Gå til hovedinnhold

Eit økologisk romantisk måltid på Beitostølen - er det mogleg?

Vi i Landbruks- og matdepartementet har jo fått ord for oss å sjekke ut både priser og utval på eigenhand i butikkane. Dette fann eg ut at eg skulle gjere då eg begynte å førebu meg til eit innlegg eg skulle halde på Økologifagdagen førre veke. 

Spørsmålet eg stilte meg var; "Er det mogleg å lage eit heiløkologisk romantisk måltid basert på utvalet eg finn i butikkane på Beitostølen?" 

Eg starta på vinmonopolet. Lett. Rauvdin, kvitvin og musserande. Alt i økologisk. Og nei; sjølvsagt drakk eg ikkje alt eg fann! 

Det er tre matbutikker på Beitostølen. I to av dei klarte eg ikkje finne eit einaste økologisk grønsaksprodukt. I den tredje hadde dei ei overraskande bra avdeling. Då fann eg alt eg trengte til salat. Som eg forstod måtte bli den romantiske middagen. Eg fann også pasta!

Økologisk basilikum. Jippi!!


Eg ville ha ost i salaten. Fann ingenting. Økologisk mjølk fann eg heller ikkje (men seinare såg eg ei flaske økologisk mjølk i den eine butikken).

Eg et ikkje kjøt, men sjekka utvalet der også. Fann ingenting. Eller det vil si; eg fann økologiske bearbeida kjøtprodukt. I barnematavdelingen!

På Beitostølen som i resten av landet; det største utvalet av økologisk mat finn du i barnematavdelinga. 


Eg tenkte så fisk. Vart litt usikker på dei økologiske prinsippa innanfor fiskeoppdrett. Googla og fant at det fanst økologisk oppdrettsfisk. Ikkje på Beitostølen.

Eg tok til slutt sjansen på at skalldyr; reker og krabbe nok må reknast som økologisk sidan dei tross alt har levd som ville og ikkje i anlegg.


Det vart til slutt ein romantisk og god middag, men eg skal innrømme eg er glad for økologisk vin. Og for ein kjærast som er med på mine påfunn. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Språkdebatten var ikkje død

Tidlegare i denne veka var eg deltakar i "Valdresdebattane". Spørsmål vi skulle diskutere var mellom anna: Er det plass til to likestilte språk i Noreg i dag? Eller kostar det for mykje? Er det eit problem at 75 % av ungdommane i Valdres skiftar språk? Og kven har i så fall ansvaret?

Eg var deltakar i debatten saman med mellom anna språkforskar Arne Torp (han frå Joker-reklamene), kommentator Erling Lægreid, Elisabeth Aspaker frå Høgre og ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Eg har alltid vore glad i nynorsk, men eg har ikkje alltid vore nynorskbrukar. Eg var også ein av dei som byta målform frå nynorsk til bokmål då eg var elev på vidaregåande skule i Valdres.

Det kan verke lettare å skrive bokmål enn nynorsk. I alle fall når du er ein halvlat 15-åring. Stort sett alt eg las var bokmål, og når du tenkjer etter kva for målform ein møter mest av rundt seg i samfunnet, kan vi ikkje seie at bokmål og nynorsk er likestilt. Når eg i tillegg opplevde at bokmålsstilane eg fekk attende frå …