Gå til hovedinnhold

Artikkel 19 - den store snakkisen frå by til bygd

Trur du den viktigaste snakkisen i landbruket om dagen er mjølkekvoter? Då tek du feil - det er heilt andre kvoter folk pratar om og det mest brukte ordet i landbrukspolitiske miljø om dagen er Artikkel 19. Og der har du livet mitt! 

Eg hadde nok aldri høyrt om Artikkel 19 før eg starta i jobben som statssekretær. No høyrer eg og les om det dagleg. Viss du les om det i Nationen (seinast i dag), er det ofte i kombinasjon med orda ostetoll eller prosenttoll. 

Artikkel 19 er ei avtale mellom Norge og EU der vi har forplikta oss til at vi skal forhandle med EU om gradvis liberalisering av handel med landbruksprodukt. Med jamne mellomrom forhandlar vi altså om innhaldet i dette. Vi forhandlar då om til dømes tollfrie kvoter inn til EU og frå EU til Noreg. Noko av utfordringa tradisjonelt sett har vore at Noreg har få såkalla offensive interesser på landbruksfeltet. 

No skal vi altså i gang med å forhandle om dette att. Det vart ikkje bestemt av oss, men vart bestemt i 2012 av den førre regjeringa. Vi må forhandle, og det startar i neste veke. 

Desse forhandlingane blir møtt med stor interesse, og det er mange meiningar (og myter) om dette ute og går. Og mange som vil seie sitt. I dag hadde eg og statssekretær for Vidar Helgesen møte med mange av dei som har interesser i dette. Eg veit eg lovde selfie, men det gjekk så fort unna, og dessutan er dei så seriøse i Utanriksdepartementet, så eg turte ikkje. :) 

Men Bondelaget, Norsk bonde- og småbrukarlag, Landbrukssamvirke, NHO, Gartnerforbundet var der, mellom anna. Og mange andre. 

Vi er opptekne av å ivareta norske interesser - sjølvsagt. Det var eit nyttig med møte i dag, og eg veit det blir veldig lærerikt å følgje prosessen vidare. Og kanskje, kanskje, får eg bruk for kunnskapen når eg ein gong blir lærar att. 

I morgon er det landbrukspolitisk kurs for FrP og Høgre heime i Valdres. Det blir moro, og eg skal prate om artikkel 19 til deltakarane får lyst til å gje meg ei flaske vin og be meg halde munn 😀😀

PS: no sit eg på bussen heim til Valdres. Bussen er stappfull (som eg ikkje likar. Likar, som alle andre, å ha eit sete for meg sjølv). Personen som sit ved sidan av meg er i ferd med å sovne, og sig sakte over på min side og langt over mi intimsone med jamne mellomrom. Kva gjer ein med slikt?


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…