Gå til hovedinnhold

I dag kastar vi 190 000 brød i søpla

I Noreg kastar vi over ein fjerdedel av all mat som blir produsert. I Valdres blir det kasta omlag 167 000 kilo brød og over åtte hundre tusen kilo mat kvart einaste år.

Dagen i dag, 16.oktober,  er verdas matvaredag. Det er då på sin plass å tenkje over alle matvarene som blir produsert i verda, men som av ulike grunnar ikkje kjem til nytte. Dette er eit av dei store paradoksa vi jobbar med innanfor landbruks- og matpolitikken. Vi har som målsetting å produsere meir mat for at vi skal klare å brødfø stadig fleire folk. Samtidig har vi som målsetting å redusere eit altfor stort matsvinn.  

Vi er einige om at matsvinn er eit problem i alle ledd av verdikjeda. Det går mat til spille i primærproduksjonen (utrangerte verpehøns og poteter som ikkje er pene nok). Det går mat til spille i næringsmiddelindustrien og daglegvarekjedene kastar også mat som er gått ut på dato. Og så er det vi som forbrukarar, som kastar 46,3 kilo mat kvar kvart einaste år. 

Som politikar har eg sjølvsagt ei målsetting om at vi skal finne fram til gode tiltak i alle ledd i verdikjeda. Dette er krevjande arbeid mellom anna av omsyn til mattryggleik og distribusjon av overskotsmaten. Vi er no likevel i gang med å få på plass ei bransjeavtale for å redusere matsvinn, noko som har som mål å forplikte alle ledd i verdikjeda til å jobbe for reduksjon av matkasting.

Utan å undervurdere min eigen makt som politikar, er det ingen tvil om at det er lettast for meg å få til endringar når det gjeld meg sjølv. Det er mykje lettare for meg å endre meg sjølv enn å endre andre, og det kvar og ein av oss gjer for å redusere matsvinnet kan til slutt bety mykje i den store samanheng.  

Eg likar å sjå på meg sjølv om ein bevisst forbrukar som kastar lite mat. Eg har hatt egg i kjøleskapet som eg har ete eit halvt år etter at best før-datoen gjekk ut, eg anar ikkje kor mange ost eg har skjært av muggen på før eg har ete han og eg har drukke mykje sur mjølk for å teste ut om han likevel fungerer sjølv om best før-datoen er forbi.  Likevel kastar eg mat kvar einaste veke. Det bestemte eg meg for å gjere noko med.

Eg starta opp med prosjektet ”dokumenter alt du kastar av mat i løpet av ei veke”. Eg tok bilete av alt eg kasta og la det ut til offentleg lesing. Eksperimentet hadde minst to viktige effektar for meg sjølv. For det fyrste kasta eg nok mindre mat fordi eg faktisk kjøpte mindre mat på butikken. For det andre; eg forstod at eg faktisk kasta meir mat enn eg trudde.

Mange bra initiativ er på gang rundt omkring i landet for å redusere matsvinnet. Firmaet ”Epleslang” samlar inn eple som elles ikkje ville bli brukt frå private hagar i Oslo, og brukar dette til å lage eplemost. 

Matsentralen distribuerer overskotsmat frå daglegvarebutikkar, grossistar og produsentar til vanskelegstilte personar i hele Oslofjord-området.

Vi treng fleire med på dugnaden til å redusere det norske matsvinnet. Eg vil anbefale nettsida www.matvett.no for dei som ønskjer inspirasjon til korleis dei kan kaste mindre mat. Der er det oppskriftar og tips til smartare forbrukaråtferd.

Eg brukar verdas matvaredag i dag til å starte min eigen vesle kampanje den neste månaden; ”Prosjekt sparebluss”. Eg og sambuaren min skal spare alt vi kan den neste månaden, og dei pengane vi brukar på å kaste minimalt med mat skal vi putte rett inn på bustadsparekontoen.

Å redusere matsvinnet er bra for både vår eigen lommebok og for å medverke til eit bærekraftig samfunn der vi tek vare på både klima og miljø. I dag – på verdas matvaredag - vil vi kaste 190 000 brød i søpla. Eg og du kan i tida framover medverke til at dette talet blir litt mindre.  


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…