Gå til hovedinnhold

Eitt år!

I dag har altså Høgre-FrP-regjeringa vore i sving i eitt år. Jøss. Tenk det. Eitt år i regjering. Det hadde eg i alle fall ikkje trudd kom til å skje då eg meldte meg inn i partiet for 15 år sidan (huff,  eg er verkeleg vaksen).

Eg kunne skrive mykje om politikken vi har fått gjennomført. Det burde eg sikkert gjort. Vi har gjort mykje. I departementet eg jobbar i har det skjedd veldig mykje. I blant kunne ein faktisk tru det har skjedd meir enn det faktisk har gjort også, om ein skulle tru retorikken på enkelte av motstandarane våre.

Eg kjem likevel, som vanleg, til å ha ha ein meir personleg sving over det heile. Eg tenkjer tilbake eitt år. 16.oktober i fjor. Det var ein onsdag. Tysdagsettermiddag etter å ha undervist min siste time som lærar (i alle fall i denne omgang - eg skal sjølvsagt attende til læraryrket når eg er ferdig her) sette eg meg i bilen på veg frå Høyanger til Beitostølen.

På Beitostølen traff eg kjærasten min. Skjelvande. Visste ikkje kva eg gjekk til. Pakka ein liten koffert. Tok tidlegaste buss inn til Oslo. Visste ingenting. Visste berre eg skulle møte på Stortinget dagen etterpå klokka 11 (eller var det 12? Eller var det 10?). Visste om ei til som skulle bli statssekretær. Vi drakk kaffi i lag før vi gjekk på Stortinget. Skjelvande.

Rett før fellesmøtet begynte gratulasjonsmeldingar å tikke inn (eg hadde berre fortalt om jobben til Mamma, Pappa og Trond). Plutseleg hadde avisene fått nyss på dette (mykje spenning knytt til posisjonar). Vi møtte dei andre som skulle bli statssekretærar og politiske rådgjevarar. Presenterte oss for kvarandre. Mange kjente folk eg vart glad for å sjå. Endå fleire ukjende som eg er blitt glad for å sjå seinare.

Etterpå. Heilt åleine. Eg spaserer bort til Landbruks- og matdepartementet. Finn fram på eit slags vis. Stotrande i resepsjonen; "Hei, eg har ein avtale med departementsråd Leif Forsell". Veldig sjenert. Lurer på kva i alle dagar eg har sagt ja til. Leif Forsell kjem og hentar meg. Møter ein smilande avtroppande minister oppe hjå politisk leiing. Blir vist til kontoret mitt. Finn kaffi. Så er det berre å vente på at Sylvi kjem. Og ho kjem, i lag med heile Noregs pressekorps. Og slik har det vel no vore i omtrent eitt år.

Det svinga i Landbruks- og matdepartementet då. Og det har det gjort i eit heilt år no.

Kva har skjedd med meg? Eg kan mykje meir om landbrukspolitikk (kanskje ikkje så sjokkerande). Eg kan mykje meir om forvaltninga. Eg har truffe utruleg mange kunnskapsrike menneske. Eg er blitt tryggare på meg sjølv. Også har vi sjølvsagt fått gjennomført mykje god politikk.

Eg har (formelt) flytta til Valdres og blitt sambuar. Eg er blitt dårlegare til å skrive (som statssekretær skriv ein altså ikkje så mykje som ein skulle tru ut i frå tittelen). Eg trener mindre. Eg har fått ryggproblem for fyrste gong i mitt liv (som de får ein eigen bloggpost om seinare, og som ja; truleg heng saman med førre punkt). Og ja; eg er nok blitt hakket mindre sosial (helgene blir brukt til kjærasten og omtrent utelukkande det).

Men ja; eg bruker denne moglegheiten eg har til å lære mest mogleg og få gjennomført mest mogleg. Denne bransjen er uforutsigbar. Vips, så må eg pakke bort ni par sko frå kontoret mitt, rydde pendlarleiligheten og flytte heim til Valdres også på vekedagene for å finne meg ein lærarjobb. Då er det endå godt at eg har verdas beste yrke å vende tilbake til.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…