Gå til hovedinnhold

Gap opp!

I dag har eg hatt ulike møte om reindrift og artikkel 19.

Også har eg besøkt "Tannlegehøgskulen". Odontologisk institutt ved Universitetet i Oslo. Kvifor i alle dagar har eg gjort det? Kan eg ikkje berre gå til vanleg tannlege?

Okey. Eg innrømmer det. Eg er eit plaga menneske. Det har liksom vore noko med meg heile tida det siste året. No er det altså kjeven. Eg klarar ikkje å gape. Eg klarar heldigvis å drikke vin. Eg klarar å snuse. Men eg har absolutt ingen sjans til å få i meg ein muffins eller andre matvarer som er høgare enn ein cm.

Kvifor? Det veit ingen. Vi veit berre at det begynte med ei visdomstann som vart fjerna i starten av desember. Det gjekk veldig bra den fyrste veka. Etter to veker begynte gapeevnen å bli redusert. Eg venta på at det skulle gå over. I jula vart det heilt forferdeleg (vondt å ete, synd i meg sjølv, sint på kjærasten og det gjer vondt å prate). Takk for at vin finst! Og takk til smertestillande. Og nei; det går ikkje over! Og ja; eg føler eg treng ein ny ferie!

Eg smertar meg gjennom jula og kjem meg tilbake til tannlegen i starten av januar. Dei klarar ikkje å finne ut kva det er. Er det kjeveleddet? Neppe! Truleg er det ein muskelbetennelse. Sett meg på ein kur med voltaren og gjev meg beskjed om at eg kvar morgon skal dytte kjeven frå kvarandre med makt (vondt, vondt!).

Det fungerer bra i tre dagar. Så hovnar eg opp, og klarar då ikkje ete anna enn suppe. Tenkjer at til h#¤%& med kjeveøvingane. No går eg berre for voltaren. Dei siste dagane har eg no gradvis blitt litt betre, men det gjer framleis vondt. Så vondt at eg vart hivd inn  på kort varsel til ekspertane på Universitetet i Oslo.

I dag altså. Buss nummer 37 til Tannlegehøgskulen for å finne ut om ein professor kan finne ut av problemet.


Røntgen fyrst. Ingenting gale med kjeveleddet.

Så studentar. Skal studere meg. Finne ut alt om meg. "Kor mykje alkohol drikk du?". Eg: "Ei flaske i veka". Kvit løgn. Har drukke meir - ikkje berre dei siste to vekene - men i alle fall heilt sikkert etter eg trakk visdomstanna. Hallo?! Eg må jo drikke vin. Eg kan ikkje ete muffins!

Dei skal kome med ein hypotese om kva dette kan skuldast før professoren kjem. Skjønner ikkje kvifor i alle dagar eg gapar skeivt (som visstnok er det største mysteriet. Hadde eg endå gapa rett, men nei; det er berre snålt at eg gapar skeivt, og det er motsett av kva det burde vore sidan eg trakk tann på høgre sida). Rettleiar stiller spørsmål og gjev ordrar om kva dei skal gjere. Og eg? Eg er eit forskingsobjekt. Men som tidlegare lærar og kommande lærar følgjer eg nøye med og kan takle rolla. Hallo?! Eg er faktisk ganske spesiell som har ei liding ingen har sett makan til!

Professoren kjem. Skjønner heller ingenting. Men konkluderer med at muskelen har lurt seg sjølv til å bli vanskeleg. Kort fortalt; muskelen meiner at det er noko som er gale etter tanntrekking. Difor blir han sjuk. Slik eg forstår det; han spenner seg og innbiller seg at det er noko - difor blir det noko.

Det sitt i hjernen altså, spør eg? Nei - det sitter i muskelen får eg som svar. Eg konkluderer med at hjernen har fått muskelen til å tru at han er sjuk, og han blir sjuk. Ergo; eg er ein hypokonder!

No må eg bruke tid på å lure muskelen til å tru at han er frisk. Det skal eg gjere ved hjelp av voltaren og litt mildare kjeveøvingar. Gape så høgt eg klarar (men rett! Framfor speilen!), og skyve kjeven frå side til side. Ikkje for mykje, men litt kvar dag.

Og så må eg slappe av!

Tenkje; "Dette går bra".
Ikkje tenkje; "Eg blir aldri frisk! Eg må sikkert operere! Det kjem til å gjere vondt!!"

Så får vi sjå om eg er mentalt sterk nok til å lure kjeven tilbake til å tru at no er alt bra. Eg bruker å tenkje; er eg mentalt sterk nok til å halde ut i Landbruks- og matdepartementet, er eg sterk nok til å få kjeven min på plass att også.


På venterommet låg forresten sjølvsagt Universitas. Avisa var moro å lese. Og det viktigaste; eg er ikkje så altfor gamal, skjønner eg. Moro at studentane ved 6 av 8 fakultet framleis skriv eksamen på papir. Akkurat som eg gjorde for ti år sidan. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…