Gå til hovedinnhold

Vil de ha betre lærarar? Gje oss moglegheit til å forelske oss litt oftare!

Etter ein sommar der eg har vore hovdstups forelska og stort sett ikkje gjort anna enn å kysse, drikke vin og late meg, har eg no verkeleg fått verkelegheita mitt i fleisen. Ikkje på ein dårleg måte, men på ein litt rar måte.

Skuleåret er no nesten to veker gamalt, og eg er sakte, men sikkert i ferd med å finne tilbake til gamle rutiner. Livet eg levde i sommar er langt vekke, og eg har skjønt at eg må slutte å sveve på rosa skyer. Det er vurderingar, rettebunker, studier, elevsamtaler, vekeplanar og undervisingsplanlegging som no kjem til å prege livet mitt framover (kjærasten min bur forresten laaaangt vekke).

Eg elskar det livet! Det er lærar eg ønskjer å vere. Eg får energi av jobben, og eg føler at det eg gjer er meiningsfullt (eg veit at elevane mine ikkje alltid føler det slik, men dei skal i alle fall vite dei har ein lærar som verkeleg ønskjer å gjere ein god jobb for deira skuld).

Dei siste dagane har eg følt meg full av energi både når eg har gått på jobb og når eg har gått heim frå jobb. Javisst går dagane i eitt og som lærar er det heilt normalt å føle dagleg at du ikkje strekk til, ikkje får prata nok med kollegaer eller elevar og at du ikkje får langtidsplanlagt i så stor grad som du ønskjer.

Å vere lærar er eigentleg synonymt med å ha dårleg samvit. Dårleg samvit over at undervisingsopplegga ikkje er gode nok, at du kunne førebudd deg endå litt betre og at du ikkje får samarbeida godt nok med dei du jobbar i lag med.

Det får så vere. Viktigare enn alt dette er nok at folk merkar at du trivst med jobben din og at du faktisk bryr deg om elevane dine. Den delen av jobben føler eg stort sett går veldig bra, sjølv om lærarar også har dårlege dagar.

Eg har merka desse siste dagane at lunta er litt lengre. Eg er litt blidare. Eg har litt meir tolmod. Eg er litt meir strukturert (sjølv om eg gløymer ting heile tida). Eg føler meg rett og slett som eit litt betre menneske og ein litt betre lærar enn då eg tok ferie i juni (for ikkje å prate om då eg starta i jobben i august i fjor).

Det kan vere at eg no har eitt år som lærar bak meg og at eg har litt meir erfaring. Det kan vere at eg tek vidareutdanning dette året og at eg trivst med det. Det kan vere at elevane er snillare og meir vaksne i år.

Det kan også ha noko å gjere med at eg er hovudstups forelska.

Eg er vel ikkje akkurat ei lysfontene. Ei heller vil eg påstå eg gløder. Men eg trur eg smiler littegrann meir enn før. Eg trur eg er litt roligare. Eg trur det skal meir til for å få meg sint.

Eg trur rett og slett at eg er blitt ein betre lærar av å bli forelska.

Meg sjølv i sommar i full harmoni og balanse. Natur, mann og dyr. Slikt blir ein jo berre eit betre menneske av - og ein betre lærar. 

Det kan kanskje vere ein idè. I staden for å bruke mykje pengar på vidareutdanning av lærarar, kan de heller nytte pengane på å gje oss litt meir ferie, slik at vi kan forelske oss litt oftare.

(Ps: Eg har ikkje tenkt å forelske meg på nytt - eg har tenkt til at denne forelskinga skal vare ei stund, og til det kunne eg trenge litt meir ferie)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…