Gå til hovedinnhold

Ut av dvalen

Det er mange ting i livet eg er ganske dårleg til. Å slappe av er ikkje ein av dei. Eg trur ikkje det finst betre menneske i verda til å slappe av enn meg sjølv, og det har eg gjort no i to veker. Som A-menneske og morgonfugl har eg til og med overraska meg sjølv med å sove til nesten klokka 12 siste dag i ferien, og det var ikkje spesielt klokt. Men, nok om det.

I går var det tilbake til kvardagen. Buss tilbake til kalde og sure Oslo i går kveld og adjø til Valdres. Kald leilighet, ingen kjærast, ikkje mat i kjøleskåpet og generelt surt og trist. Allereie i går kveld etter ein halvtime åleine i Oslo er eg i gang med lange telefonsamtaler heim til Trond. Truleg er eg mykje flinkare til å fortelje han kor fantastisk han er og kor mykje eg elskar han på telefon, enn eg nok er når vi er i lag.

Du sett verkeleg pris på kva du har når det plutseleg ikkje er der lenger. No er det berre fire netter att til eg på ny er på plass på Beitostølen. Slik går no dagane og kveldane - og vekene, som pendlar.

I dag - på jobb til klokka 0800. Stuptrøtt. Kaldt over alt! Tre koppar kaffi. Hjelp ikkje. Hjernen fungerer ikkje. Korleis i alle dagar var det eg las ei avis? Kva i alle dagar er no dette passordet att då? Kva for forskrifter var det eigentleg som vart fastsett før jul? Kvifor rydda eg ikkje på kontoret før juleferien? Meinte eg verkeleg at knekkebrød med kavli smøreost var godt før jul?

Lite møte i dag. Ser på planen for i morgon. Masse møte - kvifor i alle dagar takka eg ja til møte på engelsk dag nummer to etter nyttår? Dumt. Slett ikkje smart. Eg kan ikkje lenger formulere meg smart på norsk. Korleis i alle dagar skal eg klare det på engelsk?

Deputy Welsh minister skal eg visst møte. Kva i alle dagar er det for noko? Fram med google. Vi skal til Wales ja. Det burde eg jo skjønt (og eigentleg skjønte eg det, men eg kunne fort ha blitt lurt til å tru at "welsh" var ei dyrerase eller noko). Kva kan eg om Wales? Var det ikkje der Ole Gunnar Solskjær var? Har ikkje Charles noko med Wales å gjere? Var det der Postman Pat var frå? Eller var det Anthony Hopkins?

Googlar "Deputy welsh minister for farming and food". Prøver å lese meg opp på det politiske systemet. Skjønner at eg skal møte ein form for viseminister, men at truleg ein viseminister er litt meir ein minister enn ein statssekretær i Norge. Dei kjem til Noreg for å prate om lam. Det kan eg litt om - også på engelsk. Kan både orda lamb, sheep og wolf.

Får eit notat på engelsk frå dei som verkeleg kan både administrative tollnedsettingar, kvoter, skrottar, prosenttoll, eksport og import. Må spørje om korleis i alle dagar eg uttaler "sufficiency". Og kva i alle dagar betyr "lamb carcasses"?

Tenkjer flaut for meg sjølv; og du underviste i engelsk då du var lærar? Og at det er ikkje alt ein blir spesielt mykje flinkare til som statssekretær. Å vere lærar blir du definitivt best til når du praktiserer som lærar.

Klokka er 1635. Eg er framleis i dvale. Tenkjer at eg sikkert fungerer betre i morgon tidleg, og at eg kan finpusse engelsken då. Eller tenkjer eg kan kome langt med å stille gode spørsmål som walisarane treng lang tid til å svare på. Omtrent det trikset elevane brukar når dei skal få læraren til "å prate seg bort".

Godt nytt år, alle saman. Eller som eg kan seie i morgon: "Happy new year".

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein