Gå til hovedinnhold

Høner i det fri

I går vart eg endå betre kjend med fjørfenæringa. Det blir mykje mjølk og sau når eg er ute på besøk i landet, mens fjørfenæringa er ei næring eg er blitt mindre kjend med. I går var eg med Mattilsynet på besøk for å bli kjend med både fjørfenæringa og slakteriverksemd. Slik kunne eg få meir kunnskap om næringa, regelverk og kva Mattilsynet ser etter spesielt på områda dyrevelferd og dyrehelse. 

Eg har aldri vore på eit slakteri for kylling og kalkun tidlegare. Det er mektige greier. Vi fekk vere med då trailerlast på omlag seks tusen kyllingar kom inn. Det som skjer då er at lasten med kylling blir kontrollert - blant anna for å sjå etter fukt i bilen og andre teikn på korleis dyra har hatt det under transport. Her kan ein då sjå etter avvik og då rapportere og eventuelt sørgje for forbetringar. 

Kyllingane blir så bedøvd med gass før dei blir avliva. Avliving skjer ved at kyllingen blir skjært strupen av. Etterpå blir dei skålda og seinare då gjort om til dei produkta dei skal bli. Det tek ikkje lang tid før dei er ferdigpakka og klare for butikken. 

Kyllingprodusentane er med i dyrevelferdsprogram. For å kunne produsere med maks tettleik må dei nemleg synleggjere at dei produserer med god dyrevelferd - dømt etter det vi omtalar som tråputeskader. Det vil seie skader under føtene på kyllingene, altså det vi kallar tråputene. Skader på desse blir rekna på slakteriet. Dei som scorar bra kan produsere med høgare tettleik, mens dei som har mange skader på tråputene får pålegg om å redusere tettleiken. Slik får du altså moglegheit til å tene meir pengar ved god dyrevelferd, noko som er bra for dyra. 

Tråputeskader seier sjølvsagt ikkje alt om velferden hjå kyllingen, men det er ein målbar indikator. I samband med auka konsesjonsgrenser er det foreslått å stramme endå litt inn på dyrevelferdkrava for kyllingproduksjon. 

Det er ikkje vakkert å slakte dyr. Eg vil heller ikkje seie det er koseleg å vere på slakteri. Du kjenner døden med alle sansane dine. Men det er faktisk slik matproduksjon er. 

Vårt ansvar er å sørgje for at dyra har det så bra som mogleg i den tida dei lev. Då er det viktig med god dyrevelferd i alle ledd i verdikjeda. Frå kyllingen er bitteliten til han er død. Bøndene har eit kjempeansvar her, det har veterinærane, det har sjåførane, det har rettleiarane og det har slakteritilsette. Også har Mattilsynet ei kjempeviktig oppgåve når det gjeld rettleiing og tilsyn. Dei får aldri sett på kvar einaste kylling, men har moglegheit til å få gjort noko om noko ikkje er på stell. 



Eg smiler fordi eg for fyrste gong har på meg "Mattilsynet-antrekk" og det var litt underhaldande sidan mange rundt meg sette spørsmålsteikn ved om eg hadde kompetansen i orden til ein slik uniform. Eg har i alle fall lært litt om kva ein skal sjå etter på tilsyn, men hadde neppe fått jobb som inspektør.  


Økologisk eggproduksjon
I går fekk eg også besøkt ein produsent av økologiske egg. Eg har besøkt eggprodusentar før - både med burhøns og frittgåande høns, men dette var fyrste gong hjå ein økologisk produsent. 

Hønene er sjølvsagt frittgåande i økologisk produksjon. I tillegg er det enkelte tilleggskrav innanfor økologisk eggproduksjon som konvensjonell produksjon ikkje har. Mellom anna et hønene økologisk korn. Hønene har i tillegg betre plass. Og ja; hønene skal ha tilgang til uteareal, som kanskje er den viktigaste skilnaden til konvensjonell produksjon. Konvensjonelle frittgåande høner har nemlig ikkje krav om at dei skal få gå ute. 


Høner som produserer egg går ute. I dag var det mykje vind og hønene var ikkje kjempeivrige på å gå ut, men nokon var ute og såg ut til å ha det finfint. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…