Gå til hovedinnhold

Heim til Sogn og Fjordane

I morgon går turen til Sogn og Fjordane. Fylket eg har budd i over fem år av livet mitt. Der skal eg vere i to heile dagar, og eg gler meg. No sit eg på kontoret og førebur presentasjonen eg skal halde på Bulyst-konferansen i Jølster 1.april. 

Morgondagen går med til besøk på Nordfjord kjøt, Norsk fjordhestsenter i Eid og eit gardsbesøk ved Vassenden. I tillegg skal eg ha møte med bondeorganisasjonane og Høgre og Frp i fylket. Eg må reise i seks-tida om morgonen og programmet sluttar klokka 21 på kvelden. Dei (les: Frank Willy Djuvik) som har laga programmet meiner tydeligvis eg er eit supermenneske! :)

Eg har brukt veldig mykje av dei fyrste månadene i jobben som statssekretær på å reise rundt. Det har vore viktig både fordi vi skal kome ut for å lytte til næringa og for å ufarleggjere politikken vår. Vi må ut for å byggje ned mytane og fortelje om kva vi står for. Berre det at vi kjem ut for å seie at vi faktisk jobbar for ei føreseieleg utvikling og auka lønnsemd i norsk landbruk, har vore viktig for folk.

Det skal eg også seie på Bulyst-konferansen på tysdag. I tillegg til at eg skal prate om kva for retning vi ønskjer for landbruket framover og ikkje minst vil eg kome med nokre tankar i forkant av jordbruksoppgjøret.

Leiar av Bondelaget Nils Bjørke kjem også, og skal halde innlegg rett etter meg (sikkert ikkje tilfeldig :)). Det blir ikkje fyrste gong vi treff på kvarandre i år, og neppe siste heller. No må eg seie at Nils Bjørke alltid er ein trivelig person å treffe på tur i Bygde-Noreg, og eg gler meg også denne gongen til å diskutere med han.

Det blir mindre reising framover. Det er ikkje berekraftig å ha ein statsråd og ein statssekretær som omtrent er like mykje på reisefot som på kontoret. Slikt går faktisk ut over den politiske gjennomslagskrafta. Så no blir det mindre tid på tur for min del framover, og eg vil no begynne å takke nei i større grad. Dette handlar ikkje om at eg ikkje vil ut for å besøkje folk (for det likar eg veldig godt); det handlar rett og slett om at eg må bruke meir tid til å gjennomføre politikk og setje meg grundig inn i sakene vi jobbar med.

Og berre så det er sagt; kalenderen min fram til 25.april har minst to reisedagar i veka, så ut på tur blir det også i tida framover og eg stiller opp på det eg har takka ja til. Og kva skjer 25.april? Jo, då legg bondeorganisasjonane fram kravet sitt til jordbruksoppgjør, og vårens vakraste eventyr er offisielt i gang!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…