Gå til hovedinnhold

Lærar under vidareutdanning

Eit av dei store mantra i valkampen og når politikarar diskuterer skulepolitikk, er at lærarane må bli betre. Dei treng desperat etter- og vidareutdanning, og politikarane overbyr kvarandre i kven som vil gje mest pengar til å gjere lærarane endå betre gjennom vidareutdanning.

Eg føler meg eigentleg som ein relativt dyktig lærar. Ikkje best i Noreg, men eg er under stadig utvikling. Eg starta som lærar for eitt år sidan, og læringskurva har vore bratt. Eg er no tryggare i rolla mi, men veit at eg har stort utviklingspotensiale. Eg er ikkje i nærleiken av å bli så god som eg kan bli.

Eg vart lærar gjennom å ta praktisk pedagogisk utdanning på deltid fordi eg hadde lyst til å lære meir om pedagogikk. Eg hadde eigentleg ingen plan om å bli lærar, men etter å ha jobba med skulepolitikk og skuleutvikling i seks år, fann eg ut at eg ikkje ville noko anna enn å bli lærar.

PPU-studiet var ein vits. Eg lærte omtrent ingenting nyttig eg kunne bruke i undervisinga. Eg lærte ingenting om skule-heim-samarbeid, klasseleiing eller elevsamtaler. Kanskje vi lærte om det på det teoretiske plan, men ingenting konkret som eg følte eg kunne bruke i klasserommet. Eg lærte nokre undervisingsmetodar då eg tok fagdidaktikk i samfunnsfag, og eg lærte mykje av dyktig rettleiar då eg var i praksis (takk til Sør-Aurdal ungdomsskule og praksislærar der).

Det er likevel det fyrste året som lærar eg har lært mest. Eg tok ikkje på meg lite heller. Eg har både vore kontaktlærar og har mellom anna undervist i norsk og engelsk (dei to store rettefaga, med fem karakterar til saman). Eg har eigentleg hatt meir enn nok med forarbeid, etterarbeid og undervising, og eg har lært meir av dette enn studium eg har tatt tidlegare.

Likevel fann eg ut at eg måtte begynne på vidareutdanning i haust. Eg hadde desperat behov for kompetansepåfyll. Eg trengte noko anna! Eg trengte litt impulsar utanfrå. Og i tillegg treng eg studiepoeng i engelsk for at eg kan fortsette å undervise i faget framover. Eg elskar å undervise i engelsk - til tross for at det var faget eg mislikte mest då eg sjølv gjekk på skulen.

Og akkurat det siste punktet er nok grunnen til at engelskfaget er det eg føler eg har lukkast best i som lærar, og der eg føler at elevane har hatt mest framgang. Det er faget eg har minst formell kompetanse i, men der eg føler eg gjennomfører den beste undervisinga. Det er også det faget eg tykkjer det er artigast å undervise i. Difor startar eg no på vidareutdanning. Eg ønskjer å bli rådgod som engelsklærar.

Når du sjølv sveitta deg gjennom engelsktimane på skulen. Var livredd for at læraren skulle spørje akkurat deg. Be deg lese høgt. Var redd for å gjere noko feil. Var så redd for å gjere feil at du ikkje turte prøve. Då lærar du svært lite. Engelsk var det verste faget mitt då eg sjølv gjekk på skulen, og om nokon skulle sagt til meg at eg skulle undervise i engelsk sjølv når eg vart stor, ville eg ikkje trudd dei.

Men det har skjedd noko i åra mellom. Eg er blitt tryggare på meg sjølv, og ikkje redd for å gjere feil. Eg har lese mykje engelske bøker. Eg har prata mykje for folk - både på norsk og engelsk. Og eg har, ikkje minst, studert eit halvt år i USA. Alt dette har gjort at eg er veldig komfortabel med å prate engelsk og at eg ikkje er redd for å dumme meg ut. Eg elskar å bable på engelsk, og eg gjer det kvar einaste engelsktime (noko anna skulle jo eigentleg berre mangle).

