Gå til hovedinnhold

Er vidareutdanning det norske lærarar treng?

Eg tipper eit av dei konkrete punkta som blir med i regjeringsplattformen til ei framtidig borgerleg regjering, blir noko ala:

"Vi skal sørge for eit skikkeleg kompetanseløft for lærarane, og sikre at alle får tilbod om etter- og vidareutdanning".

Eg er lærar. Eg har seks års universitetsutdanning og eit år med PPU frå høgskule. Eg har 90 studiepoeng i nordisk og eg har 300 studiepoeng i geografi. Eg skal ikkje fortelje deg kor mykje eg har i studiegjeld, men forholdet mitt til Lånekassa kjem til å vare i mange år framover.

Eg har jobba som lærar i eitt år. Eg skal innrømme eg mange gonger det fyrste året har tenkt at det er mykje eg ikkje har kompetanse på. Eg skulle ønskje eg kunne meir om klasseleiing, samarbeid med heimen, konflikthandtering, elevsamtaler og vurdering. Ikkje minst skulle eg absolutt ønskje eg hadde eit større reportoar av undervisingsmetode eg kunne nytte i undervisinga. Det er kva eg har følt størst behov for dette fyrste året som lærar.

Har eg lært noko om desse områda det fyrste året som lærar? JA

Har eg lært meir av erfaring som lærar dette året enn eg gjorde dei to åra som student på PPU? JA!

Kva lærte eg mest av? Praksis eller utdanning? Definitivt praksis og erfaring.

Kva kunne gjort meg til ein betre lærar? Eg skal svare akkurat det same som eg veit ei mengde andre lærarar i Noreg gjer: Eg treng meir tid. Eg treng tid til å følgje opp kvar enkelt elev. Tid til fagsamataler, tid til å gje kvar enkelt elev munnlege attendemeldingar på det dei gjer. Tid og rom til å vise at eg verkeleg bryr meg om elevane, og tid og rom til at vi i samen skal finne ut av kva eleven må gjere for å nå eit høgare kompetansenivå.

Eg treng tid til å lese meg opp på undervisingsmetoder. Eg treng rom for å prøve ut nye metoder. Eg treng tid til å dele opplegg og metoder med kollegaene mine.

Kva brukar eg tida mi på? Skrive planar, skrive vurderingar, førebu utviklingssamtaler, vurderingsarbeid, førebuingar til timane, etterarbeid, konflikthandtering, prate med elevar om ting som har skjedd, vere litt psykolog, vere litt omsorgsperson, rydde, ta ut søppel, passe på at elevane får i seg mat og frukt, irritere meg over ikt-utstyr og kopiere til den store gullmedaljen fordi vi dessverre ikkje kan skryte av å ligge i Noregstoppen når det gjeld pc-dekning.

Og no brukar eg altså også tid på vidareutdanning. I engelsk. Er det vidareutdanning eg treng mest som lærar? Nei. Eg har ganske mange andre ting på ønskjelista som kjem over vidareutdanning.

Kvifor tek eg vidareutdanning? Fordi eg ønskjer å undervise i engelsk og eg ønskjer å bli flinkare i engelsk. Eg forstår sjølvsagt at eg treng formell utdanning i faget for at eg skal undervise i det. Skulle berre mangle.

Dessutan er det gode vilkår for vidareutdanning. Meiner eg. Eg jobbar i redusert stilling og får dekka alt av utgifter (sjølv om eg må bruke fritid på studia). Ordningane som er no er gode nok (spleiselag mellom stat, skuleeigar og meg som tilsett), om skuleeigar prioriterer å gje dei tilsette moglegheit til å ta vidareutdanning. Eg har heldigvis ein arbeidsgjevar som har gjeve meg moglegheiten til det. Det sett eg pris på.

Men kva for konsekvensar får dette for elevane mine og for jobben min?

