Eg er redd for å gå glipp av det som skjer i verda. Det er grunnen til at eg prøver å få med meg politisk kvarter kvar morgon og grunnen til at eg bestilte billettar til "Fifty shades of grey" og var på kino på laurdag.
Nokon vil sikkert påstå eg heller burde lese bøkene. Det har eg ikkje gjort. Men ståket rundt filmen har gjort at eg er blitt ekstremt nysgjerrig. Javisst diskuterte mine kollegaer i min førre jobb bøkene (det gjer dei ikkje i Landbruks- og matdepartementet, men eg har fått avslørt at det er folk her som har lese bøkene), men det var ikkje nok til at eg valde å lese dei.
Men med filmen har det tatt av. Og som den romantikar eg er, bestilte eg billettar til filmen på sjølvaste Valentinsdagen, og tvinga kjærasten min til å bli med. Eg såg for meg at eg måtte sitte i salen med skjerfet framfor ansiktet, og berre vere flau. Så feil kunne eg ta. Dette var ikkje flaut, men det var ganske kjedeleg.
I løpet av filmen sjekka eg facebook tre gonger. Eg var meir nysgjerrig på reaksjonen på bilete eg hadde lagt ut av kinobillettane enn eg var nysgjerrig på kva som skjedde i filmen.
Kva i alle dagar er det kvinnegruppa Ottar protesterer så på? Viss folk ikkje skjønner at dette er fiksjon, skjønner dei ikkje at noko er fiksjon! Livet mitt er blitt meir påverka av filmen "Mumien" enn denne filmen.
For det fyrste: Mr. Grey er så utruleg kjedeleg at eg trur ikkje det finst makan i heile verda.
For det andre: Det er umogleg å bli så rik av å jobbe så lite. Aldri i livet om nokon som skal vere så vellukka business-mann har tid til å bruke så mykje tid på nett-chatting.
For det tredje: Aldri verda at ingen av dei 15 tidlegare damene han har skrive kontrakt med ikkje ville brote kontrakta og sladra om det som skjer. Aldri! Ikkje at eg kjenner til amerikansk rettsvesen, men den kontrakta er neppe bindande i ein domstol.
For det fjerde: Det finst ikkje ein romanse i verda med så dårleg symbolbruk og med så dårlege dialogar.
Eg kan forresten vere einig i ein ting. Det er at Mr. Grey kan ha stalker-tendensar. Han er heller ingen fyr som er verdt å trakte etter. Og han har openbart issues som gjer at han er heller usympatisk.
Feminisme for meg er ikkje å oppfordre til boikott av ein dustefilm. Feminisme for meg er vel heller at jenter skal ha vett til å unngå kjedelege, platte og idiotiske fyrar som rollefiguren Mr. Grey.
Eg har såpass tiltru til at jenter som ser denne filmen klarer å skille film frå verkelegheit.
Akkurat som eg skjønte at ypperstepresten Imhotep i filmen "Mumien" heller ikkje var ein mann eg burde prøve å finne.

Nokon kommenterte fyrste rad. De trur meg sikkert ikkje, men det var einaste som var ledig då eg bestilte. Dessutan; siste rad er meir suspekt.

Kommentarer
Legg inn en kommentar