Gå til hovedinnhold

Kyr i kystlandskap

For litt over ei veke sidan fekk eg gleda av å reise på mitt fyrste besøk til Lista i Vest-Agder på samling for "Utvalde kulturlandskap i jordbruket". Dette er ei ordning vi gjev støtte til over jordbruksavtalen, og der 22 unike kulturlandskap i Noreg er vald ut; minst eitt landskap i kvart fylke (enkelte fylke har to). Grunneigarane som er med i satsinga er med friviljug, og frivilligheit er eit viktig prinsipp. Elles har dei utvalde kulturlandskapa gjennomført ulike tiltak basert på utfordringane og moglegheitane i sine landskap, og eit viktig prinsipp her er å ta vare på verdiane gjennom bruk. Les meir her. 

For meg som kjem frå eit område utan kysts, er det veldig eksotisk å vere på ein plass som Lista. Det er så mykje der som er ulikt det eg er vant til. Å sjå kyr som beiter langs strandlina er jo ikkje vanleg for meg, og Lista og kyrne synte seg frå si beste side då vi var der. Det er visst ikkje vanleg med solskin og heilt vindstille i eit vêrhardt kystlandskap.

Kyr i kystlandskap

Det ser annleis ut. Det høyrast annleis ut. Det luktar annleis. Det kjennast annleis ut. Og det smakar sjølvsagt heilt annleis også i eit kystlandskap samanlikna med Innlandet.

Eg såg ting eg aldri hadde sett før eller lagt merke til før. Kystlynghei. Tang og tare. Andre blomar. Graset har annleis farge. Andre hus. Og vindmøller og landbrukslandskap i harmoni, tykkjer no eg.

Kyr beiter. Moderne driftsbygningar i bakgrunnen. Og vindmøller endå lenger der bak. Det moderne i kombinasjon med det tradisjonelle


Eg fekk også treffe på noko eg hadde gleda meg til å treffe. Eg hadde nemleg nærkontakt med ei sitkagran. Eg gjekk gjennom sitkagranskogar. Eg kosa med ei sitkagran. Det var absolutt ikkje farleg, og vi prata mykje om kvifor det er viktig å binde så mykje CO2. Eg er veldig glad i skog og tre, og ser på dei som ein del av klimaløysinga. Utan tvil.

Meg og sitkagrana

Oppdraget mitt på turen, bortsett frå å lære om Lista og bli kjend med dette utvalde kulturlandskapet, var sjølvsagt å seie nokre nøye planlagte ord om satsinga til deltakarane. Då nytta eg sjølvsagt høvet til å prate om Valdres, og Noregs vakraste kulturlandskap. Blant anna.  Innlegget kan du lese her.

PS: I helga skal eg vere med på å få nokre heldige kyr av gamal norsk rase heim frå stølen. Det gler eg meg til - i Noregs vakraste kulturlanskap der det moderne og det tradisjonelle blir kombinert, og der verknaden er eit flott landskap. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…