Gå til hovedinnhold

Aldri heilt ferie i Landbruks- og matdepartementet

Politikarar tek også ferie. Til og med Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. Ho kunne ta sommarferie som den tredje mest omtalte statsråden i Høgre-FrP-regjeringa. Det er ikkje vanleg kost for ein statsråd i Landbruks- og matdepartementet, men det seier litt om kor populært temaet landbrukspolitikk har vore i media sidan 16.oktober i fjor.

Sjølv om det er sommarferie og dei fleste politikarane brukar tid på å lade batteria til det som heilt sikkert blir eit krevjande nytt år, tek ikkje media fullstendig ferie (sjølv om avisene er tynnare). Det er alltid sakar som dukkar opp, og då må vi vere klare til å svare for oss også i Landbruks- og matdepartementet. I førre veke og denne veka har difor eg vore på jobb i Oslo. Eg trudde eg skulle få god tid til å gå gjennom e-post, sjekke ut gamle sakar og også lese ein del rapportar, NOUar og utgreiingar som har blitt liggande på vent til eg skulle få "god tid".

E-post har eg fått gått gjennom, men det har blitt mindre tid til grundige analyser, slik eg hadde tenkt til å gjere. Det er liksom alltid eit eller anna. Spørsmål som dukkar opp, mediesakar eller ting du må gripe fatt i. Men no - no tenkjer eg at eg skal lese og skrive. Og ikkje minst også bruke tid på å ha gode faglege samtaler med dei folka som er på jobb i departementet - det blir kanskje altfor sjeldan tid til desse gode samtalene over kaffikoppen. Det blir det meir tid til på sommaren når det er færre folk på jobb.

Sommarferie har også gjort meg merksam på at eg ikkje har blogga sidan 11.april. Skamfullt! Nok ein gong skal eg love å kome i gang att. I morgon den dag skal eg skrive eit nytt innlegg, og dagen etter det. Eg har nok av ting å skrive om - for det manglar ikkje sakar eg kan omtale i dette departementet, som sjeldan står stille. Ei heller på sommaren.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…