Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2014

Glade kyr og glade forbrukarar

Grøndalen gard og "Nýr" Eg møtte nok ein dyktig bonde fredag denne veka. Ikkje berre har han ei solid bedrift, men han driv også ut i frå ein filosofi som handlar om at dyra skal ha det bra og at kua skal få lov til å vere mor. 
Hans Arild Grøndahl driv eit mjølkebruk i Akershus med 19 mjølkekyr. Bruket er drive økologisk, kyrne ligg på halm inne i eit lausdriftsfjøs og har tilgang til store beiteareal ute. Kyrne får lov til å ta vare på kalven sin i to månader (minimumskravet i økologisk landbruk er at kalv skal gå med mor i tre dagar). Du kan lese meir om filosofien og gardsbruket her. 

På Grøndalen gard marknadsfører dei produkta sine med at dei kjem frå lykkelege kyr. Det produktet dei er mest kjend for er Nýr, som er ein ferskost som kan brukast både som tilbehør, i dessertar, i matlaging og elles til alt anna du måtte ønskje. Nýr blir brukt av mange kjende kokkar og restaurantar i Oslo, og du får også kjøpt produktet i Meny- og Ultrabutikkar i Osloområdet.

Eg og Ingunn…

Dei 333 Bukkene Bruse som ikkje lenger kom seg til seters for å gjere seg feite

Det var ein gong tre hundre og trettitre Bukkene Bruse som ikkje lenger kom seg til seters for å gjere seg feite. Dei heitte forresten ikkje lenger Bukkene Bruse. Du skjønner no hadde ikkje bøndene omsorg for dyra sine lenger, og dei fekk ikkje lenger namn. Det var mange små og store geiter, men dei vart ikkje lenger sett. Dei var nemlig alle ein del av store besetningar i dette vesle landet som ein gong hadde vore så idyllisk.
Og det var ikkje berre Bukkene Bruse som ikkje lenger kom seg til seters. Kyrne og sauene kom seg heller ikkje til seters lenger. Dei var berre inne og åt kraftfôr. Dei tygde kraftfôr dagen lang, og fôret var fullt av antibiotika.
Dagros, ho vart ikkje lenger kalla Dagros. Ho hadde no berre eit nummer. Og ho fekk ikkje lenger omsorg frå eigaren sin. Ho var kanskje snill ho bonden, men ho var jo aldri her. Alt ho gjorde var å køyre rundt frå jordlapp til jordlapp og spreie møkk. Og eksos, sjølvsagt. Det var ikkje lenger mogleg å lage anna enn eksosmat.
Og det kom b…