Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2015

Frå tidstjuvar til MRSA til Svalbard

Dagane går altfor fort, og eg rekk visst aldri sette meg ned for å lage eit velreflektert innlegg til denne bloggen. Det er dumt. I staden fortel eg om kva det er som gjer at dagane opplevast som dei går i eitt og at ein aldri får nok tid. Her er veka mi:

Måndag: Startar med å stå opp tidleg for å ta buss frå Beitostølen til Oslo. Lese litt på bussen, sove litt på bussen. Kjem på kontoren rundt klokka 11. Drikke kaffi, blar gjennom pressebunken, gå gjennom posten som ligg og ventar. Møte med prosjektet Fjellandbruket i frå Nord-Trøndelag. Så internt møte om tidstjuvar. Du veit; desse tjuvane som spring rundt og stjel tida vår heile tida. Eller sagt på ein betre måte; korleis fjernar vi unødvendig arbeid i forvaltninga? Krevjande arbeid, og vi har mange tidstjuvar som skal følgjast opp. Det tek sin tid.

Tysdag: Lesedag! Kan du tenkje deg noko betre? Ein heilt blank dag du kan sitte på kontoret for å lese? Eg fekk lese mykje også. Sperra døra, var asosial og fekk verkeleg konsentrert meg …

Elg med rundball

Berre eit lite stemningsbilete frå heime i Øystre Slidre i helga. Var på tur i bygda då vi såg desse skapningane kose seg med mat på ein av dei mange gardane  i Volbu. Elg er verkeleg eit kult dyr - i alle fall når han held seg ved rundballane og ikkje spring ut i vegen framfor ein bil. 

Seriøst, Bettan og Tor Endresen?

Det var akkurat det eg tenkte då eg såg at dei to veteranene skulle delta i årets Melodi grand prix. Javisst har Bettan hatt nokon verkeleg fine låtar i dei europeiske finalene. Det har Carola også, men hennar siste forsøk i Melodifestivalen viste at det er grenser for kor mange gonger du kan delta i denne konkurransa. 
Også Tor Endresen då. Jada; det vart ikkje MGP på 90-talet utan han, men eg får lyst til å gnage av meg armen når eg tenkjer på mitt siste MGP-minne om han, som er linja: "kjærlighetstid i San Francisco". Det er ikkje bra, og det gjekk ikkje bra i den europeiske finala heller.
No har eg lytta gjennom alle låtane til årets finale, som er 14.mars. Og noko er gale med verda når Bettan og Tor Endresen sin låt er ein av dei betre. Verda går ikkje vidare! Slepp meg av! 
Her er mine vurderingar av årets låtar i Melodi Grand Prix. Poeng er på ein skala frå 1 til 12. 
Raylee - Louder Hadde det ikkje vore for Stjernekamp på NRK hadde eg aldri visst kven denne artisten var. …

Ost, ost, ost!

At Noreg er eit fantastisk osteland har verkeleg gått opp for meg etter at eg vart statssekretær i Landbruks- og matdepartementet. Eg har smakt så mange gode ostar. I dag fekk eg smake endå fleire.

I dag har eg vore med Mattilsynet på besøk til Eiker gårdsysteri. Målsettinga var å få lære meir om korleis Mattilsynet jobbar med lokalmat, kva dei gjer på tilsyn, kva for regelverk som skal følgjast og ikkje minst få høyre korleis dette opplevast for produsenten.

Besøket var ein del av førebuingar til at vi snart skal legge fram ei stortingsmelding om vekstraft og gründerskap innanfor landbruksbasert næringsutvikling. Inn i det arbeidet ser vi mellom anna på korleis vi kan jobbe med forenklingar for dei som driv med lokalmat og korleis vi kan fremme meir verdiskaping basert på gardens samla ressursar på små og store bruk over heile landet.

Eiker gårdsysteri ligg i Hokksund i Buskerud. Dei har mjølkeproduksjon i samdrift og produserer osten av si eiga mjølk.  Dei starta som så mange andre f…

Fem nyansar av Grey

Eg er redd for å gå glipp av det som skjer i verda. Det er grunnen til at eg prøver å få med meg politisk kvarter kvar morgon og grunnen til at eg bestilte billettar til "Fifty shades of grey" og var på kino på laurdag.

Nokon vil sikkert påstå eg heller burde lese bøkene. Det har eg ikkje gjort. Men ståket rundt filmen har gjort at eg er blitt ekstremt nysgjerrig. Javisst diskuterte mine kollegaer i min førre jobb bøkene (det gjer dei ikkje i Landbruks- og matdepartementet, men eg har fått avslørt at det er folk her som har lese bøkene), men det var ikkje nok til at eg valde å lese dei.

Men med filmen har det tatt av. Og som den romantikar eg er, bestilte eg billettar til filmen på sjølvaste Valentinsdagen, og tvinga kjærasten min til å bli med. Eg såg for meg at eg måtte sitte i salen med skjerfet framfor ansiktet, og berre vere flau. Så feil kunne eg ta. Dette var ikkje flaut, men det var ganske kjedeleg.

I løpet av filmen sjekka eg facebook tre gonger. Eg var meir nysgjer…

Samtale mellom to som jobbar med forsking

- Er du ferdig med søknaden om midlar gjennom ENERGIX?
- Nei. Eg måtte på ei konferansen om JPI'ar i dag. Arrangert av den nye NCP'en.
- Å ja - eg har vore og lært om ERA i dag. Også var eg ved den nye SFI'en ved NMBU.
- Men når det gjeld søknaden til ENERGIX, så vurderer eg om eg heller skal søkje FFL-midlar
- Det er ingen moglegheit med JA-midlar?
- Nei, då trur eg heller BIONÆR er ein moglegheit
- Har du sett på kva dei har gjort i AGROPRO?
- Ja, det er imponerande kva dei får til. Eg har tatt kontakt med FAO for å formidle resultata
- Eg trur vi kan vente oss endå meir gode forskingsresultat når NIBIO blir oppretta.
- Eg trur det blir lettare å få midlar frå Horisont 2020 i alle fall
- Ja, og JPI FACCE
- Skal vi ta ein kopp kaffi?
- Har ikkje tid - eg skal møte nokon frå NILF


Viss du lurere på kvifor det er vanskeleg å få eit fullstendig overblikk over kva som skjer på forskingsområdet, finn du nokon av årsakane over her. Stammespråket er utvikla over mange år, og forko…

Forenkle, sa du? Eg gjev deg utmarksforvaltninga!

I dag har eg vore på høyringsmøte om forenkling av utmarksforvaltninga. Arrangert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), men i samarbeid med oss i Landbruks- og matdepartementet (LMD) og Klima- og miljødepartementet (KLD).

Har du lyst på eit skikkeleg forenklingsprosjekt du kan jobbe med? Då bør du starte med utmarksforvaltninga. Det blir av enkelte kalla "regimenes slagmark", og i tillegg er det mange lovar og forskrifter som styrer kva som skjer der. Og dei blir styrt av ulike forvaltningsorgan. Nokon vil hevde at det er ute av kontroll, og det er ikkje lett å vite kor ein skal begynne for å forenkle.

Eg tenkjer det er viktig å starte med fakta (når eg er ute og reiser får eg høyre mange historier om håplause folk, lovar, regler og diverse som stopper noko både her og der, men ikkje alle veit kva eller kven det er som stopper eit initiativ).

Vi starta 7.juli med at KMD oppnevnte ei faggruppe som skulle foreslå tiltak for å forenkle utmarksforvaltninga. Dei job…

Borte bra, men osten heime er best!

Eg er heilt gærne etter ost. Når eg er på tur rundt omkring, kjøper eg med meg ost heim att.

Nesten kvar middag blir avslutta med eit ostefat. Å dele eit ostefat er toppen av romantikk for meg og kjærasten min. Vi har fått ostefat av ymse kvalitetar i både innland og utland. Og det beste vi får, det finn vi sjølvsagt heime i Valdres.

På laurdag var eg og Trond på Opplevingsysteriet på Beitostølen. Dette er altså produksjonslokala og serveringslokala til Beito ysteri, som du kan lese meir om her. 

Beito ysteri produserer leire typer ost frå lokale kyr og geiter. Dei sel produkta sine gjennom Bondens marknad, og i fleire butikkar på austlandsområdet. I tillegg kan du då også kjøpe produkta på Opplevingsysteriet på Beitostølen, der du også kan følgje heile ysteprosessen og sjå på kor produkta ligg lagra hen.

Og du kan altså også få smake. Rause ostefat og vin som smakte veldig godt til. Absolutt å anbefale viss du er på Beitostølen. Eg trur det blir fleire besøk på Opplevingsysteriet i l…

No blir Noreg seld!

Det kan ein i alle fall få inntrykk av viss ein skal tru på argumentasjon og skremselspropagandaen frå opposisjonspartia. Det er ikkje måte på kva for kjensler dei både har fått for Flytoget og for det statlege eigerskapet av skog.
I dag blir eigarskapsmeldinga behandla i Stortinget. Sjølv om ein statssekretær ikkje deltek i debatten i Stortinget, ønskjer eg å skrive nokre få ord om Statskog og dei mytene som er blitt presentert om dei prosessane som er i gang når det gjeld Statskog. Det er omtrent blitt framstilt som at ønskje vårt om å selge skog handlar om å selje store deler av Noregs areal, og då helst til utlendingar (skulle ein tru argumentasjonen til spesielt Arbeiderpartiet). 
I regjeringsplattforma står det at vi ønskjer å selge areal frå Statskog tilsvarande det som er blitt kjøpt dei siste åra. Det er også dette som står i eigerskapsmeldinga, og Statskog fekk i oktober i fjor i oppdrag å utgreie ulike modellar for organisering og privatisering av Statskog sin skogverksemd …

Høner på hjul og hund i løypa

Ein viktig del av jobben min er å lese aviser. Eg les omlag ti aviser kvar einaste dag. Det er eigentleg altfor mange. Her skal de få sjå noko av dei sakane eg har lese nøye dei siste dagane.



Dagen blir alltid starta med Nationen. Her om mobile hønsehus. Fri tilgang på uteareal og spreieareal.  Hurra for lykkelege høner. Gladsak frå det store utland.   


Denne saka er frå Oppland Arbeiderblad. Ikkje frå Beitostølen, men den kunne vore derfrå. Hundemøkk er sikkert også eit problem for hytteturistane på heimplassen min. Eg anar ikkje. Eg let byfolka ha løypene sine i fred. 


Denne er også frå Oppland Arbeiderblad. Og denne er frå Beitostølen!! Eg trur hudpleie på fjellet er ein god forretningsplan - også for bygdefolk som meg. Eg vurderer å sjekke tilbodet neste gong eg er heime. Eg håper dei har sundagsope.



Vondt skal vondt fordrive

Kjeven blir ikkje betre. No har smerten forplanta seg til hals og til øyra. Det gjer vondt å svelge kaffi og mat er eit mareritt. Eg trur også det eg opplever kan minne om ein øyrebetennelse. Eg vurderer å svoltestreike for å sjekke om det hjelper mot smerten. Paracet fungerer heller ikkje lenger. Søvn er i beste fall noko eg får nokre timar av  kvar natt.

Og om dei som henvender seg til meg opplever å få skriftlege svar, så har det noko med at eg føler stemma mi berre er graut, og at det er grenser for kor lenge eg klarar å prate i løpet av ein dag. Nokon vil sikkert påstå at politikarar burde blir oftare ramma av kjeveproblem.

PS: Eg veit det er klaging, men sjukdom selger. Og så har eg eit lite håp om at nokon skal lese dette og vite akkurat kva som feiler meg slik at eg kan få hjelp!

Kastrering av gris

I dag har eg lært litt meir om kastrering av gris. Stortingsgruppene til Høgre og FrP arrangerte i dag seminar om dette temaet med tittelen: "Bør kastrering av svin erstattes av vaksinering?" Dette er eit tema eg har fått innblikk i og kunnskap om dei siste 15 månadane, men no var mange av dei med meiningar om dette samla i same rom.

I korte trekk: Kvart år blir omlag 750 000 hanngris kastrert. Dette for å hindre utvikling av rånelukt på kjøttet (som visstnok nokon kjenner veldig godt - eg har ikkje aning om kva dette er). Stortinget har tidlegare sett seg som målsetting å få slutt på rutinemessig kastrering av gris når det finst eit alternativ til denne metoden.

For ordens skuld: Noreg har i dag krav om bedøving, smertelindring og at veterinær utfører kastreringa.

Det finst ei vaksine som fjernar behovet for kastrering. Den forhindrer utvikling av rånelukt. Det er fleire produsentrar som nyttar seg av vaksinen, men det er i lite omfang. Spørsmålet er då; viss dette er eit fu…

Kurs og kos

Eg sitt no på bussen tilbake til Oslo. Slik eg gjer kvar sundagskveld. Det er dette eg likar minst med jobben min. Kvar sundag må eg reise frå Trond. Knapt to døgn får eg heime før eg er nøydd til å vende kursen attende mot hovudstaden. Eg likar jobben min, men det er ingen tvil om at eg allereie no er i gang med å telje ned til eg skal tilbake til Valdres, her eg høyrer heime. 
Laurdag brukte eg seks timar på å halde kurs i landbrukspolitikk for litt over tjue deltakarar frå Høgre og FrP på Fagernes. Imponerande at så mange brukar ein fridag på å lære om landbrukspolitikk. Slikt motiverer. Og eg får energi av å halde kurs (kanskje fordi det kan minne litt om å vere lærar?) for så motiverte og engasjerte deltakarar. 
Elles var det berre kos i helga. Taco og tv på fredag. Vin og ost på laurdagskveld. I lag med den personen eg trivst aller best i lag med. Og nei, eg pratar ikkje om meg sjølv. 
Veka som kjem blir variert. Måndag seminar om kastrering av svin mellom anna. Resten av veka går …