Gå til hovedinnhold

Lærarferien er altfor kort!

Etter å ha gjennomført min fyrste lærarferie har eg berre ein ting å seie; lærarferien er altfor kort!

I går og i dag har vi gjennomført dei to fyrste planleggingsdagane ved Høyanger skule. Har du lyst til å vrenge hjernen din og bli fullstendig utslite; prøv å sette saman ein timeplan for ei klasse på ungdomstrinnet. 

I natt låg eg vaken og tenkte på timeplanen. Eg tenkte på korleis eg skulle få kabalene til å gå opp. Eg tenkte på gruppeinndelingar, klasseromsplassering, halvårsplanar og undervisingsopplegg. Eg tenkte også; korleis i alle dagar skal eg få alt klart til elevane kjem på måndag?

Då eg tok ferie i juni tenkte eg at det var ingen som fortente denne ferien meir enn meg, og alle andre hardtarbeidande lærarar (det er mange av dei). Eg tenkte at eg hadde ein lang sommarferie framfor meg der eg skulle lese meg opp på ny metodikk, gjere ferdig langtidsplanlegginga i faga og elles ha alt under kontroll til planleggingsdagane starta 13. august. 

Vel..det vart ikkje akkurat slik. Det tok to veker før eg skjønte at eg faktisk hadde ferie og var i stand til å slappe av. Så vart eg hovudstups forelska, og vips så hadde sommaren gått. Eg hadde ikkje fått lese meg opp ein einaste ny metode. 

I går fekk eg verkelegheiten mitt i fleisen då vi starta på å planlegge timeplanen. På slutten av dagen var eg så sliten og lite konstruktiv at eg hadde lyst til å brøle til alle som såg på meg. Eg kom heim, og det einaste eg var i stand til var å ligge rett ut på sofaen for så å prate med kjærasten på telefon i tre timar. 

I dag ser eg heldigvis litt lysare på livet. Eg begynner å glede meg til elevane kjem. Timeplanen begynner å sjå ganske fornuftig ut. Vi hadde ein bra dag med tema "vurdering for læring" i dag og i morgon skal vi lære meir om klasseleiing. På fredag er det siste finpuss av timeplan, klargjering av klasserom og planlegging av fyrste skuleveka. Det er mykje som skal vere klart til måndag, men eg tenkjer no at eg skal sleppe å bruke helga på det og skal klare å bli ferdig på fredag.

Det tenkte eg ikkje då eg starta som fersk lærar på Høyanger skule i fjor. Då var eg heilt øydelagt etter planleggingsdagane og skjønte ikkje korleis i alle dagar dette skulle gå. No har eg eitt år meir erfaring og er litt tryggare i rolla mi. Eg kjenner elevane mine og veit slik omtrent kva som ventar meg på måndag. Det visste eg ikkje for eitt år sidan. 

Eg tenkjer likevel no, som for eitt år sidan, at det er for lite tid til planlegging. I ein travel skulekvardag er det det pedagogiske utviklingsarbeidet som må lide. Diskusjonar på teamet, diskusjonar innanfor fagseksjonar og deling av gode undervisingsopplegg og metodikk. Dessverre blir det altfor lite tid til slikt i skulen, og eg føler i blant at vi hadde hatt behov for dobbelt så mange planleggingsdagar som vi faktisk har. 

Lærarferien er ikkje for lang. Det er min hovudkonklusjon etter å ha gjennomført mitt fyrste år som lærar og min fyrste lærarferie. Fy søren som vi treng den ferien. Som eg trengte den ferien! Og for de som framleis trur vi jobbar vanleg arbeidsveke; vi gjer ikkje det. Lang sommarferie er for å kompensere for at vi har lengre arbeidsdagar og ei arbeidsveke på 43 timar. Arbeidsåret vårt er komprimert. 

Om eg tykkjer det er moro å starte på att no? Sjølvsagt tykkjer eg det. Eg kunne ikkje tenkje meg annan jobb. Eg har fantastiske kollegaer og er ekstremt glad i jobben min. Eg gler meg til å treffe elevane og kome i gang på måndag. 

Syter eg og klagar over jobben min? Veldig sjeldan. Kjem eg til å bli irritert neste gong du hintar om at lærarane har for lang ferie og at vi er nokre latsabbar? Ja, det gjer eg!

Og viss du trur lærarane har så ekstremt gode arbeidshøve; vi treng mange lærarar i framtida, så du er velkomen til å utdanne deg som lærar! Eg kan love deg ein dynamisk og spanande jobb med mange utviklingsmoglegheitar. Ferien derimot - den er ikkje så lang som du gjerne trur før du sjølv blir lærar. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…