Gå til hovedinnhold

Alderen har tatt meg att!

To ting har skjedd etter at eg vart statssekretær i Landbruks- og matdepartementet. For det fyrste; eg har begynt å få gråe hår. For det andre; eg har fått ryggproblem. Det er det siste eg ønskjer å skrive om i dag.

Det skjedde ein dag i starten av juli. Eg var på jobb i Landbruks- og matdepartementet. Det er sommar og forholdsvis rolige dagar. Eg bruker difor noko av tida mi i Oslo på å trene. På treningsrommet i departementet. Så skjer det. Noko som aldri har skjedd før. Midt i det eg meiner er en rett utført knebøy, skjer det. Eg kjenner det riv i venstre skinke. Klarar på eit eller anna vis å løfte vekta opp frå golvet. Har det kjempevondt. Må avslutte treningsøkta. Klarar knapt nok dusje etterpå, men tenkjer at det sikkert går over.

Dagen etterpå. Endå verre. Eg klarar ikkje sitte. Det gjør søren med vondt å sitte! Eg har alltid meint det ser litt dumt ut å ha slik arbeidsbord du står ved. For fyrste gong  i mitt liv får eg bruk for den knappen der du kan justere pulten på jobb. Så jo; no går eg inn i ei lang periode som ståande kontortilsett.

Dagane går. Det gjer vondt å bøye seg ned. Eg må ha hjelp til å ta på meg sokker og strømpebukse (når eg er åleine i Oslo og ikkje har kjærasten til å hjelpe meg går eg i sandaler og kjole; det er alt eg får på meg). Det gjer vondt å kome seg opp av senga. Å hoste eller å nyse er utruleg smertefullt.

Eg tenkjer; snart må vel denne strekken gå over!

Etter ein månad med store smerter må eg berre gå til behandling. Eg får beskjed om at det ikkje er ein strekk. Det er noko i ryggen som har skjært seg. Eg må ta tida til hjelp. Unngå sitting (det gjer jo vondt, så det går greit) og at eg skal gå og stå mest mogleg.

Det går opp og ned. Men behandling hjelp ikkje (nokon ville påstått eg burde gått til annan behandling, men etter å ha sett på "Folkeopplysningen" på NRK skjønner eg eigentleg at det er lite av behandlinga mot ryggproblem som eigentleg hjelp; det som hjelp er å ta tida til hjelp). Det vil si; eg innbiller meg det hjelp litt, men det gjer nok ikkje det. Eg er berre desperat etter å bli frisk!

Å sitte på buss gjør vondt. Å sitte på fly er vondt. Å bøye seg ned for å ta på seg plast rundt skoa når du skal inn i fjøs er eit smertehelvete. Og eg føler meg dum som ser ut som eg er 80 år! Det er kanskje difor ikkje lurt å fortsette reisinga rundt i Noreg, men det har eg altså gjort. Mens eg føler meg invalid. Og har prøvd å skjule det etter beste evne (vil ikkje vere skada!)

Enkelte gonger har det vore så vondt at tårene har spruta når eg har stått opp. Å få på seg kleda har vore den største barriera. Etter ein times tid har det gått lettare, men morgonane har vore verst.

Tida leger alle sår. No er eg på veg til å bli betre (det har gått over tre månader!). Eg kan sitte på jobb. Eg får på meg sokkar. Eg klarer å barbere leggene utan å ta smertestillande fyrst. Alt i alt føler eg meg nesten som eit heilt menneske att.

Tidlegare denne veka var eg på treningsrommet for fyrste gong etter den grusomme hendinga i juli. Korte økter på ellipsemaskina. Og nokre øvingar for armane. Knebøy kjem det til å bli langlang tid til eg prøver att.
På treningsrommet i R5. Interiør i metall som de ser. Eg er optimistisk.

Og ps; eg skal aldri, aldri tru at dei som har ryggproblem overdriv sine utfordringar meir!

Og ps nok ein gong; eg trur framleis du kan unngå ryggproblem ved å vere meir i aktivitet og betre i aktivitet. Eg trur det er min eigen feil og ingen andre sin, og det er berre eg som kan rette opp i det att. Men det blir ikkje noko enklare å takle kvardagen av den grunn. :)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…