Gå til hovedinnhold

Dyrepoliti!

Dyrevelferd er verkeleg i vinden om dagen. Og det er bra. Eg har, som dei fleste veit, vore oppteken av dette feltet sidan eg skreiv ein ni siders lang stil om temaet på ungdomsskulen. Då skreiv eg om dyr i bur, kvalfangst og om elefantar. Kjelde; diverse jenteblad og informasjonsmateriell frå  det eg trur var bestilt frå WWF.

I dag var det seminar om dyrepoliti på Stortinget. Arrangert av Framstegspartiets stortingsgruppe. Dyrepoliti er ein sak mange i Framstegspartiet har kjempa lenge for, og vi lanserte førre veke at vi ønskjer å setje i gang med eit forsøk med dette.

Det er dyreeigarar som har ansvar for å følgje dyrevelferdslovgivinga, og det er viktig å understreke at det er den som eig dyret som har ansvaret for at dyret eller dyra har det bra. Det gjeld anten du har kylling, storfe eller hund.

Alle dyr i Noreg har det dessverre ikkje bra. Brot på regelverk vil truleg alltid finne stad, og så er det vår oppgåve å sørgje for at færre mishandlar og ikkje tek vare på dyra sine. Det er mange verkemidlar vi kan bruke. Mattilsynet fører tilsyn, og har ansvar for denne biten og for rettleiing av dyreigarar. Dei har fleire verkemidlar dei kan bruke - blant anna pålegg om utbetring, gebyr eller avvikling av dyrehald. 

Mattilsynet kan også melde brot på dyrevelferdsregelverket til politiet. Det blir gjort. Vi andre kan også melde lovbrot til politiet, og det blir også gjort.

Mange saker er krevjande å etterforske. I tillegg kan det vere manglande kompetanse som gjer at sakene blir henlagt. Dyrevelferdssaker blir også hevda å vere lite prioritert hjå politiet. Folk opplever straffenivået som lågt, og at straffane som blir gjeve ikkje svarar til den allmenne rettsoppfatning.

Det er difor ei målsetting å styrke politiets etterforskingskompetanse på dyrevelferdssaker og sørgje for at desse sakene blir prioritert. Det er mykje vi kan gjere med styrka samarbeid mellom Mattilsynet og politiet og i førre veke vart det arrangert fagseminar for å oppnå akkurat dette. No ønskjer vi også å ha eit forsøk med dyrepoliti, som vi kjem til å kome tilbake til detaljane i.

Det er mange som påstår at viss politiet skal prioritere dyrevelferd, vil dette gå utover arbeidet mot vald mot barn og unge. Eg meiner det her er viktig å sjå ting i samanheng, og det er ingen tvil om at forsking syner at det er ein samanheng mellom vold mot menneske og vold mot dyr. Enkelt sagt; det er slik at vold mot dyr ofte utviklar seg til seinare å bli vold mot menneske, og slår du menneske, så slår du (ofte) dyr også. På seminaret i dag var dette tema, og valdsforskar Ragnhild Bjørnbekk fortalde om forsking som finst på dette området.

Teoriar! Eg får altfor sjeldan lære om teoriar. Her teoriar om samanheng mellom vald mot dyr og vald mot menneske. Eg skal begynne å gå meir på seminar!


Det er i alle fall ingen tvil, slik eg ser det, at tidleg innsats er viktig også på dette området. Kan vi gripe fatt i vald mot dyr tidlegare, kan vi førebyggje vald mot både menneske og fleire dyr på eit seinare tidspunkt. Det er viktig, og vi er nøydd til å sjå alt dette i samanheng.

Eg ser fram til vidare arbeid med dette, og er spent på kva arbeidsgruppa som no jobbar med detaljane i forsøket kjem fram til. Og det blir spanande å følgje med og utvikle politikk på dette området framover. Dette handlar rett og slett om å skape ei betre verd - for både tobeinte og firbeinte. :)


PS: På måndag er det meir seminar om dyrevelferd. Denne gong om kastrering av gris, eller korleis vi kan unngå dette.I morgon er det noko heilt anna; konsultasjonsmøte i lag med statssekretær i UD om Artikkel 19 - vi skal høyre på kva landbruksorganisasjonane har å seie om dette. Eg skal prøve å få tatt ein selfie utan å framstå totalt useriøs!

Og viss du lurer på kva i alle dagar Artikkel 19 eigentleg er for noko, skal eg satse på ein bloggpost i morgon om akkurat det!




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…