Gå til hovedinnhold

Verdas vakraste juletre

For 3 1/2 år sidan lagde eg ei liste over 50 ting eg skulle gjere før eg døyr. Nummer 40 på denne lista er: "Gå ut i skogen og hogge mitt eige juletre". Dette hadde eg altså ikkje klart å oppnå endå - før i førre veke.

Midt i pelsdyrdokumentardebatt, budsjettdebattførebuingar og anna vi driv med her i Landbruks- og matdepartementet før jul, vart eg invitert med ut for å hogge juletre. I Vestfold. Og dette var ikkje berre nokre vanlege tre; nei dette er tre som skal eksporterast til Tyskland.

Eg skal prøve å ikkje skrive altfor mykje tekst - difor bileteserie. Så kan du lese meir om eksportsatsinga til Fjordtree her. 
Her ser du altså trea. Fjelledelgran planta i Lardal i Vestfold. Bonden som eig desse trea er ein del av firmaet "Vestfoldtre" som no altså sender mange av trea sine til den tyske marknaden. Dei trea med synleg merkelapp med "Fjordtree" er dei som skal til Tyskland. Det er altså dei mest eksklusive. 


Meg og fleire av representantane eg møtte. Både bønder i Vestfoldtre, representantar frå "Norsk juletre" og representantar for "Fjordtree". Med ny jakke for dagen kan eg nesten bli tatt for å vere ein juletrehoggar eg også. 




Min einaste erfaring med ei sag før dette var å sjå på sagekonkurranse på Farmen. No har eg fått sagd mitt eige tre. Det var tungt. Tyngre enn eg hadde trudd. 


Ferdig sagd! Kjempestolt av meg sjølv. Fortel publikum rundt at det aldri er blitt sagd ned eit tre på betre måte. 


Ikkje ferdig endå. Treet må fraktast bort med rein muskelstyrke. 


Treet skal inn i pakkemaskin. Eg tykkjer litt synd i treet, men tenkjer at det truleg ikkje gjer vondt. 


 Inn i pakkemaskina. 


Ferdig pakka og klar til å fraktast heim. Og nei; dette skal ikkje til Tyskland. Det skal til Landbruks- og matdepartementet! 


Og der kom juletreet på plass i Landbruks- og matdepartementet. Står og luktar godt og gjev oss alle julestemning. 


Tusen takk for juletreet. Takk mest for ein fantastisk oppleving i Vestfold! Eg blir så glad for å møte folk som har tru på produktet sitt. Som seier; produktet vårt er fantastisk godt og vi kan selge det for mykje pengar. Menneske som tenkjer positivt og ønsker å gjere det bra. Det er slike menneske som skapar verdiar og som sørgjer for at Noreg går bra. 

Mine heltar er ikkje berre innovative matprodusentar som gjev oss god mat i jula. Mine heltar er også dei som gjev oss vakre juletre. Som dei eg møtte i Vestfold. 

Og det flottaste juletreet i verda. Kor er det? Jo, det står ein plass i ein skog heime i Valdres og ventar på at eg og Trond skal hente det om ei vekes tid. Javisst er det kanskje ikkje så symmetrisk som det som står i departementet, men for oss to kjem det til å vere det vakraste. Fordi vi hogger det i lag. Fordi vi hogger det i eige skog. Og fordi vi hogger det med kjærleik. 

God juletrejakt alle saman!


Kommentarer

  1. Kjempefint at du satte av tid til dette! Det er tydelig at du ble tatt godt imot i Vestfold; skulle da bare mangle også - det er trivelige og dyktige folk som vet hva de driver med. Men også modige; De velger å gå inn i mulighetsrommet, og de gir seg ikke før de finner lysbryteren:-)

    Det er moro å lese det du skriver. Takk for at du delte denne opplevelsen!

    Riktig god jul :-)

    SvarSlett
  2. Vart tatt kjempegodt i mot i Vestfold. Var verkeleg flott å vere der, og juletreet står framleis fint. Ikkje vanskeleg å ha tru på dei som har jobba fram denne satsinga. Godt nytt år til deg, og takk for hyggeleg attendemelding!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…