Gå til hovedinnhold

Ny regjering - meir makt til innbyggjarane


Vi får snart ny regjering i Noreg. For meg, som var aktiv Framstegspartipolitikar frå 2001 til mai i år, er dette ei historisk hending. Sjølv om eg sjølvsagt skal innrømme at det er litt rart å sjå alt frå sidelina når det endeleg skjer. Eg følgjer likevel med i spenning, og eg frydar meg over at det no ser ut til at det skal skje endringar i Noreg. Som liberalist håper eg at vi dei neste fire åra skal gå nokre steg i retning av at det offentlege skal styre mindre, og dei private skal få styre meir. 

I går kom regjeringserklæringa. Regjeringserklæringa er ambisiøs, men lovande for oss som trur på mindre offentleg styring og meir fridom til enkeltmenneska. 

Mykje av innhaldet i regjeringserklæringa er sjølvsagt blitt latterleggjort av politiske motstandarar og kommentarar. Når Siv og Erna kunngjer at dei skal fjerne forbod mot Segway, at dei skal gjere det lettare for kommunane å gje løyve til skuterkøyring, at det skal bli mogleg å handle på polet nyttårsaftan og at dei ønskjer å gje løyve til proffboksing i Noreg, då kjem dei hånlege kommentarane. "No ventar vi berre på at forbodet mot lakrispiper skal bli oppheva" og "Det er bra den nye regjeringa er opptekne av dei viktige sakane i samfunnet". Lettare ironisk og harselerande, sjølvsagt. 

Eg tykkjer å oppheve ei rekkje forbod er viktige saker. Viktig fordi det seier noko om kva for politikk som har styrt landet tidlegare. Faktisk var forbodsline og formyndarstat grunnen til at eg tok valet og meldte meg inn i Fremskrittspartiets Ungdom (FpU) som 17-åring. 

For meg handlar oppheving av tullete forbod om at vi ønskjer å gje enkeltmenneska større fridom til å styre eigne liv. Det handlar om at politikarar ikkje skal legge seg opp i alt mogleg rart, og det handlar om tillit til at folk klarar å ta rasjonelle avgjerder på vegne av seg sjølv. Det tullete er jo ikkje oppheving av desse forboda, men at det faktisk har vore forbod mot slike ting tidlegare. Det må difor vere mogleg å oppheve forbod utan å bli latterleggjort for det. 

Dei områda i regjeringserklæringa eg er mest nøgd med, er innanfor den økonomiske politikken, og eg har store forventingar til skatte- og avgiftspolitikken. Den økonomiske politikken er jo hovudgrunnen til at eg er på høgresida i  norsk politikk og ikkje venstresida. Eg trur det er enkeltmenneske som er best i stand til å ta vare på eigne pengar. Eg trur enkeltmennesket klarar å ta meir rasjonelle avgjerder om korleis pengane skal brukast enn det politikarane klarar å gjere. Difor er eg glad for lovnad om å senke skatten for lønsmottakarar, nedtrapping av formueskatten og fjerning av arveavgifta. 

Det er tullete at du ikkje kan handle varer på utlandet utan at du blir pålagt å betale toll viss bestillinga er over 200 kroner. Vi lev i 2013 og folk handlar både klede, mat og bøker frå utlandet. Den nye regjeringa lover at grensa skal opp, og den bør opp til i alle fall eit par tusen kroner. 

Det skal også bli meir frihandel generelt. Å opne opp grensene våre meir er noko av det beste vi kan gjere for resten av verda. Frihandel er etter min meining også den beste form for utviklingshjelp. Vi kan ikkje nekte å handle med resten av verda fordi vi ønskjer å verne om eigen produksjon. Det er ein politikk som både er egoistisk og ineffektiv. Frihandel er solidarisk og lønnsam - alle tener på frihandel. 

Det vanskelegaste å gjennomføre i regjeringserklæringa, trur eg blir avbyråkratisering. Anten det er prat om å fjerne skjema, gjennomføre ein kommunereform eller avbyråkratisere departementsstruktur, trur eg dette blir krevjande. Eg misunner ikkje dei som blir sett til å gjennomføre det.

Det er lettare å seie at ein skal kutte i skjemaveldet, enn å peke på kva for skjema ein ønskjer å fjerne. Det er lettare å seie at ein ønskjer å redusere talet på kommunar, enn å seie kva for kommunar som skal vekk. Det er lettare å seie at ein ønskjer å avbyråkratisere enn å seie kva for byråkratar som skal vekk. 

Det er lettare å tilsette ein person enn å avslutte arbeidsforholdet med vedkommande. Det er også lettare å innføre ein ny lovfesta rett enn å fjerne ein lovfesta rett. 

Skal vi klare å redusere offentlege utgifter, så må vi kvitte oss med offentlege stillingar. Eller vi må redusere velferdsnivået ved til dømes å gjere noko med sjukelønsordninga. Så lett, men så vanskeleg. 

Og det er akkurat her eg meiner at både dei vanskelegaste og dei viktigaste oppgåvene til den nye regjeringa ligg. Vi må våge å kutte i offentlege utgifter framover. Offentleg sektor i Noreg er altfor stor. Vi har hatt råd til det, men vi vil ikkje ha råd til det i tida framover. 

Den nye regjeringa ønskjer ikkje å gjere noko med sjukeløn eller redusere nivået på andre overføringar. Då må vi redusere talet på tilsette. Skal vi avbyråkratisere, treng vi færre tilsette i offentleg sektor. Nokon må våge å gjere noko med dette. Fordi det er naudsynt. Det kjem til å bli bråk, men det er framleis naudsynt. 

Eg håper vi får ei regjering som ikkje er redd for å gjere seg upopulær hjå enkelte. Eg håper vi får ei regjering som tenkjer meir på framtida i Noreg enn på å bli attvald om fire år. Eg håper vi får ei regjering som tør å kutte i offentlege utgifter. Eg håper vi får ei regjering som tør å redusere talet på kommunar i Noreg. Eg håper vi får ei regjering som tør å seie at vi brukar for mykje pengar i Noreg, og som ønskjer å fjerne rettar og overføringar framfor å finne på nye. 

Eg er ikkje hundre prosent overtydd om at denne regjeringa kjem til å vere så tøffe. Men eg er fullstendig overtydd om at ho kjem til å gjere eit betre forsøk enn den førre regjeringa vi hadde. 

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…