Gå til hovedinnhold

Eg elskar lauk!

Tidlegare denne veka var eg på besøk på Toten. Der fekk eg endeleg besøkt ei bedrift eg har gleda meg til å besøkje lenge, nemleg Toten laukpakkeri. 

Eg har besøkt mange fjøs med mjølkekyr sidan 16.oktober. Eg har endå ikkje fått besøkt nokon som produserer grønsaker, og det er jo eigentleg ein skam for ein grønsaksetar som meg. Og lauk har eg jo i stort sett alt eg et - både kvit, gul og raud. 

Balke gård var ein av tre nominerte til årets bygdeutviklingspris. Eg var heldig og fekk møte dei då eg var i Berlin under Grüne woche i januar i år. Der var også ordførar i Østre-Toten Hans Seierstad, og vi vart fort einige om at eg måtte ta meg ein tur til Toten på besøk. Og Toten er fantastisk. Store eigedommar og paddeflatt, samanlikna med Valdres. Og fantastiske gründarar som ser moglegheitane dei har og gjer noko med dei. 

Toten løkpakkeri er ei stor bedrift. Lokalisert på Balke gård har dei fleire titals tilsette og omsett for over 50 millionar i året. Fleire laukprodusenter på Toten leverer til Toten løkpakkeri der lauken blir pakka og køyrt ut til Coop sine butikkar. Lauken du finn hjå Coop er nesten garantert frå Toten løkpakkeri, og du kan også sjå kven som har produsert lauken på pakka. 

Lauk i enorme mengder

Her ser du ein av dei store kassene på lauk. Det var tusenvis av dei inne på lageret. Desse lauken blir sortert etter størrelse og pakka seinare på anlegget. Eg spurte om smålauken vart kasta (jf: mediesak om facebookbilete og all lauken som vart kasta på eit jorde). Her blir all lauken brukt og kjem til nytte. 


Laukpakkemaskin

Eg veit ikkje heilt kva eg hadde sett for meg, men truleg at folk satt og pakka lauk i strømper. Sjølvsagt har vi maskiner til slikt. Folka som jobbar der kontrollerer berre at maskina ikkje gjer nokon feil. 

Ferdig pakka lauk

Her ser du lauk som nettopp er komen frå pakking og har fått plass i asken.


 Klappet og klart til å bli ete av deg og meg


Og ete av meg det blir han. Her eit stort nett med lauk eg fekk med meg. No blir det lauksuppe i påska. Perfekt!



Tusen takk til Odd og Sissel Hveem som tok så flott i mot meg på garden. Vi fekk nyttig informasjon, eg lærte mykje og noterte også flittig ned innspel til endringar av politikk. ;)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein