Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2015

Artikkel 19 - den store snakkisen frå by til bygd

Trur du den viktigaste snakkisen i landbruket om dagen er mjølkekvoter? Då tek du feil - det er heilt andre kvoter folk pratar om og det mest brukte ordet i landbrukspolitiske miljø om dagen er Artikkel 19. Og der har du livet mitt! 

Eg hadde nok aldri høyrt om Artikkel 19 før eg starta i jobben som statssekretær. No høyrer eg og les om det dagleg. Viss du les om det i Nationen (seinast i dag), er det ofte i kombinasjon med orda ostetoll eller prosenttoll. 
Artikkel 19 er ei avtale mellom Norge og EU der vi har forplikta oss til at vi skal forhandle med EU om gradvis liberalisering av handel med landbruksprodukt. Med jamne mellomrom forhandlar vi altså om innhaldet i dette. Vi forhandlar då om til dømes tollfrie kvoter inn til EU og frå EU til Noreg. Noko av utfordringa tradisjonelt sett har vore at Noreg har få såkalla offensive interesser på landbruksfeltet. 
No skal vi altså i gang med å forhandle om dette att. Det vart ikkje bestemt av oss, men vart bestemt i 2012 av den førre regjer…

Dyrepoliti!

Dyrevelferd er verkeleg i vinden om dagen. Og det er bra. Eg har, som dei fleste veit, vore oppteken av dette feltet sidan eg skreiv ein ni siders lang stil om temaet på ungdomsskulen. Då skreiv eg om dyr i bur, kvalfangst og om elefantar. Kjelde; diverse jenteblad og informasjonsmateriell frå  det eg trur var bestilt frå WWF.

I dag var det seminar om dyrepoliti på Stortinget. Arrangert av Framstegspartiets stortingsgruppe. Dyrepoliti er ein sak mange i Framstegspartiet har kjempa lenge for, og vi lanserte førre veke at vi ønskjer å setje i gang med eit forsøk med dette.

Det er dyreeigarar som har ansvar for å følgje dyrevelferdslovgivinga, og det er viktig å understreke at det er den som eig dyret som har ansvaret for at dyret eller dyra har det bra. Det gjeld anten du har kylling, storfe eller hund.

Alle dyr i Noreg har det dessverre ikkje bra. Brot på regelverk vil truleg alltid finne stad, og så er det vår oppgåve å sørgje for at færre mishandlar og ikkje tek vare på dyra sine. De…

Gap opp!

I dag har eg hatt ulike møte om reindrift og artikkel 19.

Også har eg besøkt "Tannlegehøgskulen". Odontologisk institutt ved Universitetet i Oslo. Kvifor i alle dagar har eg gjort det? Kan eg ikkje berre gå til vanleg tannlege?

Okey. Eg innrømmer det. Eg er eit plaga menneske. Det har liksom vore noko med meg heile tida det siste året. No er det altså kjeven. Eg klarar ikkje å gape. Eg klarar heldigvis å drikke vin. Eg klarar å snuse. Men eg har absolutt ingen sjans til å få i meg ein muffins eller andre matvarer som er høgare enn ein cm.

Kvifor? Det veit ingen. Vi veit berre at det begynte med ei visdomstann som vart fjerna i starten av desember. Det gjekk veldig bra den fyrste veka. Etter to veker begynte gapeevnen å bli redusert. Eg venta på at det skulle gå over. I jula vart det heilt forferdeleg (vondt å ete, synd i meg sjølv, sint på kjærasten og det gjer vondt å prate). Takk for at vin finst! Og takk til smertestillande. Og nei; det går ikkje over! Og ja; eg føler eg …

Blir det meir liv her no....

..så må eg nesten vurdere å roe ned på antall oppdateringar. Eller å vurdere det ein kan gjere om ein føler ein skriv litt for provoserande ting. Nemlig å legge ut kalendaren min for å vise kva dagen min eigentleg handlar om.

I morgon skal eg vurdere om eg skal ta eitt bilete kvar dag og så legge ut akkurat det bilete i lag med ei tekst for i alle fall å synleggjere at det hendar at vi gjer noko også i Landbruks- og matdepartementet.

(I morgon blir forresten det eit bilete frå Odontologisk fakultet der eg må innom på besøk for å få orden på ein kjeve som er i uorden på månad nummer to, og som eg håper det er mogleg å gjere noko med om eg skal ha håp om nokon gong å kunne ete ein muffins att (trekk aldri visdomstenner. Tru meg!))

Siste bilete eg har er frå helga og er dette:


Det er frå Amsterdam dette bilete, forresten. Eg var i det høgkulturelle hjørnet, og då havnar ein sjølvsagt på Madame Tussauds. 

PS: Dei to siste dagane har eg høyrt på P2 kvar morgon. Eg trur det eigentleg betyr a…

Ut av dvalen

Det er mange ting i livet eg er ganske dårleg til. Å slappe av er ikkje ein av dei. Eg trur ikkje det finst betre menneske i verda til å slappe av enn meg sjølv, og det har eg gjort no i to veker. Som A-menneske og morgonfugl har eg til og med overraska meg sjølv med å sove til nesten klokka 12 siste dag i ferien, og det var ikkje spesielt klokt. Men, nok om det.

I går var det tilbake til kvardagen. Buss tilbake til kalde og sure Oslo i går kveld og adjø til Valdres. Kald leilighet, ingen kjærast, ikkje mat i kjøleskåpet og generelt surt og trist. Allereie i går kveld etter ein halvtime åleine i Oslo er eg i gang med lange telefonsamtaler heim til Trond. Truleg er eg mykje flinkare til å fortelje han kor fantastisk han er og kor mykje eg elskar han på telefon, enn eg nok er når vi er i lag.

Du sett verkeleg pris på kva du har når det plutseleg ikkje er der lenger. No er det berre fire netter att til eg på ny er på plass på Beitostølen. Slik går no dagane og kveldane - og vekene, som p…