Gå til hovedinnhold

Frå lærar til statssekretær

På tysdag var eg lærar. Klokka 1300 avslutta eg min siste undervisingstime i engelsk. Under eitt døgn etterpå vart eg i statsråd utnemnd som statssekretær i Landbruks- og matdepartementet.

Og det skulle vere hemmeleg. Det var så hemmeleg at eg lenge trudde at det ikkje kom til å skje. Eg var heilt overtydd om at det kom til å dukke opp eit eller anna slik at eg ikkje kom til å bli statssekretær. Då pressa begynte å ringe meg omtrent klokka 1030 på onsdag (det var ikkje offentleg før klokka 12), begynte eg å tru at det kom til å skje. Då eg stod og såg på at regjeringa kom ut på slottsplassen tenkte eg: "Dette er absurd".

Litt seinare på dagen vandra eg inn i Landbruks- og matdepartementet. Framleis eigentleg i sjokk. Vesle meg skal  bli politisk leiing i eit departement. Eg frøys. Eg hadde vonde føter (ikkje vandre rundt i Oslo hit og dit på skyhøge heler). Eg følte meg åleine. Eg vart teke i mot i Landbruks- og matdepertamentet. Vart synt kontoret mitt. Eg som før hadde delt kontor med to andre lærarar, skulle no få eit kontor som var minst tre gonger så stort heilt åleine.
Blomar venta meg på kontoret.  

Kontoret mitt. Har allereie klart å lage rot. 

Som lærar har vi ofte sagt: "Eg hadde trengt ein eigen sekretær". Veit du; no har eg min eigen sekretær! Det også følast merkeleg.

Eg begynte snart å skjønne at eg faktisk treng ein eigen sekretær. Eg har aldri følt meg meir populær i heile mitt liv som desse tre siste dagane. På kort tid hadde eg fleire hundre nye følgjarar på twitter. Telefonen stod ikkje stille. Meldingane strøyma på. Eg hadde ikkje sjans til å svare på alt. Eg som alltid har vore ein person som svarar på det eg får av telefonar og meldingar begynte no å skjøne at eg ikkje kjem til å rekke over ein tidel framover. Det er ei merkeleg kjensle.

Absurd at eg no er statssekretær, og ikkje lærar. 

Fyrste dagen var berre absurd og merkeleg. Eg skjønte ikkje heilt kva som hadde skjedd. Eg budde på hotell og klarte å sove heile to timar. Tidleg på jobb dagen etterpå. Litt seinare får eg leilighet. Der eg altså skal bu. Klokka 20:00 står eg utanfor departementet med hendene fulle av dyne, pute, handklede og sengetøy. Prøver å få tak i drosje, men ingen svarar. Plutseleg køyrer ein statssekretærkollega forbi meg og tilbyr meg skyss. Då blir eg glad.

Kjem heim i heilt tom leilighet. Føler meg einsam. Har ikkje mat, har ikkje ting og føler meg eigentleg ikkje heilt heime. Kjøper ferdigpizza (hallo? To dagar i matdepartementet og eg begynner å ete dårleg mat). Ringer kjærasten og sutrar. Sovnar tidleg og søv som ein stein fram til klokka seks. Oppdagar at eg manglar shampoo og såpe.

Kjem meg på jobb, og begynner så smått å føle at eg kan høyre heime der. At eg faktisk kan klare å utgjere ein forskjell framover. Og at viss vi er smarte kan vi faktisk få gjennomført mykje bra politikk!

Plutseleg begynner Dagbladet også å bry seg om kva eg gjer på sosiale medium.

Til alle som sender meldingar, epostar og ringer: vi har fått utruleg mange førespurnader om møte og om å kome på besøk. Vi kjem ikkje til å klare alt, men vi har eit mål om at vi skal byggje oss opp kunnskap om moglegheiter og utfordringar innanfor landbruket i heile landet. Vi kjem til å bruke mykje tid på å reise rundt. Men vi kjem ikkje til å klare alt.

Får de ikkje svar med ein gong, så håper eg de forstår det. Det er mykje som skal på plass no dei fyrste dagane.

Eg veit at eg har mykje å lære om det feltet eg skal jobbe innanfor. Eg ber om forståing på at eg må bruke tid på å omstille meg frå å vere lærar til å vere statssekretær. Eg må også bruke tid på å finne rolla mi. Ikkje minst må eg også bruke tid på å søkje kunnskap og forstå feltet eg skal jobbe med. Det er eit komplekst system og mykje som skal lærast. Ein ting skal de likevel vere sikker på; eg har eit stort engasjement for landbruks- og matpolitikk, og tek jobben min på største alvor!

Til alle elevar og kollegaer i Høyanger eg ikkje fekk sagt hade til; eg saknar dykk! Eg håper eg snart kjem attende for å rydde unna ting og for berre å prate med dykk. Då skal vi prate mest mogleg om korleis det går med dykk! Ikkje kor stort kontoret mitt er. :)

Rosande ord frå mine fantastiske elevar som eg saknar mykje!

Til familien min: Eg veit at de ikkje heilt forstår kva dette inneber, og at det er rart at plutseleg vesle Hanne Maren skal vere så mektig. Eg skal framleis vere den same, og eg veit at dei fleste bryr dykk minimalt om at plutseleg har fått moglegheit til å påverke mykje innanfor landbrukspolitikken.

Til du som er viktigast for meg av alle, Trond:  Dette vart ikkje heilt som vi hadde trudd. Eg hadde sett for meg ei roleg framtid i Valdres i lag med deg, der vi kvar einaste ettermiddag skulle sitte nært inntil kvarandre og berre ha det moro. Eg er utruleg glad i deg, og eg er full av beundring ovanfor korleis du har takla dette. Det er ikkje berre lett å ha ein kjærast som går frå å vere lærar til å bli statssekretær. Eg ser fram til å kome til deg i Valdres i kveld, og at vi skal i lag i barnedåp til nevøen din i morgon. Eg har eit stort ønskje om å skape ein heim i lag med deg i Valdres, anten det blir på eit småbruk eller ikkje. :)


Kommentarer

  1. Bra blogg som vanleg Hanne Maren :) Kos deg i Valdres !

    SvarSlett
  2. Jeg synes ikke denne Trond er noe for deg. Se og kjenn på hva hovedstaden har å by på.

    SvarSlett
  3. Enig med siste taler. Du fortjener bedre enn Trond, Hanne Maren!!

    SvarSlett
  4. Gratulerer!!
    Jeg kom over bloggen din da jeg lette etter info om veganisme. Er du fortsatt veganer? Fant ikke noen innlegg om dette etter februar.
    Takk!

    SvarSlett
  5. Jeg kjenner ikke deg eller de anonyme som kommenterer. Men synest det er utrolig frekt gjort å skrive at du fortjener en bedre kjæreste!!!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…