Gå til hovedinnhold

Prosjekt: "All mat Hanne kastar i løpet av ei veke"

I førre veke hadde vi møte med heile verdikjeda innanfor mat med innleiande diskusjonar for å kome fram til semje om ei samarbeidsavtale for å redusere matsvinn. 

Eg har skrive om matsvinn på bloggen min tidligare, og då framstilte eg meg sjølv som eigentleg ganske god på feltet sidan eg har teke med meg god lærdom heime frå.

Eg kastar mat. Eg innrømmer det glatt. Eg har dårleg samvit kvar gong eg kastar mat, men eg gjer det. Litt mindre dårlig samvit når eg kastar det stygge på agurken og tomaten. Veldig dårleg samvit når eg kastar middagsrester som eg ikkje har fått ete opp. Men eg kastar aldri noko som har gått forbi "best før-datoen" utan å teste det anten ved hjelp av smakssans, syn eller luktesans

For å gjere meg sjølv meir medviten på alt eg kastar av mat, skal eg no bruke bloggen min. Slik kan eg kombinere min interesse for å ta bilete, skrive og prøve å skape oppmerksemd rundt eit stort samfunnsproblem. For det er eit av dei store globale paradoksa; vi pratar om å auke produksjonen for å sikre folket nok mat, og samtidig kastar vi store deler av den maten vi produserar.

I dag skal eg ut på reise til tysdagskveld, men frå onsdag skal eg starte på ei vekes prosjekt her på bloggen; dokumenter alt eg kastar av mat. Eg gruar meg. Eg trur nemlig det er meir enn eg trur.

Eg tjuvstarta litt då eg var heime i Valdres i helga, forresten. Alltid litt skummelt sidan eg berre er heime i helgene, og pendling blir det mykje matsvinn av. Dessverre!

Finn denne her godbiten av ein yoghurt innerst i kjøleskåpet. Best før 29.juli tydeligvis. Lover ikkje bra før eg tok opp lokket. 

Tok ein sjekk. Ingen grøne flekkar. Rørte litt rundt. Lukta heilt vanleg. Tok på honning og frukostblanding. Veldig god!!

Den her hadde eg skikkeleg tru på. Berre nokre då dagar over best før-datoen. Den lukta heilt greitt, så eg helte opp ein stor klunk i mjølkesteamaren. Ingenting er som ein kaffi og mjølk på morgonen. Då mjølka er ferdig steama ser eg det eg ofte ser; mjølka har skilt seg. Mjølka må altså hellast ut (eg er ikkje slik som lagar vaflar av sur mjølk fordi eg har ikkje godt av vaflar).


Elles i helga kasta eg ein tomat, noko salat, rekeskall, eg skar bort noko av ein chevre og det var sikkert noko anna som også gjekk i søpla. 

Men frå og med onsdag dokumenterer eg altså ALT. Følg med!

I mellomtida vil eg anbefale sida Matvett. God heimeside med mange tips til deg som vil kaste mindre mat - både av omsyn til miljøet og av omsyn til lommeboka di. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…