Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2014

Høner i det fri

I går vart eg endå betre kjend med fjørfenæringa. Det blir mykje mjølk og sau når eg er ute på besøk i landet, mens fjørfenæringa er ei næring eg er blitt mindre kjend med. I går var eg med Mattilsynet på besøk for å bli kjend med både fjørfenæringa og slakteriverksemd. Slik kunne eg få meir kunnskap om næringa, regelverk og kva Mattilsynet ser etter spesielt på områda dyrevelferd og dyrehelse. 
Eg har aldri vore på eit slakteri for kylling og kalkun tidlegare. Det er mektige greier. Vi fekk vere med då trailerlast på omlag seks tusen kyllingar kom inn. Det som skjer då er at lasten med kylling blir kontrollert - blant anna for å sjå etter fukt i bilen og andre teikn på korleis dyra har hatt det under transport. Her kan ein då sjå etter avvik og då rapportere og eventuelt sørgje for forbetringar. 
Kyllingane blir så bedøvd med gass før dei blir avliva. Avliving skjer ved at kyllingen blir skjært strupen av. Etterpå blir dei skålda og seinare då gjort om til dei produkta dei skal bli. De…

Alderen har tatt meg att!

To ting har skjedd etter at eg vart statssekretær i Landbruks- og matdepartementet. For det fyrste; eg har begynt å få gråe hår. For det andre; eg har fått ryggproblem. Det er det siste eg ønskjer å skrive om i dag.

Det skjedde ein dag i starten av juli. Eg var på jobb i Landbruks- og matdepartementet. Det er sommar og forholdsvis rolige dagar. Eg bruker difor noko av tida mi i Oslo på å trene. På treningsrommet i departementet. Så skjer det. Noko som aldri har skjedd før. Midt i det eg meiner er en rett utført knebøy, skjer det. Eg kjenner det riv i venstre skinke. Klarar på eit eller anna vis å løfte vekta opp frå golvet. Har det kjempevondt. Må avslutte treningsøkta. Klarar knapt nok dusje etterpå, men tenkjer at det sikkert går over.

Dagen etterpå. Endå verre. Eg klarar ikkje sitte. Det gjør søren med vondt å sitte! Eg har alltid meint det ser litt dumt ut å ha slik arbeidsbord du står ved. For fyrste gong  i mitt liv får eg bruk for den knappen der du kan justere pulten på jobb. …

Eitt år!

I dag har altså Høgre-FrP-regjeringa vore i sving i eitt år. Jøss. Tenk det. Eitt år i regjering. Det hadde eg i alle fall ikkje trudd kom til å skje då eg meldte meg inn i partiet for 15 år sidan (huff,  eg er verkeleg vaksen).

Eg kunne skrive mykje om politikken vi har fått gjennomført. Det burde eg sikkert gjort. Vi har gjort mykje. I departementet eg jobbar i har det skjedd veldig mykje. I blant kunne ein faktisk tru det har skjedd meir enn det faktisk har gjort også, om ein skulle tru retorikken på enkelte av motstandarane våre.

Eg kjem likevel, som vanleg, til å ha ha ein meir personleg sving over det heile. Eg tenkjer tilbake eitt år. 16.oktober i fjor. Det var ein onsdag. Tysdagsettermiddag etter å ha undervist min siste time som lærar (i alle fall i denne omgang - eg skal sjølvsagt attende til læraryrket når eg er ferdig her) sette eg meg i bilen på veg frå Høyanger til Beitostølen.

På Beitostølen traff eg kjærasten min. Skjelvande. Visste ikkje kva eg gjekk til. Pakka ein li…

I dag kastar vi 190 000 brød i søpla

I Noreg kastar vi over ein fjerdedel av all mat som blir produsert. I Valdres blir det kasta omlag 167 000 kilo brød og over åtte hundre tusen kilo mat kvart einaste år.
Dagen i dag, 16.oktober,  er verdas matvaredag. Det er då på sin plass å tenkje over alle matvarene som blir produsert i verda, men som av ulike grunnar ikkje kjem til nytte. Dette er eit av dei store paradoksa vi jobbar med innanfor landbruks- og matpolitikken. Vi har som målsetting å produsere meir mat for at vi skal klare å brødfø stadig fleire folk. Samtidig har vi som målsetting å redusere eit altfor stort matsvinn.  
Vi er einige om at matsvinn er eit problem i alle ledd av verdikjeda. Det går mat til spille i primærproduksjonen (utrangerte verpehøns og poteter som ikkje er pene nok). Det går mat til spille i næringsmiddelindustrien og daglegvarekjedene kastar også mat som er gått ut på dato. Og så er det vi som forbrukarar, som kastar 46,3 kilo mat kvar kvart einaste år. 
Som politikar har eg sjølvsagt ei målset…

Fantastiske Indre Namdal

Eg innrømmer det. Eg er ikkje heilt objektiv. Eg er veldig subjektiv. Men eg elskar regionen Indre Namdal i Nord-Trøndelag.

I fyrste halvdel av september reiste eg på mitt fyrste besøk til Indre Namdal i den jobben eg har no. Eg hadde gleda meg til det. Eg hadde høge forventingar. Og dei vart innfridd alle saman.

Eg innrømmer det. Eg har fått høyre mykje om utfordringar i landet vårt. "No skal du få høyre om utfordringar og moglegheitar på staden vår" seier ordførarar, bondelagsleiarar og kommunetilsette. Ofte får eg berre høyre om utfordringar.

Eg fekk høyre om utfordringar i Indre Namdal også, men eg fekk høyre mest om moglegheiter. No hugsar eg berre alt det positive dei la vekt på i Indre Namdalen. Eg hugsar smila. Eg hugsar gleden. Eg hugsar optimismen.

Unge bønder. Unge bønder som satsar stort. Dei investerer. Utvidar. Har tru på framtida. Og det i ein region som ligg langt frå sentrale strøk.

Fire timar brukar du på å køyre opp til Røyrvik frå Værnes. Det bur få folk …