Gå til hovedinnhold

Glade kyr og glade forbrukarar

Grøndalen gard og "Nýr"
Eg møtte nok ein dyktig bonde fredag denne veka. Ikkje berre har han ei solid bedrift, men han driv også ut i frå ein filosofi som handlar om at dyra skal ha det bra og at kua skal få lov til å vere mor. 

Hans Arild Grøndahl driv eit mjølkebruk i Akershus med 19 mjølkekyr. Bruket er drive økologisk, kyrne ligg på halm inne i eit lausdriftsfjøs og har tilgang til store beiteareal ute. Kyrne får lov til å ta vare på kalven sin i to månader (minimumskravet i økologisk landbruk er at kalv skal gå med mor i tre dagar). Du kan lese meir om filosofien og gardsbruket her. 

På Grøndalen gard marknadsfører dei produkta sine med at dei kjem frå lykkelege kyr. Det produktet dei er mest kjend for er Nýr, som er ein ferskost som kan brukast både som tilbehør, i dessertar, i matlaging og elles til alt anna du måtte ønskje. Nýr blir brukt av mange kjende kokkar og restaurantar i Oslo, og du får også kjøpt produktet i Meny- og Ultrabutikkar i Osloområdet.

Eg og Ingunn Foss, som er landbrukspolitisk talsperson for Høgre, hadde blitt invitert med av Dyrevernalliansen på besøk til Grøndalen gård. Og for eit besøk det vart! Ein entusiastisk bonde med verkeleg tru på det han driv med. Stor tru på at det er viktig at dyra har det bra både for at det i seg sjølv er viktig at dyra har det bra, og for at det blir betre mjølk av det. Ikkje rart Nýr blir marknadsfør som ein syrlig ferskost frå lykkelige kyr. 

Eg, Ingunn og Hans Arild i lag med det som ikkje ser ut som ein altfor lykkeleg kalv på bilete, men eg skal love deg at kalven klarte seg bra i møte med oss.


Kyrne på garden som har moglegheit til å kome seg ut. Denne dagen er det vått og gjørmete og ikkje passande å springe ut på graset. 


Produktet som blir laga av lykkelege kyr; Nýr. Eg fekk med eit beger heim og det skal inngå i romantisk måltid til kjærasten til helga. Sik at han også blir lykkeleg. 


"Alle kan ikkje ha 19 mjølkekyr og leve av det"
Nei, alle produsentar skal ikkje vere som Hans Arild Grøndalen. Ei skal heller alle produsere Nýr. Det er ikkje mogleg, og heller ikkje ønskeleg. Like lite som eg meiner alle skal vere som dette bruket, meiner eg at alle skal produsere 900 000 liter mjølk (som er kvotetaket). Eg er oppteken av mangfald, og at kvar enkelt produsent må ta tak i sine styrker, sitt potensiale og produsere ut i frå det. For nokon er det å produsere mykje mat, for andre er det å produsere nisjemat til ein høgare kvalitet og til ein marknad der folk er villige til å betale noko meir. 

Eg tek av meg hatten for norske matrodusentar. Mine heltar er folk som Hans Arild Grøndalen, som trur på noko og som realiserer det dei trur på. Som lev ut sin filosofi, noko som gjev glade kyr og glade forbrukarar.


Kommentarer

  1. Hans Arild er en virkelig flott fyr - skulle ønske alle kuer i Norge hadde det like bra som kuene hans!:-)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…