Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2015

Siste reise frå Beitostølen

For det som truleg blir siste gong, tek eg no buss frå Beitostølen til Oslo sundagskveld. Om to veker tek eg buss frå Heggenes i staden for. 
Eg og Trond har altså kjøpt oss hus og no flytter vi snart lenger ned i bygda. Til jul har vi endeleg vår eigen plass med fleire rom, og vi gler oss. 
Om eg kjem til å sakne Beitostølen? Ja, og i alle fall no når eg endeleg har funne skiløypene. :)
Skitur i sola i dag. Blir nok ei stund til neste gong.

Vinteren er her.

I alle fall på heime på Beitostølen. I helga vart det både tid til å teste vinterskoa og snøkosten til bilen.


Og når eg sit på bussen tilbake til Oslo og det regnar på svart asfalt, tenkjer eg at snø og vinter tross alt er ganske koseleg.

Kor mykje kan ein skryte av Valdres før det blir kvalmt?

Eg er stolt av Valdres. Eg brukar alltid å prate om Valdres når eg er ute på tur i jobben min. I innlegg eg held fortel eg om alt det flotte i Valdres, og viser stolt fram døme som rakfisk, ost, fjellgris og unike overnattingsopplevingar og matopplevingar.

Dette betyr ikkje at eg likar alt med Valdres og at eg ikkje er kritisk til mykje (men det skal eg la ligge no). Men eg er veldig stolt av Valdres og mange av gründarane som har fått til mykje innanfor reiseliv, lokalmat og landbruk. Eg er stolt av mykje av det som er gjort på merkevarebygging.

I morgon skal eg til Hordaland og Bergen. Eg skal prate om mat i reiseliv. Og jada - eg skal innrømme det. Reiselivsdestinasjonane på Vestlandet slår sikkert Valdres ned i støvlane på enkelte ting. Det gjør nok sikkert også kokkane der (til dømes i Austevoll). Kanskje også turistattraksjonane (preikestolen og slikt). For ikkje å prate om drikke (i alle fall for oss som er meir glad i cider enn i øl). Så eg skal jo skryte og trekke fram gode d…

Tøff hjå tannlegen

Eg trur eg er ganske tøff. Eg trur sjølv at eg berre er redd edderkoppar. Mogleg eg er redd skorpionar og andre dyr eg sjelden møter også. Når eg tenkjer etter er eg heller ikkje spesielt tøff når det kjem til høgder. Også er eg redd for sprøyter (spesielt dei som blir sett i munnen). Og blodprøver. Og no er eg også redd for tanntrekking.

I går trakk eg visdomstann nummer tre. Dei to førre trakk eg for eitt år sidan. Etter den fyrste tanntrekkinga hovna eg opp og såg ut som ein ballong i ei veke. Etter tann nummer to låste kjeven seg og eg klarte ikkje gape på to månader.

Eg har difor utsett trekking av tann nummer tre i det lengste, men på eitt eller anna tidspunkt seier tannlegen berre; no må du bli ferdig med det! Og det gjorde min veldig bestemte tannlege for tre veker sidan.

Eg har no grua meg til trekking av tann nummer tre i tre veker. I helga måtte eg meditere bort dei skumle tankane. Natt til måndag hadde eg mareritt heile natta, og vakna opp heilt utslitt.

Eg skulle til tann…

Good evening Europe

Siste dag av ministerkonferansen er snart slutt. I dag har vi signert ministererklæring og andre dokument. Vi har hatt pressekonferanse og gode samtaler med europeiske kollegaer. 
Signering på gang. 
Det er ikkje veldig kvinnedominert på ministerkonferanse i Forest Europe. Men vi er fleire unge kvinner. Her er eg i saman med Miljøminister i Luxembourg og statssekretær for miljø i Polen. 
No tre timar att før vi kan si Good evening Europe - for denne gong.

Nesten Eurovision song contest

Eg bruker å seie at det viktigaste for å knyte Europa tettare saman, er Eurovision song contest. Eller Melodi Grand Prix, som vi kallar det her heime. 
Dessverre kjem eg aldri til å få delta i mgp. I dag har eg likevel fått mine tre minutt "representing Norway". 
I dag og i morgon deltek eg på ministerkonferanse i Forest Europe. Her diskuterer vi og blir einige om vidare samarbeid på det skogpolitiske arbeidet og korleis vi skal styrke den grønne økonomien. 
Eit knippe europeiske ministrar, statssekretærar og andre delegasjonsleiarar. Mannsdominert, ja. Eg gøymer meg på venstre side i bilete. 
Frå denne plassen held eg innlegget i dag og skal halde nytt innlegg i morgon. Eg tenkte etter eg hadde prata i tre minutt at dette nok er det næraste eg kjem melodi grand prix. 
12 points. To Norway!
For fyrste gong skriv eg blogginnlegg frå mobil. Derfor kort i dag. I morgon fortsett ministerkonferanse. Oppdatering kjem. 

Frå Lillehammer til Madrid

I morgon tidleg må eg opp klokka fem på morgonen. Reiseantrekket kjem til å vere jeans og t-skjorte, joggesko og boblejakke. I veska mi kjem eg til å ha ei dressjakke og eit par høghelte sko eg kan ta på når eg kjem fram. I kofferten min har eg svarte skjørt, fine kjoler, tynne strømper, nypussa sko og eit par skjorter.

Det fyrste antrekket er vanleg på tur i Landbruks- og matdepartementet. Det eg har i kofferten er meir uvanleg. Og ja, du har heilt rett. Eg skal ikkje på gardsbesøk. Ei heller skal eg på medlemsmøte i Bondelaget. Eller i Framstegspartiet.

I morgon tidleg reiser eg til Lillehammer. Der skal eg vere i omlag 2,5 timar før turen går tilbake til Gardermoen. Flyturen går til Madrid og ministerkonferanse i Forest Europe. Der skal eg altså møte mange andre europeiske politikarar som har ansvar for skogpolitikken i sitt land. Vi skal møtast for å diskutere vidare europeisk samarbeid på skogfeltet. Og så skal vi formelt sett bli einige om ein del ting (men slik eg forstår det e…

Ein grøn dag på Hamar

I førre veke vart statsbudsjettet lagt fram. Denne dagen er ein av få dagar i løpet av året at eg pratar om andre ting enn landbruks- og matpolitikk (83 % av budsjettet vårt er allereie bestemt tidlegare i år, så det kjem svært lite nytt her). I år vart eg sendt til Hedmark for å legge fram den glade bodskap om eit budsjett for arbeid, aktivitet og omstilling. 

Tidleg oppe for å ta toget til Hamar. Er spent. Har brukt dei to siste dagane på å lese meg opp på budsjettet (på andre område enn mitt eige), og bruker togturen til å drikke kaffi og repetere (og lære meg nye ord på skatt, arbeid og næring). 

På Hamar valde vi å presentere budsjettet på Hedmark kunnskapspark. Der finn vi mange av dei heltane vi må løfte fram og som blir viktige i det grøne skiftet. Gründarar med ein ny idè, som tør å satse, som tør å kombinere kunnskap på nye måtar. Formuen til Noreg er ikkje på havbotnen, men i hovuda til folk. Det er viktig vi har gode rammevilkår for desse menneska.

Midt i blinken å kome hit …

Tilgi meg, kjære Beitostølen.

Eg veit det. Eg forbannar Beitostølen i blant. Når eg møter kilometer med kø i butikken i helgene. Når eg kvar helg må tilbringe åtte timar på buss for å kome meg heim og tilbake på jobb. Når eg blir så forbanna som berre eg kan bli fordi det er dunk-dunk musikk frå uteplassen som er rett over leiligheten vår - klokka to på natta på ein sundag(!).