Eg er 30 % mindre i lag med elevane mine i år enn i fjor (kan hende dei forresten sett pris på det). Det vil seie mindre tid til oppfølging av elevane eg er kontaktlærar for.

Eg lærer meg mange nye metoder som forhåpentligvis gjer undervisinga meir spanande og kan føre til meir motiverte elevar.

For det konkrete er faktisk det eg sett mest pris på som lærar under vidareutdanning. Heldigvis er det mange konkrete opplegg vi får servert og learning by doing. I går lærte eg i alle fall tre konkrete ting eg kan ta med meg rett inn i undervisinga. I tillegg blir det knytt opp mot teori, noko som er greitt å ha med seg.

Eg må bruke hjernen meir. Ikkje det at du blir dum av å vere lærar, men eg har ikkje gått ned i djubda på ting sidan eg skreiv masteroppgåve (sjølv om rettleiaren min meinte fyrste utkast var som å lese ei stortingsmelding - DET var ikkje eit kompliment). No må eg analysere litteratur. Som i går når vi analyserte Mice and Men. Før eksamen må eg lese tre bøker til. Og forsøke å gå i djupbda på dei.

Alt i alt ser eg at eg treng vidareutdanning, og eg er glad for moglegheiten til å lære meg eit nytt fag. Eg har også tusen andre ting eg ønskjer å lære meg meir om.

Kjære framtidig regjering: 

1. Å mase om at lærarar treng vidareutdanning gjev eit uheldig signal om at lærarane ikkje er kompetente nok. Mine kollegaer er dyktige nok i massevis, og dei aller fleste har minst fire års utdanning. Mange av oss har mykje meir. Det er ikkje fyrst og fremst studiepoeng vi treng meir av.
2. Lærarane skal i dag oppfylle ein haug av målsettingar - mange av dei går på tvers av kvarandre. Stadig kjem det nye ting lærarane skal gjere, og dette skal vi klare innanfor same rammene som tidlegare. Dette skaper frustrasjon.
3. Dokumentasjonspresset er mykje større enn tidlegare. Vi skal dokumentere det meste, og dette gjev mindre tid til andre ting.
4. Arbeidsbyrda på kontaktlærarar er stor - utan at det blir kompensert nok for det i redusert undervisingstid eller løn. Dette gjer at folk helst vil sleppe unna å vere kontaktlærar. Det burde vere kamp om å bli kontaktlærar - ikkje noko folk helst vil sleppe unna.
5. Vurdering for læring er blitt den store greia. Vi har ei svær ny vurderingsforskrift som sett krav om at vi skal bruke meir tid på undervegsvurdering - vi veit at det er munnlege attendemeldingar direkte til kvar enkelt elev som fungerer. Dette har vi ikkje sjans til å få tid til når tida vi skal undervise ikkje blir redusert.

Dette er ting det må bli gjort noko med, og her kan vi starte. Det einaste som kan bli sagt om læraryrket er ikkje at lærarane treng meir etter- og vidareutdanning. Det senker statusen til yrkesgruppa og gjev folk inntrykk av at lærarane har ikkje kompetanse nok.

Eg finn meg ikkje i ei haldning frå samfunnet om at det eg treng mest av for å bli ein betre lærar, er fleire studiepoeng. Eg har 430 av dei, og det er ikkje fyrst og fremst fleire studiepoeng som vil gjere meg til ein betre lærar.

Javisst ønskjer og treng også lærarane meir kompetanse, men det treng jammen med alle andre yrkesgrupper i samfunnet også.