Eg er no på fyrste studiesamling på Voss. Eg tek vidareutdanning i engelsk. Kvar einaste månad må eg reise til Voss på ei todagarssamling, og innimellom der skal vi møtast på nettet for å lytte og prate. Fem obligatoriske arbeidskrav før jul, og to firetimars eksamenar. Alt dette skal eg klare i tillegg til å vere kontaktlærar og ha undervisingsansvar i fem fag. Eg jobbar i noko redusert stilling, men eg trur alle som har tatt vidareutdanning veit at det er krevjande og at det ikkje er berre-berre.

Eg er heldig. Eg har ein arbeidsgjevar som gjev meg støtte til samlingar og gjev meg gode permisjonsordningar. Dei ser nytten av lærarar med høgare kompetanse i faga dei underviser i. Eg tenkjer likevel at dette hadde ikkje gått om arbeidsgjevar ikkje hadde sagt ja til søknaden min om permisjon, ei heller om eg hadde hatt ungar. Det blir eit slit, men eg er sikker på at det er verdt det. 

Eg er veldig motivert for dette studiet, men eg var redd for at det skulle bli ei reprise av PPU-studiet. Eg såg for meg eit år med kjedelege førelesingar og kompetanse eg følte skulle vere litt relevant (det kan hende eg hadde sett på PPU-studiet som meir relevant viss eg faktisk hadde jobba som lærar då eg studerte).

Etter ein dag som engelskstudent i Voss (Høgskulen i Sogn og Fjordane som har studiet) må eg seie; dette var faktisk moro! I går lærte eg i alle fall tre konkrete metodar/opplegg eg kan bruke i undervisinga. Vi er komen i gang med lesing og analyse av litteratur (eg har ikkje analysert ein ting etter eg tok mellomfag i nordisk for over ti år sidan), og eg kjenner eg er supermotivert for å lese og lære meir. Betre utgangspunkt enn det kan eg ikkje ha!

Eg gler meg allereie til eg skal bruke kveldar og helger på å studere. Skrive oppgåver, få attendemeldingar, analysere romanar og noveller, lære meg grammatikk, lære meg didaktikk. Eg gler meg til og med til eksamen! Eg elskar jo eigentleg å vere student og kunne glatt ha vore student heile livet! Det er så godt å kunne bruke hjernen på slike ting att - utfordre meg sjølv mentalt - på ein litt annan måte enn det eg til vanleg gjer i skulekvardagen. 

Er vidareutdanning det viktigaste for at eg skal gjere ein betre jobb som lærar? Neppe.

Dette er viktig for meg, og noko eg kjem til å ha nytte av. Men viktigare hadde nok vore meir tid til pedagogisk utviklingsarbeid, deling av metodikk mellom lærarane, tid til å observere andre og bli observert sjølv og ikkje minst oppfølging av kvar enkelt elev. Ei elevsamtale i halvåret er sjølvsagt alt for lite - eg burde hatt samtaler med kvar enkelt elev kvar einaste veke - for å gje attendemelding på lesing og skriving. Prate om akkurat kva eleven må gjere for å nå kompetansemåla. Det hadde vore nyttig, og noko eg absolutt skulle ønskje eg hadde hatt tid til. 

Eg skal gjere det eg kan for at ikkje mi vidareutdanning skal gå ut over elevane mine. Eg er førebudd på å bruke meir fritid for at eg skal få til akkurat dette - og som motivert student veit at eg må bruke mykje ekstra tid på jobb og studier dette året. 


MEN - til dykk som har som mantra at lærarane MÅ ha meir vidareutdanning og som har fått det for dykk at dette skal redde norsk skule. Hugs at dette vil ta mykje tid frå det vi lærarar likar aller best; samhandling med elevane våre! 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…