Men så er det slike gonger som i helga. Når alt er berre så heilt fantastisk. Når eg putter på meg joggesko klokka 10 laurdagsformiddag og eg treng berre å gå frå stovedøra i slik omlag 20 minutt, og det som møter meg er dette: 

Det er ein skam å innrømme. Men eg har budd på Beitostølen i snart to år, og det er fyrst no eg begynner å utforske nærområda mine. No har eg funne meg masse fine fjellrunder, som ikkje treng ta lenger tid å gå enn ein time (slapp av fjellfreaks, det er også mogleg å gå lenger, men eg er ikkje fanatisk endå). Ein må altså ikkje ta med termos, nistepakke og ha ein haug med utstyr for å kome seg til fjells. Det held fa…

Bygda møter Bybi

Trond har lenge hatt ein drøm om å starte med birøkt. Eg vart meir interessert i å bli med på planen då eg tidlegare i år var på besøk hjå Noregs birøkterlag.

I alle fall - for å få ein fyrste smakebit meldte vi oss på "En smak av honning" på Mathallen, som er eit arrangement underØkouka, som foregår denne veka her i Oslo.

Bybi har altså bikubene sine på taket på Mathallen, og marknadsfører seg sjølvsagt som urban birøkting. Verkstaden starta på taket, der vi fekk sjå på bikubene.

På taket
Bikubene på taket. Dessverre vart vêret dårleg og vi fekk ikkje vore med på hausting av honning slik som var planen. Honningen vart difor hausta dagen før, noko som gjer at det berre er att ein etasje i kubene. Biene får no mat og skal bli gjort klare for vinteren.

Trond ved to av bikubene, som er blitt designa av Snøhetta. Lite aktivitet frå biene når det er regn og kaldt, men ein og anna speider såg vi som flaug utanfor. 


Honningslynging og honningrensking Del to av verkstaden er inne. Der s…

Kjære kyrkjekontoret i Øystre Slidre: her har de stemma mi!

Fredag 4.september tok eg meg kontorfri frå jobben og reiste heim til Beitostølen. Målet mitt var å stemme til valet - både lokalvalet og kyrkjevalet. Eg visste eg ikkje hadde moglegheit til å kome meg heim valdagane, og det var difor avgjerande for meg å få røysta på førehand.

Torsdagskvelden brukte eg og Trond tida på å gå gjennom alle vallister til kommunevalet for å sjå kven vi skulle gje slengarar. Vi gjekk også gjennom lista til soknerådsvalet og vi gjekk gjennom kandidatpresentasjonene til bispedømmerådet. Eg noterte ned kven eg ønskja å stemme på slik at eg kunne ha med jukselapp til vallokalet.

Øystre Slidre kommune hadde annonsert at vallokala var opne til klokka 14 kvar kvardag. Vi var difor ute i god tid før lokala skulle stenge. Å stemme til kommunestyre og fylkesting gjekk som ein leik.

Så går vi ned til kyrkjekontoret i Øystre Slidre der vallokalet er. Der møter vi ei stengt dør. Vi er noko sjokkerte. Vi går opp i resepsjonen på kommunehuset. Spør kva som skjer her? Ho …

Gris i Blåfjell

I går var eg på landbruksbesøk i Vefsn kommune. Det var ein spesiell oppleving for meg. Dette er kommuna namnet mitt kjem frå - røtene mine frå farsida stammar herfrå.

Fyrste besøk var på Stall Evipasjen. Der får eg møte ein utruleg dyktig drivar, fysioterapeuten i kommuna, som også er hesteterapeut, to elevar og ein forelder. Eg fekk høyre om korleis du kan nytte hesten til bruk for å betre motorikk, til det sosiale og til det fysiske og psykiske. Brukarane opplever framgang og kommunen bruker dette tilbodet til fleire av dei som har behov.

Utruleg lærerikt. Fekk høyre mykje (og sjå) om korleis dei gjer dette og elevane fortalte om si erfaring. Veldig nyttig. Hest er så mykje meir enn berre rekreasjon! 


Måtte jo sjølvsagt prøve sjølv også (du veit ikkje korleis ting fungerer før du har prøvd det sjølv). Eg fekk høyre eg såg ut som ein potetsekk, men etter kyndig rettleiing fekk eg verkeleg testa balansen min (og ja, eg kunne hatt godt av meir terapiridning). 

