Gå til hovedinnhold

Dei 333 Bukkene Bruse som ikkje lenger kom seg til seters for å gjere seg feite

Det var ein gong tre hundre og trettitre Bukkene Bruse som ikkje lenger kom seg til seters for å gjere seg feite. Dei heitte forresten ikkje lenger Bukkene Bruse. Du skjønner no hadde ikkje bøndene omsorg for dyra sine lenger, og dei fekk ikkje lenger namn. Det var mange små og store geiter, men dei vart ikkje lenger sett. Dei var nemlig alle ein del av store besetningar i dette vesle landet som ein gong hadde vore så idyllisk.

Og det var ikkje berre Bukkene Bruse som ikkje lenger kom seg til seters. Kyrne og sauene kom seg heller ikkje til seters lenger. Dei var berre inne og åt kraftfôr. Dei tygde kraftfôr dagen lang, og fôret var fullt av antibiotika.

Dagros, ho vart ikkje lenger kalla Dagros. Ho hadde no berre eit nummer. Og ho fekk ikkje lenger omsorg frå eigaren sin. Ho var kanskje snill ho bonden, men ho var jo aldri her. Alt ho gjorde var å køyre rundt frå jordlapp til jordlapp og spreie møkk. Og eksos, sjølvsagt. Det var ikkje lenger mogleg å lage anna enn eksosmat.

Og det kom berre fleire og fleire nye kyr inni fjøset. Dagros kunne ikkje namnet på alle lenger ein gong. Det vart stadig fleire kyr. Alt for å nå krava om effektivitet. Og dess fleire kyr dess meir måtte bonden køyre traktor. Det var snart ikkje anna enn dekk og diesel att i dette landbruket.

Sauane hadde fått prata litt med geitene ein gong for lenge sidan då dei framleis var ute i marka og åt gras. Dei hadde då fått høyre om eit troll. Ei troll under ei bru.

-         - Høyrast det ikkje litt hyggeleg ut med troll, tykkjer du, sa den store sauen til den vesle? Det må vel vere hyggeleg å ha ein fiende det er mogleg å slå?



Frå meg til dykk; utdrag frå eventyret om korleis det gjekk med Bukkene Bruse etter at Framstegspartiet overtok Landbruks- og matdepartementet. Fortalt fyrste gong av meg på landsmøte i Bonde- og småbrukarlaget førre helg. Skrive ned for fyrste gong i eit blogginnlegg no.



For ordens skuld for dykk som ikkje forstår ironi; eventyret er slik våre motstandarar likar å få fram skremmebilde om kor forferdeleg det blir i landbruket om me får fortsette. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Språkdebatten var ikkje død

Tidlegare i denne veka var eg deltakar i "Valdresdebattane". Spørsmål vi skulle diskutere var mellom anna: Er det plass til to likestilte språk i Noreg i dag? Eller kostar det for mykje? Er det eit problem at 75 % av ungdommane i Valdres skiftar språk? Og kven har i så fall ansvaret?

Eg var deltakar i debatten saman med mellom anna språkforskar Arne Torp (han frå Joker-reklamene), kommentator Erling Lægreid, Elisabeth Aspaker frå Høgre og ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Eg har alltid vore glad i nynorsk, men eg har ikkje alltid vore nynorskbrukar. Eg var også ein av dei som byta målform frå nynorsk til bokmål då eg var elev på vidaregåande skule i Valdres.

Det kan verke lettare å skrive bokmål enn nynorsk. I alle fall når du er ein halvlat 15-åring. Stort sett alt eg las var bokmål, og når du tenkjer etter kva for målform ein møter mest av rundt seg i samfunnet, kan vi ikkje seie at bokmål og nynorsk er likestilt. Når eg i tillegg opplevde at bokmålsstilane eg fekk attende frå …