Gå til hovedinnhold

Nei, nei, NEI!

Før 16.oktober i fjor jobba eg som lærar. Som lærar gjekk eg på fleire kurs som lærte meg at det fungerer eigentleg skikkeleg dårleg med negative attendemeldingar til elevane. I staden for å seie til eleven: ”Ikkje vipp på stolen”, bør du seie: ”Vær snill og sett ned den stolen”. Fortel elevane kva dei skal gjere, og ikkje kva dei ikkje skal gjere!

Eg har no vore i Landbruks- og matdepartementet i seks månader. Mykje av den tida har eg brukt på å reise rundt i landet for å få innspel til landbrukspolitikken framover. På desse reisene har eg fått høyre veldig mykje av kva eg ikkje skal gjere. Lite har eg fått høyre om kva eg bør gjere. Dessverre har eg fått høyre meir om problem enn om problemløysing.

Eg har vore i gartneri, eg har vore hjå grønsaksprodusentar, eg har vore hjå kalkunprodusentar og eggprodusentar. Eg har besøkt sauebønder og eg har besøkt mjølkebønder. Både i Valdres og andre plassar.

Mitt inntrykk etter å ha reist frå Alta i Nord til Råde i sør, er at landet er overraskande likt. Eg høyrer i alle fall nesten det same uansett kor eg er hen.

Det er så mykje som ikkje fungerar, får eg høyre. Vi tenar ikkje pengar, får eg høyre. Vi jobbar 17 timar i døgnet, får eg høyre. Vi er to årsverk på garden, men har berre inntekt for eitt, får eg høyre. Når utgiftene er trekt frå, har vi nesten ikkje pengar att, får eg høyre.

Jammen det må vi vel prøve å gjere noko med då, seier eg. Kanskje kan vi finne andre svar enn meir pengar frå staten? Kanskje skal vi gjere noko med måten tilskota er utforma? Kan vi gjere noko slik at det lønner seg å produsere meir? Kanskje skal vi gjere noko slik at det skal løne seg å drive som bonde på heiltid?

Nei, det blir vanskeleg får eg høyre. Vi kan ikkje endre noko – for då vil det gå utover noko eller nokon. Nokon kan bli sinte.

Ja – nokon blir sinte når du prøver å endre noko. Nokon vil alltid motsette seg endring.

Eg har til dømes fått attendemeldingar på at inndelinga i produksjonsregionar for mjølkekvoter ikkje er optimal. I nokon regionar, som til dømes den Valdres ligg i, er det nærast umogleg å få kjøpt seg mjølkekvote. Kanskje bør vi endre noko på grensene for kor mjølkekvotene kan omsetjast med mål om at fleire skal få tak i mjølkekvote? Slik kan vi jo få produsert meir mjølk i regionar som Valdres.

Landbruks- og matministeren luftar så ideen om at vi kanskje skal sjå på justering av grenser. Vi seier ikkje oppheving. Vi seier justering. Og vi seier vurdere.

Makan til bråk som det blir av eit forslag om vurdering! Folk blandar saman omgrep, og framstiller det som vi skal oppheve kvotene og sørgje for fri flyt. Av eit forslag om ”å vurdere”! Eit forslag som vil bety at mjølkebønder i Valdres lettare vil få kjøpt seg mjølkekvote. Til og med kanskje billigare enn i dag.

Mange er einige om at dei grensene som er i dag ikkje er optimale. Men motsette oss endring, det gjer vi! For ein kvar pris og utan i det heile teke å diskutere saka. Slikt blir det verkeleg utvikling av!

Høgre-FrP-regjeringa er dei fyrste på lang tid som ønskjer reelle endringar innanfor landbrukssektoren. Og endring kjem det til å bli! De har valet om de ønskjer å vere med på endring, eller om de ønskjer å gå ned i skyttargrava for å beskytte det eksisterande.

Før 16.oktober hendte det at eg sa til elevane mine: ”Nei, nei, NEI!”.

Då vart dei aldri spesielt innstilt på å høyre på meg. Ikkje visste dei alltid kva eg sa nei til heller – dei oppfatta at eg var i mot, men ikkje heilt kva eg var i mot. Eg lærte at det var klokare å seie: ”Eg blir så rørt – den handlinga vil eg sjå meir av!”. Elementær pedagogikk. Fungerar som berre det når du skal påverke politikarar også. 


Også publisert i Avisa Valdres 12.april 2014

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…