Etterpå var eg på besøk ho…

Grønsaker frå Slidreøya og røysting på Tingvang

Det er flott å vere heime i Valdres i helgene. Denne helga fekk eg til og med tatt meg ein tur til Fagernes for å kjøpe grønsaker frå Slidreøya fengsel. Dei dyrkar altså grønsaker, og sel ein del av det dei ikkje bruker sjølve til oss vanlege forbrukarar.

På marknad på Fagernes og kjøpte ein haug med grønsaker frå Slidreøya. Purrelauk, rotgrønsaker, squash, grønnkål, sukkererter og mykje anna. Har ete minst fem om dagen i helga!


For fyrste gong stemte eg før valdagen. Har alltid sett pris på å pynte meg og gå i vallokalet på valdagen. Denne gongen gikk ikkje det, sidan eg er i Oslo på valdagen. Ettersom eg hadde planer om å gjere endringar på røysteseddelen fekk eg ikkje førehåndsrøysta i Oslo. Partivalet er sikkert ingen hemmelegheit, men eg nytta høvet til å gje personstemmer og slenge eit par namn inn på lista. Det er det fine med kommuneval - at det også er mogleg å stemme på personar frå andre lister, som du likevel har tru på!


Obligatorisk bilete etter at eg stemte for fyrste gong…

Å plante ein CO2-fangar.

Eg har planta tre tre i mitt liv. Det tredje treet planta eg no på sundag i Steinkjer. Det var for å markere oppstarten av treplanting som klimatiltak. Det skjedde i lag med Klima- og miljøminister Tine Sundtoft.


På plass på plantefeltet i Steinkjer i lag med Tine Sundtoft. Planting skal skje på nye areal og her er det rydda kratt og attgroing for å plante CO2-fangarar. 

Fyrste gong eg planta eit tre var som barneskuleelev heime i Bagn. Eg hugsar det var stor stas og at me hadde både for- og etterarbeid der me lærte om kor viktig det var med skogplanting. På denne tida (80-talet) vart det planta om lag 70-75 millioner planter kort år. Det siste tiåret har det vore om lag 20 millioner planter kvart år.  
Eg meiner det er viktig for skognæringa, og for samfunnet, at skogplanting kjem på dagsorden att. Tømmer er ein fornybar ressurs som et moderne samfunn treng. Ressursgrunnlaget i skogbruket vil svekkast om vi ikkje investerer meir i skogen.
Eg ser den skogplantingen vi no startar opp, som…

Potetfrø frå Peru og ei jente frå Valdres

Førre veke var ei veke med mykje lærdom og mange inntrykk. Det var også ei veke i potetens teikn (som veldig ofte her i Landbruks- og matdepartementet).

Torsdag gjekk turen til Svalbard. Der skulle eg vere med ein delegasjon frå Peru og Costa Rica, i lag med generalsekretær i FAO (FNs organisasjon for mat og landbruk), NordGen og Global crop diversity trust. Potetfrø skulle deponerast i Svalbard globale frøhvelv.

Frå Parques de la Papa i Peru var det med fleire bønder. Dei som har jobba med poteten i generasjonar. For dei var det ei veldig spesiell reise. Dei skulle plassere frøa sine, som er så sterkt knytt opp mot deira identitet og kultur, i det globale frøhvelvet. Som ein sikkerheit for framtida. For menneskeheita. Forhåpentligvis får vi aldri bruk for frøa i det globale frøhvelvet, men dei ligg der som ein sikkerheit.

I mange minusgrader etter at delegasjonen frå Peru har deponert plantearven sin, potetfrøa, i hvelvet. Her i lag med Marie Haga, som er direktør i Global crop diversi…

Strålande ferie, men no er den harde kvardag tilbake

Måndag kom som eit brak. Etter to veker i fullstendig dvale (altså ferie) var den harde kvardagen tilbake. Og her er jamen valkampen i full gong, og kalenderen min var meir full enn eg trudde dei neste to vekene. Her blir det tur både til Moss, Svalbard, Ås og Nord-Trøndelag.

