk viss eg ikkje svarar på ein sms. Du bør ha ditt eige liv og gjere noko du brenn for. Eg har eit stort behov for armslag og åleinetid, og det er du nøydd til å respektere. Eg veit heller ikkje om eg nokon gong ønskjer meg ungar, og det må du ha forståing for (men du må gjerne prøve å overtale meg til det motsette). 

Påstår han i alle fall (og eg meiner sjølv det ser veldig slik ut). Han er heller ikkje som ein klegg, som også var kravet mitt. Problemet er at eg sjølv er blitt som ein klegg. I alle fall når vi er i saman. Eg trur avstanden mellom oss sjeldan er på meir enn fem cm - mesteparten av tida heng vi berre saman og eg får ikkje nok nærleik. Klegg er altså lett å takle når du sjølv er ein klegg.  Men han er avslappa då. Og får ikkje panikk viss eg ikkje svarar på ein sms. Det gjer nesten ikkje eg heller.

Eg trur heller ikkje vi bør få ungar. Det innser vi begge to.
Vi er to forelska kleggar begge to. Som gjerne legg ut klissete bilde av det på facebook. Fysj!

8. Han har sitt eige liv og gjer noko han brenn for. 

Du kan ikkje vere ein person som klagar over livet ditt, men du må gjere noko med det viss du ikkje er nøgd. 

Du må vere idealistisk. Spelar ingen rolle på kva for område, men det er viktig at eg beundrar deg for det du gjer, slik at ros og beundring frå meg kan vere ekte. 


Han er ein idealist som tør å satse. I mykje større grad enn  meg. Eg ser opp til han. Eg er stolt av han. Han kan mykje som eg ikkje har peiling på. Det er viktig. Ros og beundring frå meg er ekte. Det følast heilt naturleg å gje han mykje ros.

Han kan spele gitar og kan mykje om musikk. Det kan definitivt ikkje eg. Han har kjøpt gitar til meg og skal lære meg å spele gitar. Eg har sagt at han truleg aldri vil få oppleve vanskelegare elev. 

9. Han tek seg sjølv definitivt ikkje høgtideleg. 

Du må ha mykje humor og ikkje ta deg sjølv så høgtideleg. Du skal gje meg rett og beundre meg over alt på jord, men du må gje meg motstand. Eg treng å bli utfordra. Eg har lett for å vere lat - både mentalt og fysisk, og det er viktig at du klarar å utfordre meg på begge plan.

Han er også til tider i overkant frekk mot meg, men er det nokon som treng akkurat det, så er det vel nettopp meg. Eg treng å få att for mine ufine og frekke kommentarar. Eg får att med dobbel dose. Men sjølvsagt aldri på ein ondskapsfull måte.

Han jogger og trener forresten ikkje. Han er ikkje ein person som kler seg i treningstights og spurter opp trappene i Høyanger. Eg trur neppe han nokon gong blir med meg å springe halvmaraton heller.  Men han er tynn som ei flis, så eg må trene mykje slik at eg ikkje blir tjukkare enn han.

Det vanskelegaste kravet er kanskje dette: "Du skal gje meg rett og beundre meg over alt på jord, men du må gje meg motstand".

Eg skjønner ikkje korleis det er mogleg, men Trond klarar faktisk akkurat det. Ikkje be meg forklare korleis - det er berre slik!

10. Han er interessert i alt eg driv med

Du kan ikkje gjere narr av mine interesser eller jobb. Du må tru heilt og haldent på det eg driv med, og du må vere interessert i jobben min og hobbyane mine. Du må ha forståing for sære interesser som Grand Prix, countrymusikk og harry duppedittar. Du må ikkje dele interessene, men du må finne interessene mine interessante. 

Eg trur nok eigentleg han tykkjer eg er litt teit i blant, men han viser alltid interesse for det eg driv med. Han er i overkant interessert i min fortid som politikar - har sett gjennom alt av youtube-klipp og sikkert googla meg ørten gonger. Han er i overkant interessert i å diskutere politikk også, sjølv om eg er ganske lei av akkurat det. Eg mistenker han forresten for å ønskje at eg skal begynne med politikk att berre fordi han tykkjer det er så forbanna kult med hissige damer. Og nei; han stemmer nok ikkje Frp. Men ville sikkert gjort det om han kunne stemt på meg.

Han lyttar interessert når eg syt og klagar over norsk skuleverk. Han ser på meg med beundring når eg blir i overkant engasjert og fektar med armane og pratar med heile meg. Han smiler til meg støtt, og blir aldri lei av maset mitt.

No har vi berre vore i lag i to månader, men eg trur eg kan seie med handa på hjartet at eg aldri har møtt eit menneske som er så interessert i meg som person og som trur slik på meg. Eg trur faktisk han trur meir på meg enn eg til tider gjer sjølv.


Konklusjon:

Eg tok feil. Eg er i stand til å forelske meg skikkeleg. Det fanst ein mann der ute som passa perfekt til mine sære krav. Eg trur kanskje det er fordi han er noko sær sjølv. Og veldig snill.

Eg treng nok ein snill mann. Ein som sender meg blomar. Ein som lovar å lære meg å spele gitar. Ein som ringer meg og sender meldingar kvar einaste dag. Ein som får meg til å bli sukkersøt når eg eigentleg berre vil vere tøff og kynisk.

Og den kyniske Hanne Maren som alltid er i stand til å gjere narr av kjærleik og forelska par? Ho er nok der inne ein plass, men eg håpar ho tek ei pause som varar ei stund.









Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…