Ved førre stortingsval var eg på Raufoss på Oppland Framstegsparti si valvake. Eg var 2. kandidat på Oppland Framstegsparti si liste. Eg hadde vore inne på dei aller fleste meiningsmålingane dei siste månadene. Kampen stod mellom meg og AP sin 4. kandidat Stine Renate Håheim. Det var det målingane synte.
Omlag ei veke før valet begynte ting å snu. Høgre fekk ein oppsving og begynte å puste oss i nakken.
GD sin måling viste no at eg ikkje lenger låg an til å kome inn på Stortinget.
Valdagen for fire år sidan var ein grusom dag for meg. Men samtidig var det ein dag og natt prega av håp og endring av framtidsplanane mine.
Kvelden starta hjå NRK på Lillehammer. Eg og Stine Renate var både med på riksdekkande radio og vart intervjua av NRK Hedmark/Oppland.
Seinare bar det til Raufoss for valvake. Då valdagsmålinga kom skjønte eg vel eigentleg at alt håp var ute. Og då resultata frå kommunane i Oppland begynte å strøyme inn skjønte eg at eg måtte finne meg noko anna å gjere enn politikk. Klokka 2120 låg vi inne med eit utjamningsmandat, men det var det næraste vi kom i løpet av den kvelden.
Journalistar rundt meg. Journalistar som både i løpet av kvelden og morgonen etter skulle høyre korleis eg hadde det. Eg var ærleg. Sa eg følte meg som eg var blitt tygd på og spytta ut att. Følte meg heilt tom. Eg sa at eg tok det som eit teikn på at eg skulle finne på noko anna enn politikk. Eg hadde alt anna enn lyst til å gå attende og jobbe som rådgjevar på Stortinget. Ei veke etter valet søkte eg meg jobb i Vågå. To månader seinare sa eg opp jobben min på Stortinget. I januar 2010 flytta eg til Vågå.
Stine Renate kom heller ikkje inn, men vart stortingsrepresentant då Rigmor Aasrud vart statsråd litt seinare. Stine Renate og eg er forresten blitt veldig gode vener i etterkant av valet, og i lag med toppkandidaten til KrF i Oppland, Hilde Ekeberg, er vi blitt eit tverrpolitisk trekløver som har mykje moro i lag. Syner at ofte blir dei beste venskapa i politikken danna på tvers av partigrenser.
Nedtur for Valdres-jentene
I år er det valvake med elefantar - kvite elefantar
Etter dette valet her vil eg offisielt vere utan verv i politikken. Eg er snart ikkje lenger 1.vara til Stortinget. Einaste eg har engasjert meg i dag var å stemme på Framstegspartiet her i Høyanger. No føler eg med på valvakene og på resultata som snart skal tikke inn.
Eg kjenner det kriblar. Eg kjenner eg skulle ønskje eg var på valvake i Oslo. I lag med kandidatar. I lag med vener. I lag med tidlegare kollegaer. I lag med menneske eg er så glad i. Eg saknar spenninga og nerven på slike valvaker.
I staden sitt eg no heime i stova mi i Høyanger. Må vere klar til undervising i morgon tidleg. Og eg må levere eit essay på It's learning innan klokka 2359. Eg analyserer omgjevnadene i novella "Hills like white elephants", og skriv mi fyrste engelskoppgåve på studiet eg nettopp har starta på.
Vidareutdanning eg tek slik at eg forhåpentligvis blir ein litt betre lærar. For det er lærar eg ønskjer å vere no - ikkje politikar.
Så valvaka denne gongen er i lag med kvite elefantar.
Mange vil kanskje påstå at valvaka mi for fire år sidan også var i lag med kvite elefantar.
Ein kvit elefant blir brukt som eit uttrykk for noko som er kostbart, men ikkje til veldig stor nytte.
Nokon vil kanskje påstå at valkampen eg køyrte i 2009 var kostbar og til ingen nytte - og at ein stortingsplass eigentleg kostar meir enn det du får ut av det du kan utrette der inne - i alle fall som opposisjonspolitikar.
Eg føler i alle fall at eg påverkar livet til fleire menneske no enn eg truleg ville gjort som opposisjonspolitikar på Stortinget. No er det ingen kvite elefantar i livet mitt lenger.

Kommentarer
Legg inn en kommentar