Kommentarer

  1. Som pensjonert lærar skjønar eg godt den situasjonen du er i.Om du er tidlegare Frp-sympatisør, og eg føler meg på venstresida, så vil eg gi nokre synspunkt. Mange politikarar har i løpet av valgkampen snakka seg gul og blå om behovet for eit "lærarløft". Kvifor har ikkje norske styresmakter i løpet av dei siste 40 åra - som arbeidsgjevar- gjeve lærarane eit nødvendig "løft"? Kvifor kjem politikarane med dette løftpratet no i 2013? Dei har jo hatt mange år på seg til å løfte lærarane kunnskap og kompetanse, men viljen har ikkje vore til stades. Alle andre arbeidsgjevarar gjev sine tilsette den kompetansen som er nødvendig i stillinga, trur eg. Dersom NAV treng å oppdatere sine tilsette, så stenger dei kontoret i ein eller fleire dagar for å kunne gi sine tilsette nødvendig kompetanse. Men skuleelevane kan ikkje møte ei stengt dør. Difor forventar lærarane sin arbeidsgjevar seg, at lærarane skal halde seg fagleg oppdatert på eige initiativ. Dei skal lese faglitteratur på fritida. For mange kan dette bli vanskeleg, alt etter kva for familiesituasjon du er i. Det hadde vore langt betre om lærarane hadde fått si faglege oppdatering som ledd i eit arbeidsgivar-initiert opplegg for nødvendig oppdatering. Sjølv om læraryrket er kanskje landets mest viktige, vil eg tilrå deg med dine studiepoeng å sjå deg om etter anna yrke. Læraren har mistillit hos styresmaktene, sjå berre på alle krav om dokumentasjon og krav om "akseptabelt" prøveresultat. Det som læraren foretek seg i klasserommet bør vere eit resultat av pedagogisk vurdering og god planlegging av den enkelte lærar. Såpass tillit bør den norske læraren ha. Men slik er det ikkje no.

    SvarSlett
  2. Som pensjonert lærar skjønar eg godt den situasjonen du er i.Om du er tidlegare Frp-sympatisør, og eg føler meg på venstresida, så vil eg gi nokre synspunkt. Mange politikarar har i løpet av valgkampen snakka seg gul og blå om behovet for eit "lærarløft". Kvifor har ikkje norske styresmakter i løpet av dei siste 40 åra - som arbeidsgjevar- gjeve lærarane eit nødvendig "løft"? Kvifor kjem politikarane med dette løftpratet no i 2013? Dei har jo hatt mange år på seg til å løfte lærarane kunnskap og kompetanse, men viljen har ikkje vore til stades. Alle andre arbeidsgjevarar gjev sine tilsette den kompetansen som er nødvendig i stillinga, trur eg. Dersom NAV treng å oppdatere sine tilsette, så stenger dei kontoret i ein eller fleire dagar for å kunne gi sine tilsette nødvendig kompetanse. Men skuleelevane kan ikkje møte ei stengt dør. Difor forventar lærarane sin arbeidsgjevar seg, at lærarane skal halde seg fagleg oppdatert på eige initiativ. Dei skal lese faglitteratur på fritida. For mange kan dette bli vanskeleg, alt etter kva for familiesituasjon du er i. Det hadde vore langt betre om lærarane hadde fått si faglege oppdatering som ledd i eit arbeidsgivar-initiert opplegg for nødvendig oppdatering. Sjølv om læraryrket er kanskje landets mest viktige, vil eg tilrå deg med dine studiepoeng å sjå deg om etter anna yrke. Læraren har mistillit hos styresmaktene, sjå berre på alle krav om dokumentasjon og krav om "akseptabelt" prøveresultat. Det som læraren foretek seg i klasserommet bør vere eit resultat av pedagogisk vurdering og god planlegging av den enkelte lærar. Såpass tillit bør den norske læraren ha. Men slik er det ikkje no.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg syns det er forferdelig trist at du som pensjonert lærer ber en motivert, kompetent og reflektert lærer om å finne seg noe annet å gjøre. Da blir jeg sjeleglad for at du er pensjonist og ikke en av mine kolleger...

      Slett
    2. Jeg syns det er ufattelig trist å lese at du som pensjonert lærer ber en motivert, kompetent og reflektert lærer om å finne seg et annet yrke.. Da blir jeg sjeleglad for at du er pensjonist og ikke en av mine kolleger.

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…