Gå til hovedinnhold

Kvotekamp

I går gjekk Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug ut med beskjed om at ho ønskja å heve taket for kor mykje mjølk eit bruk kan produsere.  Det har skapt skikkeleg baluba, og dei som kjempar hardt for å behalde alt akkurat slik som det har vore i åtte år veit ikkje korleis dei skal få protestert nok ("Vi er ikkje nøgd, men vi vil ikkje ha endring heller").

Staten bestemmer i dag kor mykje ein bonde maks kan produsere av mjølk. For enkeltbruk er dette 412 000 liter mjølk og for ei samdrift er det 773 000 liter mjølk. Produserer eit bruk meir enn dette, er det nok av bønder som vel å helle ut mjølka. Du kan sjølvsagt levere det til industrileddet, men då må du betale overproduksjonsavgift. Kjempesystem, ikkje sant?

Det mest håplause med dette systemet er at det ikkje samsvarar med teknologien. I dag har mange mjølkeprodusentar gått over til mjølkerobot og lausdrift. Tida er forbi då folk flest gjekk rundt frå kyr til kyr med ei mjølkemaskin. Mjølkeproduksjon i dag er høgteknologisk. Og kjem til å bli endå meir høgteknologisk i framtida.

Ein mjølkerobot har kapasitet til å produsere omlag 600 000 liter mjølk. Det er altså meir enn ei enkeltkvote, og du får ikkje utnytta kapasiteten som ligg i mjølkeroboten. Har du ei samdrift er det dårleg økonomi i å ha to mjølkerobotar, sidan du då berre får utnytta ein brøkdel av kapasiteten på mjølkerobot nummer to.

I Nationen i dag peiker mjølkebonde Arnbjørn Osland på nettopp dette: "Vi produserer rundt 650 000 liter melk i dag med en robot. Vi kunne vel produsert opp mot 700 000 liter egentlig. Men da måtte jeg hatt to melkeroboter, og det ville ikke vært lønnsomt med dagens kvotetak" (Nationen, 28.mars 2013: side 6 og 7). Også bonde Tor Stangeland i Rogaland gjev offentleg støtte til forslaget. 

Bondeorganisasjonane er sjølvsagt i mot å heve kvotetaket. Som vanleg blandar dei inn både distriktspolitikk og kraftfôr i ein debatt som handlar om bøndene skal få produsere det dei har kapasitet til av mjølk. Sanninga er at det er bønder som ønskjer å produsere meir mjølk over heile landet. Bønder stangar i mjølketaket over heile landet.

Spørsmålet er kven som skal avgjere kva som er rasjonelt for den enkelte å produsere av mjølk. Er det den enkelte bonde som sjølv er den rette til å bestemme dette eller er det bondeorganisasjonane?

For meg er svaret klart. Det er bonden sjølv som burde ha rett til å avgjere kor mykje ho eller han har kapasitet til å produsere. Ikkje staten. Og ikkje bondeorganisasjonane.

Kommentarer

  1. Den grunngjevinga er grei, men den den svarer ikke på det alvorligste konsekvensene, eller er jeg som har misforstått. Hvis der blir tillatt å selge kvoter mellom fylkene så vil det få dramatiske konsekvenser. Det vil gi en stor fordel for allerede store og robuste bruk i de gunstigste områdene i landet. I dag dyrkes det mest korn der og det er på grunn av politiske beslutninger, for å verne om distriktsjordbruket på Vestlandet og Nord-Norge. Blir forslaget en realitet så vil neppe kunne omgjøres.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…