Gå til hovedinnhold

Fantastiske Indre Namdal

Eg innrømmer det. Eg er ikkje heilt objektiv. Eg er veldig subjektiv. Men eg elskar regionen Indre Namdal i Nord-Trøndelag.

I fyrste halvdel av september reiste eg på mitt fyrste besøk til Indre Namdal i den jobben eg har no. Eg hadde gleda meg til det. Eg hadde høge forventingar. Og dei vart innfridd alle saman.

Eg innrømmer det. Eg har fått høyre mykje om utfordringar i landet vårt. "No skal du få høyre om utfordringar og moglegheitar på staden vår" seier ordførarar, bondelagsleiarar og kommunetilsette. Ofte får eg berre høyre om utfordringar.

Eg fekk høyre om utfordringar i Indre Namdal også, men eg fekk høyre mest om moglegheiter. No hugsar eg berre alt det positive dei la vekt på i Indre Namdalen. Eg hugsar smila. Eg hugsar gleden. Eg hugsar optimismen.

Unge bønder. Unge bønder som satsar stort. Dei investerer. Utvidar. Har tru på framtida. Og det i ein region som ligg langt frå sentrale strøk.

Fire timar brukar du på å køyre opp til Røyrvik frå Værnes. Det bur få folk att der. Det ligg eit stykke frå hovudfartsårene, og dei har opplevd enorm folketalsnedgang dei siste tiåra.

I Røyrvik var eg på Skånaliseter gårdsysteri. Fekk middag. Fekk smake noko av den beste osten eg nokon gong har smakt. Fekk høyre historia om kor utfordrande det var å starte opp eige foredling av geitemjølk berre for nokre år sidan. No er det heldigvis lettare, og vi ser fleire starte opp. Skånaliseter var ein av dei fyrste.

 Osten øvst på bildet er greskinspirert. Kjøpte med masse heim. Absolutt å anbefale!


Fyrste bonden vi besøkte var i gang med å byggje nytt fjøs. Og hadde bursdag. Då vart det kake med fjellandbruklogo. 

 Lierne kommune. På nasjonalparksenteret. Bjørnevettreglane, som alle i kommunen må ha lært seg. For i denne kommunen kan du faktisk risikere å møte på bjørn og då må ein vite kva ein skal gjere. 
Utstoppa bjørn i bevegelse. Bjørneskinn. Skutt bjørn altså (og det var kanskje dei båe).



Eg har ikkje mange bilete frå besøka. Men det eg skreiv om regionen i masteroppgåva mi frå 2007 kan framleis gjelde. Dette er utdrag frå forordet (og beklager at det er på bokmål). 

Indre Namdal er et typisk uttynningssamfunn der kompetanse forsvinner sammen med 
innbyggerne. Imidlertid er det alt annet enn destruktive tanker som preger menneskene som bor 
der. Til tross for, etter min mening, sentrale overgrep mot regionen når det gjelder vern og 
kjerneområder for rovdyr, så er det en enorm positivitet som råder. 

Takk for at lange avstander fikk øynene mine opp for hvor avhengig folk i distriktene faktisk er 
av bilen. Selv om jeg er vokst opp i Valdres, så gikk det først opp for meg under mine besøk i 
Indre Namdal hvor lite fri og hvor immobil man er uten bil der oppe. Så til ordføreren som spurte 
meg et retorisk spørsmål: ”Skal vi liksom ha dårlig samvittighet vi som er avhengig av bilen – når 
de der nede driver med det derre rallygreiene sine?” Nei; dere skal aldeles ikke ha dårlig 
samvittighet! 

Det jeg husker best fra tiden jeg har tilbrakt i Indre Namdal er da jeg skulle kjøre over en 
fjellovergang til Røyrvik, der det var full snøstorm” og veien var i ferd med å snø bort. Jeg måtte 
stoppe bilen og brøt ut i hysterisk gråt, og skrek: ”Hvorfor i huleste verden bosetter folk seg borti 
her?”. Så bestemte jeg meg for at dette skulle jeg klare, startet bilen, og kom meg utrolig nok 
over fjellet og til Røyrvik. Denne episoden beviste for meg at man klarer det man vil klare om 
viljen er sterk nok. Slik som jeg nå klarer å levere masteroppgaven min. Og slik som jeg er sikker 
på at det er mulig å snu utviklingen i mange rurale områder i Norge!


Og nei; det er kanskje ikkje så bra for ein forskar å forelske seg i regionen ein forskar på, men eg må seie at forelskinga fyrst skjedde etter oppgåva var levert inn. Og eg forelska meg på nytt då eg var oppe der no i september. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…