Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2014

Heim til Sogn og Fjordane

I morgon går turen til Sogn og Fjordane. Fylket eg har budd i over fem år av livet mitt. Der skal eg vere i to heile dagar, og eg gler meg. No sit eg på kontoret og førebur presentasjonen eg skal halde på Bulyst-konferansen i Jølster 1.april. 

Morgondagen går med til besøk på Nordfjord kjøt, Norsk fjordhestsenter i Eid og eit gardsbesøk ved Vassenden. I tillegg skal eg ha møte med bondeorganisasjonane og Høgre og Frp i fylket. Eg må reise i seks-tida om morgonen og programmet sluttar klokka 21 på kvelden. Dei (les: Frank Willy Djuvik) som har laga programmet meiner tydeligvis eg er eit supermenneske! :)

Eg har brukt veldig mykje av dei fyrste månadene i jobben som statssekretær på å reise rundt. Det har vore viktig både fordi vi skal kome ut for å lytte til næringa og for å ufarleggjere politikken vår. Vi må ut for å byggje ned mytane og fortelje om kva vi står for. Berre det at vi kjem ut for å seie at vi faktisk jobbar for ei føreseieleg utvikling og auka lønnsemd i norsk landbruk, …

Kvotekamp

I går gjekk Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug ut med beskjed om at ho ønskja å heve taket for kor mykje mjølk eit bruk kan produsere.  Det har skapt skikkeleg baluba, og dei som kjempar hardt for å behalde alt akkurat slik som det har vore i åtte år veit ikkje korleis dei skal få protestert nok ("Vi er ikkje nøgd, men vi vil ikkje ha endring heller").

Staten bestemmer i dag kor mykje ein bonde maks kan produsere av mjølk. For enkeltbruk er dette 412 000 liter mjølk og for ei samdrift er det 773 000 liter mjølk. Produserer eit bruk meir enn dette, er det nok av bønder som vel å helle ut mjølka. Du kan sjølvsagt levere det til industrileddet, men då må du betale overproduksjonsavgift. Kjempesystem, ikkje sant?

Det mest håplause med dette systemet er at det ikkje samsvarar med teknologien. I dag har mange mjølkeprodusentar gått over til mjølkerobot og lausdrift. Tida er forbi då folk flest gjekk rundt frå kyr til kyr med ei mjølkemaskin. Mjølkeproduksjon i dag er høgtekn…

Et maten din!

Eg innrømmer det glatt. Eg er ein av desse menneska som stort sett alltid et opp maten min. Nokon vil kanskje påstå at det er grunnen til at eg til tider har vore overvektig, men eg vel å sjå på det som ganske fornuftig (sjølv om eg enkelte gonger har tenkt at det er betre det havnar i søpla enn at det havnar på hoftene mine). 
Pappa er ein gjerrigknark. Det var eg ikkje så glad for då eg var liten, men eg er veldig glad for det no. Pappa kasta ALDRI mat. Han var kjent som restekongen i heimen vår. Mens vi satt og gafla i oss pizza på laurdag, sat han og åt restefiskegratengen frå onsdag. Vi trudde han åt det fordi han meinte restemat var best i heile verden - eg mistenkjer no at det låg andre motiv bak. 
Eg kan ikkje hugse at vi kasta mat i barndomen. Åt eg ikkje opp maten min, åt Pappa han. Unntaket kan kanskje ha vore når Pappa var borte. Då kan det hende at vi skuldtunge kasta restane av lungemos (eller det andre rare vi åt då eg var liten) i søpla. Eller i komposten, som vi sjølvsa…