Gå til hovedinnhold

Kjærleik til tre

Bloggen min er ikkje død. Eg har ikkje tenkt til å legge han ned. Eg har berre ikkje heilt funne ut korleis eg skal bruke han.

Det er snart to månader sidan eg gjekk frå å vere lærar til å bli statssekretær. Som lærar brukte eg bloggen både til å skrive om livet mitt som lærar og som terapi når eg trente til halvmaraton. Eg brukte han til å sparke litt hit og dit og få ut nokre frustrasjonar over skulekvardagen og norsk utdanningspolitikk.


Som lærar bryr ikkje så mange seg om kva du skriv - berre du ikkje bryt lovar og reglar. Som statssekretær bryr plutseleg mange fleire seg om kva du skriv om.


Brukar eg bloggen rett, kan eg bruke han til å få debatt om ting. Skriv eg noko feil eller noko som kan bli misforstått, risikerer eg å havne på framsida av dei største avisene. Kva eg skriv både på facebook, twitter og kva eg publiserer på Instagram kan plutseleg bli veldig interessant. Det er skummelt, men det gjev også moglegheiter. Moglegheiter eg har tenkt til å bruke.


Vi i politisk leiing i Landbruks- og matdepartementet har brukt mykje av dei fyrste vekene på å reise og til å ha møte med aktørar innanfor fagfeltet vårt. I dette blogginnlegget vil du få sjå bilde av og lese om nokre av plassane eg har besøkt. Så lover eg å kome attende med meir krutt og meir politikk seinare, slik at dette ikkje berre blir ein blogg med skryteinnlegg. Eg ønskjer ein blogg som opnar opp for debatt og diskusjon, og det skal det bli etter kvart.


Fyrste offisielle oppdrag som statssekretær



..var å motta rapporten "Superbonden, morgendagens helt. En innføring i hvordan bærekraftig landbruk kan gi oss en bedre fremtid" frå Utviklingsfondet. Her ser du meg i lag med dagleg leiar Kari Helene Partapuoli. Rapporten fekk eg utanfor Mathallen. Ein plass eg ikkje hadde besøkt før, men som eg har besøkt mange fleire gonger seinare. 


Valdres sin stand i Mathallen. Det har blitt nokre turar til Mathallen etterpå. Både i offisielle oppdrag og på date med Trond. 

Til Trøndelag



Nokre av turane så langt har vore i lag med Landbruks- og matministeren. Eit av dei fyrste fylkesbesøka var til Nord-Trøndelag. Der møtte vi også ein annan blid kar. Her er eg i lag med nestleiar Per Sandberg rett før vi skal inn i eit samdriftsfjøs med mjølkerobot.

I Nord-Trøndelag besøkte vi også Norske Skog i Skogn. Fyrste papirfabrikken eg har vore på. 

Smakens uke

Noko av det artigaste eg har gjort var å få reise til Bergen for å opne "Smakens uke" på Vilvite. Som tidlegare lærar er eg oppteken av smak og mat i skulen, sansebasert læring og det å knyte smak opp mot kompetansemål i alle fag. I Bergen fekk eg smake og eg fekk vere med på smaksverkstader. Eg fekk også møte ein gjeng flotte 6.klassingar, og då kjende eg kor mykje eg sakna mine eigne elevar. Dagen etterpå reiste eg til Høyanger for å ta avskjed med 20 nydelege niandeklassingar. 9a på Høyanger skule; de er best! Eg saknar dykk! 

På tur i skogen


Skog er eit fagfelt eg kunne lite om før eg starta som statssekretær i Landbruks- og matdepartementet. No er skog og skogpolitikk i ferd med å bli eit fagfelt eg tykkjer er veldig spanande. Sakte, men sikkert er kompetanse min på fagfeltet blitt større. Noko som ikkje minst har samanheng med at eg har besøkt mange skogeigarandelslag og skogbedriftar. Her er nokre smakebitar. 



 I lag med disponent Torkild Waagaard på Begna bruk. Fyrste post når eg besøkte Valdres. Obligatorisk å besøkje denne viktige bedrifta i kommunen eg sjølv kjem frå; Sør-Aurdal.


Gåve frå Glommen skog, som er eitt av tre skogeigarandelslag eg har besøkt. Bok om skog som eg skal lese i jula, og Trysilvott som kjem godt med.  På besøk i Trysil fekk eg også besøkt Moelven. 



På tur til Gausdal for å halde innlegg om Regjeringa sin skogpolitikk fekk eg også gleda over å delta på eit omfattande program i Mjøsregionen. Her er eg på besøk i skogen hjå to utruleg positive bønder og skogeigarar der dei er i full gang med bygging av skogsbilveg. Denne gongen hadde eg også klart å finne passande antrekk. Dette er i Ringsaker. 


På gamle heimtrakter


Eg har besøkt fleire regionar. Den fyrste regionen eg besøkte var Valdres, og kort tid etterpå reiste eg til Nord-Gudbrandsdalen. Begge regionar er stader som betyr mykje for meg. Nord-Gudbrandsdalen er plassen eg vart veldig glad i etter å ha jobba i Vågå fram til 2012. Valdres er staden eg er frå, og staden eg flyttar attende til no i løpet av jula.



På fjøsbesøk. Denne gongen i lilla onepiece. Slikt kan vi like. 

På kjøttforeldingsbedrifta Helle kjøtt. Same eigar som på garden over. På dette trippelbesøket i Vestre-Slidre fekk vi også besøkt stølen deira. Tre i eitt; fjøs, støl og kjøttforedling. 


Nytt besøk hjå mjølkeprodusent. Denne gongen i Lom i Nord-Gudbrandsdalen. På same besøk fekk eg også besøkt Ofossen Mølle, Bakeriet i Lom og fekk delteke på kokkerekrutteringskonferanse på Otta. 


Kjærleik til norsk mat

Norges bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag er to organisasjonar eg kjem til å møte ofte. Allereie har vi blitt godt kjend. Eg og leiaren Nils Bjørke har mellom anna vore passasjerar i lag på eit bittelite fly mellom Gardermoen og Ørland t/r. Mens eg var sikker på eg skulle døy, så var bondelagsleiaren mykje meir avslappa og brukte tida på å sove og slappe av. Basert på den flyturen er det i alle fall ingen tvil om kven av oss som har nervene mest i høgspenn.




Hjå Sør-Trøndelag bondelag fekk eg forkle. På nynorsk. Slikt likar vi. Reknar med at ein bondelagsleiar frå Voss kan ha noko med saken å gjere. 

Snart jul og stjerner i augo



Siste besøk så langt var i lag med Norsk gartnerforbund hjå gartner Magne Andersen i Råde i Østfold torsdag denne veka. Her fekk vi vere med på blomeproduksjon og sjå eit hav av julestjerner. Det er viktig å ha med seg at norsk landbruk er meir enn kjøtt, mjølk og egg. Også grønsaker og blomar blir det produsert mykje av. 

Eg fekk med meg ei julestjerne heime. Den julestejerna kjem eg til å ta med til Beitostølen når eg tek juleferie 20.desember. Då går turen til Høyanger for å flytte ting til Beitostølen, som altså no blir min nye bustadsadresse. Om eg ikkje kjem til å vere der så mykje, så blir i alle fall det staden der adressa mi kjem til å vere, kjærasten min kjem til å vere og truleg mesteparten av skoa mine. Eg gler meg. Både til flytting, ferie og til fleire besøk i alle landets fylker. 


Eg har stjerner i augo. Både av kjærleik til norsk mat, til norsk landbruk og til ein gut frå Valdres. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…