I morgon er det klart for Vansjøkonferanse i Moss - og eg brukt dagen i dag til å lære meg historia til vassforvaltninga der, og kva dei har fått til så langt. I innlegget mitt i morgon skal eg reflektere om miljø- og landbruksomsyn er på kollisjonskurs. Eg skal ikkje røpe konklusjonen min, men eg kan vel konstatere at vi finn større kollisjonar mellom landbruk og miljø enn på vatnforvaltninga her i dette landet.

I neste veke skal eg halde innlegg på jordvernseminar før turen går til Svalbard der vi skal leggje inn potetfrø i frøhvelvet, og har med gjestar frå andre land. Etter det går turen til Nord-Trøndelag for å plante eit tre, og etter det har eg ikkje kontroll lenger.

Ferie er godt. Eg elskar ferie. Eg elsk…

Straks klar for ferie!

Eg har hatt det utruleg triveleg på jobb i Landbruks- og matdepartementet i juli. Eg har til og med fått oppleve litt korleis det er å ha kollegaer. Som politikar i eit departement elles i året, føler du deg til tider litt åleine. Men i sommar føler eg at eg har fått vore ein god kollega til dei i departementet. Skravla, prata tull, prata fag, hatt felles lunsjer, og vi har til og med vore ute og drukke vin i lag etter jobb (slå den!).

Livet mitt er elles vanlegvis ganske kjedeleg. Eg er på Beitostølen i helgene (stort sett) og då brukar eg tida i lag med han eg elskar høgast på denne jord. Kjærasten min, altså. I vekene er eg i Oslo utan kjærast (eg hatar det!). Då er eg berre på jobb. Så går eg heim i den stusselege pendlarleiligheten min utpå kvelden ein gong, og ser ofte litt på tv. Så legg eg meg. Så står eg opp tidleg dagen etterpå. Og slik går no dagane. I tillegg er det sjølvsagt ein del reising rundt omkring i landet (eller utlandet ein sjeldan gong) - i perioder meir enn and…

Traktoropplæring pågår!

Eg får ofte spørsmål om eg kjem frå gard eller om eg har tilknyting til gard. Det er tydeligvis blant enkelte sett på som ein nødvendig eigenskap for å vere politikar i Landbruks- og matdepartementet. Eg skal ikkje gå inn på kva eg meiner om den haldninga, men eg bruker å svare: "Nei, men eg et veldig mykje mat". Eller "bestemor mi, som eg heiter opp etter, var deltidssauebonde og senterpartist" (og det må vel bety at eg har det i meg og er kvalifisert?).

Kjærasten min (eller min "betre halvdel", som mange seier, noko som vel betyr "ein del av meg"?) derimot, han er gardsgut. Han kjem fra gard, og sjølv om russenamnet hans visstnok var "Guffen" meiner eg at han er utruleg handy og kan masse gardsting som eg ikkje kan. Det er han eg spør viss det er nokon ting eg lurer på om praktisk gardsdrift og som eg ikkje tør spørje andre om.

I helga køyrte vi traktor saman for fyrste gong. Riktignok skulle ikkje traktoren brukast til gardsarbeid (…

Frukt- og grøntquiz!

Sommar betyr at ein kan lese ting ein normalt sett ikkje får tid til. Som totaloversikt for frukt, bær, grønsaker og poteter gitt ut av Opplysningskontoret for frukt og grønt. Eg har bearbeida den nye kunnskapen eg har fått gjennom ein quiz til dykk. Fasit ligg i kommentarfeltet.

Lesestoff denne veka. Lær deg hovudtala på eit blunk med denne quizen!

1. Kor mykje frukt, bær og grønt åt kvar innbyggjar i Noreg i 2014?
A: 98,4 kg
B: 111,7 kg
C: 121,9 kg

2. Kor mange gram frukt og grønt er ein eining i "fem om dagen"?
A: 100 gram
B: 200 gram
C: 300 gram

3. Kva for grønsak blir det seld mest av i Noreg?
A: Broccoli
B: Blomkål
C: Tomat

4. Kva for frukt blir det seld mest av i Noreg?
A: Banan
B: Eple
C: Appelsin

5. Kva for grønsak hadde størst nedgang i sal frå 2013-2014?
A: Isbergsalat
B: Kinakål
C: Gulrot

6. Kva for grønsak hadde størst vekst i sal frå 2013-2014?
A: Gulrot
B: Asparges
C: Avokado

7. Kva for frukt hadde størst vekst i sal frå 2013-2014?
A: Kiwi
B: Melon
C: Avokado

8. Kva fo…

Ein smak av honning

Rett etter eg møtte kjærasten min min, fortalte han meg at han hadde vurdert å starte med birøkting. Eg såg rart på han og sa: "Det må du ikkje finne på. Då blir du han rare hippien på Beitostølen som driv med bier. Du blir "biemannen"".

Dette var leeeenge før eg begynte i Landbruks- og matdepartementet. I dag har eg vore på mitt fyrste besøk hjå bifolk, og med det har eg fått endå større respekt for desse skapningane, og no tenkjer eg: "Tja..det er kanskje ikkje uaktuelt at vi sett opp nokre bikuber når vi ein gong får oss det småbruket vi drømmer om".

I dag var eg på besøk hjå Noregs Birøkterlag og Honningsentralen. Noregs birøkterlag har 3 500 medlemmar, og det blir stadig fleire. Dei opplever ein stor pågang av menneske som ønskjer å bli medlemmar og som ønskjer å starte med birøkting. Mange av dei i bynære strøk, og dei aller fleste startar i det små. Som hobbybirøktarar. I dag fekk eg oppleve bikubene på nært hald. Det var spanande, og ikkje skummel…

Fyrst honning, så ost!

Ny arbeidsveke er i gang i Landbruks- og matdepartementet. Heile fire veker att til ferie, men eg har det heilt utmerket på jobb om dagen. Hjernen er mottakeleg for lærdom og eg er i overraskande godt humør. Kanskje fordi det ikkje er sol i dag? Det er mykje hyggelegare å vere på jobb når det er gråvêr ute.

I dag har eg hatt møte med Sabima om situasjonen til villbiene. Det blir færre bier og humler ute i naturen vår, og desse pollinatorane er sjølvsagt viktige for både landbruksnæringa og for naturmangfaldet elles. Talet på bier har gått nedover i mange år, og årsaken skal mellom anna vere at landskapa dei lev i forsvinn og kulturlandskapet blir endra. Det er ei problemstilling som vi sjølvsagt tek på største alvor, men som det dessverre ikkje finn nokon "quick fix" på (som så mykje anna). Nokon vil hevde vi treng fleire pengar til både ditt og datt. Eg vil hevde det verste vi gjer er å kaste pengar etter noko vi ønskjer å løyse, utan at vi er så sikre som mogleg på kva som…

Sommarjobbing

I sommar skal eg vere på jobb stort sett heile juli. Etter ei veke ferie i Danmark førre veke, var eg på plass på kontoret att tysdag denne veka.

Då ser eg omtrent slik ut:

I alle fall rett før eg skal heim frå jobb (faktisk litt tidlegare enn normalt), når eg er klar for å kome ut i sola. 
Tida på kontoret (utan solbriller) går med på å lese slike ting:
I dag kom rapporten om leigejord og driveplikt, som vi har venta på. Eg må alltid gjere to ting samtidig, så mens eg les rapport nyttar eg høvet til å lakke neglene. 
Men altså; det er nok å gjere om sommaren også. Eg seier ikkje  at det er slapt. Det er alltid nok å lese eller noko ein burde skrive. I blant dukkar det opp ein debatt eller noko ein må stille i også. 
Men viss du skulle ha noko du vil vise meg der ute i det fri, er eg veldig positiv til invitasjonar til å kome ut i landet også i juli. Eg veit mange tek sommarferie, men eg veit mange av aktørane innanfor mat- og landbruksfeltet ikkje gjer det. Eg er alltid open for meir k…