Gå til hovedinnhold

Rasing og bløffing i Sogn og Fjordane

Har denne veka vore på besøk i Sogn og Fjordane. To stappfulle dagar med mange inntrykk der eg både fekk bløffa, diskutert og lært veldig mykje!

Besøkte Nordfjord kjøtt i Loen fyrst. Den største private kjøttbedrifta i Noreg, som for å klare seg i konkurransesituasjonen betaler bøndene meir for produkta (29 000 kroner meir for 23 storfe). Bedrifta er i vekst og vi kjem nok til å høyre meir frå dei. "Det er vel ikkje vits i å by deg på smaksprøver" sa administrerande direktør Geir Egil Roksvåg under synfaringa på fabrikken, og viste slik at han har gjort heimeleksa si!

Når eg blir stor skal eg jobbe på fabrikk. Det er så kult med ulike produksjonsliner og ting som skjer heile tida. Hugsar at  favoritt barne-tven min då eg var liten, var reportasjar frå fabrikkar. Framleis har eg ein stor glede over å sjå slike ting.

Turen gjekk så vidare til Norsk fjordhestsenter i Eid. Dei jobbar med bevaring av den norske fjordhesten og for å auke kunnskap og interesse for den norske fjordhesten. Dei har også tett samarbeid med folkehøgskulen som ligg eit steinkast unna.

Så gjekk turen vidare til ein mjølkeprodusent i Jølster. Slik har vi det der:




På kvelden møte med bondeorganisasjonane og med lokale partifolk frå Høgre og Frp. Mange gode innspel og gode diskusjonar. Våre folk i Sogn og Fjordane kan landbrukspolitikk. Det er det ingen tvil om!

Besøk hjå Tine på Byrkjelo dagen etterpå. Der nytta hovudstyrerepresentanten for Tine nesten heile innlegget sitt (presentasjon om Tine) til å skyte laus på regjeringa sin politikk. Hovudbodskapen var at alt må vere slik det er, og at endringar i kvotetak vil gjere at det ikkje blir att mjølkeprodusentar i Sogn og Fjordane. Løgn vart spreidd og forskjellige ting blanda saman. Når folk brukar taletida si på slike ting i ein presentasjon om Tine, reagerer eg. Då må eg gi beskjed om kva som er bløff og kva som er sanning.

Når jenter tek til motmæle så skriv journalistane at "vi rasar". Det eg vart mest hissig på då eg las denne artikkelen er forresten at det står eg opnar opp for "særordningar". Er det noko eg ikkje skal vurdere, er det særordningar. Det er eit ord eg hatar, og som eg aldri ville teke i min munn! Det vi skal vurdere er endring av kvotedistriktgrensene for å gjere systemet meir fornuftig. Det er noko anna.

Hadde så innlegg på Bulyst-konferansen seinare på dagen. Nils Bjørke prata etter meg og var usamd i alt eg sa, og vil eigentleg ikkje vere med på nokon av forslaga våre (kanskje med unntak av "forenkling", men vi har ikkje heilt fått greie på kor det skal forenklast). Slikt blir det debatt av, og vi fekk høve til å debattere direkte på NRK Sogn og Fjordane. Alltid hyggeleg å møte Nils Bjørke, som tross i politisk usemje nokre gonger, er ein triveleg kar!

Takk til alle eg møtte i Sogn og Fjordane. Eg hadde to flotte dagar der, og opplevde at både journalistar og dei eg møtte sett landbrukspolitikk høgt oppe på agendaen!

Ja - også går vi inn for å greie ut ei ordning med trekk i tilskot når det er fint vêr.  Inntektene til bøndene kjem til å auke veldig med dette vêret her, så skulle berre mangle at vi ikkje skulle kunne redusere litt på overføringane i jordbruksoppgjøret som følgje av dette! :)


Kommentarer

  1. Hei Hanne.

    Savnar blogginga di, so blei skikkeleg glad då du byrja blogga igjen. Er du komen for å bli no da? ;)

    Korles går det med treninga, kroppen og maten? Var utruleg motiverande å fylje hverdagane dine. Men no høyrer vi dessverre ikkje meir om tips og triks.

    Håpar du skriv og skriv .. (her inne:)

    Mvh Maren

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…