Gå til hovedinnhold

Et maten din!

Eg innrømmer det glatt. Eg er ein av desse menneska som stort sett alltid et opp maten min. Nokon vil kanskje påstå at det er grunnen til at eg til tider har vore overvektig, men eg vel å sjå på det som ganske fornuftig (sjølv om eg enkelte gonger har tenkt at det er betre det havnar i søpla enn at det havnar på hoftene mine). 

Pappa er ein gjerrigknark. Det var eg ikkje så glad for då eg var liten, men eg er veldig glad for det no. Pappa kasta ALDRI mat. Han var kjent som restekongen i heimen vår. Mens vi satt og gafla i oss pizza på laurdag, sat han og åt restefiskegratengen frå onsdag. Vi trudde han åt det fordi han meinte restemat var best i heile verden - eg mistenkjer no at det låg andre motiv bak. 

Eg kan ikkje hugse at vi kasta mat i barndomen. Åt eg ikkje opp maten min, åt Pappa han. Unntaket kan kanskje ha vore når Pappa var borte. Då kan det hende at vi skuldtunge kasta restane av lungemos (eller det andre rare vi åt då eg var liten) i søpla. Eller i komposten, som vi sjølvsagt hadde. 

Dette har gjort at eg som vaksen alltid får ei dårleg kjensle enn av å kaste mat. Fordi det skjer nemlig. Restar av middagen puttar eg alltid i boksar for å ete seinare. I blant så skjer det at eg aldri får ete desse restane. Anten på grunn av seine kveldar på kontoret eller mykje reising. Eg ventar i det lengste med å kaste restane, men når det til slutt ser ut som eg har begynt med grasproduksjon i kjøleskåpet mitt, då er det på tide å bite i det sure eplet. Eg tenkjer alltid: "Kva ville Pappa sagt?"

I går vart nettstaden matsvinn.no lansert. Dette er eit verktøy for å redusere matsvinn i handel, industri og hjå forbrukarar. Det er ForMat som står bak denne satsinga, og det er altså næringslivets eigen satsting for å redusere matsvinnet. Les meir om det her. 

Kvart år kastar vi nesten 400 000 tonn mat som kunne vore ete. Initiativtakarane til matsvinn.no tek som mål å redusere dette, og du kan lese meir om tiltak for å få dette til på nettstaden. Kvifor er det viktig? Fordi det er mykje pengar som blir kasta bort på denne måten, og fordi det både er miljø- og klimavenleg at vi kastar mindre mat.

Det er vi forbrukarane som kastar mesteparten av denne maten. Heile 231 000 tonn står vi som forbrukarar for. Dette er det som er lettast for oss som forbrukarar å gjere noko med. Vi kan sjølvsagt kaste mindre mat. Kastar vi mindre mat, så kjøper vi mindre mat. Det er bra for lommeboka vår, og det er bra for miljøet. 

Eg får heilt fullstendig angst om eg ser nokon kaste mat som dei meiner har gått ut på dato. Eg meiner at "best før-datoen" er rettleiande, ikkje absolutt. Eg skal vel innrømme at folk i min omgangskrets har fått gjennomgå om dei har kasta ting som dei ikkje har sjekka at faktisk er øydelagt. 

Det er ikkje farleg å drikke mjølk som har "best før-dato" for ei veke sidan. Er mjølke sur, merkar du det. 

Det er ikkje farleg å ete egg som har "best før-dato" for ein månad sidan. Du merkar på lukta om du ikkje bør ete egg. Eg trur eg har ete egg som hadde "best før-dato" for seks månader sidan. Det gjekk heilt fint. 

I dag åt eg ein yoghurt som hadde "best før-dato" 6.mars. Det gjekk heilt fint. 




I sist veke kasta eg ein yoghurt som ikkje hadde gått ut på dato, men såg slik ut:



Poenget er at vi som forbrukarar må sjå an maten før vi kastar han. Vi må bruke sunn fornuft. 

Eg hugsar eg vart så innihampen forbanna ein gong eg oppdaga nokon hadde kasta ein svær ost i søpla. Fordi det var mugg på han. Mugg på ost, skjærer vi bort og så et vi resten! Mugg på ost er ikkje farleg! Det er ein grunn til at industrien lagar muggost og lagrar ost i lang tid. 


Lykke til med middagen i dag. Eg skal ete restenudlar med tofu. Heilt sant!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…