Gå til hovedinnhold

Dette kasta eg av mat i løpet av ei veke

Eg lovde på førre bloggpost at eg skulle dokumentere all mat eg kasta i løpet av ei veke. Det har eg gjort. Dessverre vart det ei dårleg veke for den grøne posen i skåpet mitt. På grunn av svært få matinnkjøp, mykje reiseverksemd og elles grunnar eg ikkje forstår, vart det ikkje mykje matkasting. Faktisk trur eg det vart mindre enn ei gjennomsnittsveke. Eg trur difor eg berre må fortsette å dokumentere matkastinga.

Det største problemet for meg kjem sundagar når eg kjem attende frå Valdres og til kjøleskåpet her i Oslo. Då har alt eg kjøpte og ikkje rakk å ete førre veke godgjort seg i kjøleskapet ei helg.

Det fyrste eg kasta etter eg kom til Oslo førre sundag var denne, som eg ikkje hadde orka å ete om eg fekk betalt ein gong:

Agurk som har sett betre dagar. 


 Det neste eg kasta var då eg lagde meg blomkålmos. Eg kunne sikkert brukt det grøne til noko, men det vart no ikkje slik då. 


Fløytepakke som ikkje er opna. Som kjærasten og eg kjøpte for å ete jordbær med fløyte. Det fekk vi aldri gjort, så pakka vart no ståande der. Eg opnar ho opp, og kan bruke fløyta til middag fyrste dag (i blomkålmosen). Neste dag kan eg også bruke fløyta - denne gongen i rett med gratinerte kikerter. Tredje dag er fløyta blitt til noko som minnar om smør. Kunne sikkert brukt dette også til noko, men restane går dessverre i vasken.

Vissen basilikum som eg kasta før eg drog ut på reise. Kunne sikkert vore brukt til noko, men det vart no heller ikkje slik då. 

Eg blir jo alltid like forbanna når eg finn ein slik avokado. Spisemoden? Ikkje for meg! Eg skal ikkje seie kor eg har kjøpt han hen, men ein eller annan butikk i Pilestredet medverkar til matsvinn. På bilete ser det ut som det er noko grønt som kanskje kan etast, men tru meg; ingenting var mogleg å ete (og eg er glad i avokado), så denne gjekk i søpla. 

Snart går turen til heimen i Valdres. Eg trur eg skal fortsette å dokumentere dette også i Valdres (er redd matsvinnet blir større når vi er to) - for kampen mot matsvinn er ikkje over endå. 

PS: I neste veke kjem ein bloggpost om korleis det gjekk då eg prøvde å lage meg eit økologisk måltid basert på økologiutvalet på Beitostølen. Følg med!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…