Gå til hovedinnhold

Kunstfag er kosefag


Det er ikkje lett å seie at du ønskjer fleire timar i musikk og kunst og handverk når du veit at du blir skulda for å prioritere kos framfor fag i skulen. Slik er dessverre den politiske debatten blitt; retorikk er blitt viktigare enn forsking.

Når du får slått Pisa-resultat opp i ansiktet og må vise handling er det lettare å argumentere for at vi treng meir matte i skulen framfor kunstfag. Dette høyrast jo logisk ut – meir matte gjev betre resultat i matte, eller kva?

Verkelegheita er dessverre ikkje så enkel, og eg meiner at vi verkeleg begynner å sjå konsekvensane av redusert timetal i kunstfaga våre; auka skilnadar mellom elevane og utmotiverte elevar som ikkje ser vitsen med skulen.

I den politiske retorikken fungerer det betre å seie at vi skal satse meir på rekning, lesing og skriving framfor musikk og kunst og handverk. Politikarane overbyr kvarandre i kven som vil satse mest på lesing og realfag, og kven som vil gje mest pengar til etter- og vidareutdanning i ”dei viktige kjernefaga”.  

Som lærar i engelsk og norsk burde eg kanskje vere glad for at mange pratar om ”mine fag”. Det eg ønskjer for elevane mine er likevel ikkje meir norsk. Eg ønskjer meir musikk og meir kunst og handverk.

I 1974 var omlag tjue prosent av tida i skulen brukt på kunstfag. I dag er timetalet om lag 12 prosent. Søkinga til slike fag går ned, skulane slit med å få tak i kompetente lærarar og det blir ikkje satsa på desse faga ved dei institusjonane som utdannar lærarar.  Skuleeigarar føler heller ikkje dei får rom til å satse nok på kunstfag i ei tid der testing og samanlikning er blitt mantraet.

Det er nok forsking som viser at land som satsar tungt på kunstfag i skulen også gjer det betre i det vi reknar som basisfag. Internasjonal forsking syner at om du har god opplæring i og gjennom kunstfag, vil dette også føre til elevar som har betre resultat i lesing, skriving og rekning. I tillegg blir elevane gladare, meir motiverte og får auka sjølvkjensle.

Eg skulle ønskje meg ein politikar som sa i valkampen: ”No gjer vi som Finland! Vi innfører drama i norsk skule. Og samtidig doblar vi timetalet i musikk”. Eg veit det ikkje er lett å bli møtt med argument frå motstandarar om at du ønskjer å prioritere kosefag framfor kjernefag. Men vi må aldri let den lettvinte argumentasjonen vinne mot det som er fornuft.

All fornuft syner at viss du bruker drama i skulen, får du meir sjølvsikre elevar som blir vant til å ta ordet i forsamlingar og som følar seg tryggare i lesing og i kommunikasjon.
Det er også nok av forsking som viser akkurat det same.

Gje oss fleire timar i kunstfag og sats på desse faga i lærarutdanningane. Eg er sikker på at dette på lang sikt vil auke kompetansen i andre fag, og også gjere resultata våre på Pisa-undersøkingane betre. Kunstfag er ikkje ”kosefag” – kunstfag er fag som er ekstremt viktige for elevane sin utvikling og for at elevane skal ha varierte meistringsarenaer.

Eg er dessverre redd for at vi heller ikkje dei neste fire åra vil sjå politikarar som tør satse skikkeleg på kunstfag.  

Ingen politikarar tør å gjere det – fordi dei er redde for følgjande argument i neste valkamp: ”Regjeringa auka timetalet i kosefag framfor skikkelege fag”.

Publisert i Nationen 23. august 2013

Kommentarer

  1. Til denne artikkelen burde det komme mange positive komentarer. Jeg synes i allefall dette er noe vi alle burde ta på alvor å prøve og få gjort noe med.

    SvarSlett
  2. Heilt samd med deg! Godt nokon tenkjer annleis, og tenkjer høgt!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…