Gå til hovedinnhold

Forenkle, sa du? Eg gjev deg utmarksforvaltninga!

I dag har eg vore på høyringsmøte om forenkling av utmarksforvaltninga. Arrangert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), men i samarbeid med oss i Landbruks- og matdepartementet (LMD) og Klima- og miljødepartementet (KLD).

Har du lyst på eit skikkeleg forenklingsprosjekt du kan jobbe med? Då bør du starte med utmarksforvaltninga. Det blir av enkelte kalla "regimenes slagmark", og i tillegg er det mange lovar og forskrifter som styrer kva som skjer der. Og dei blir styrt av ulike forvaltningsorgan. Nokon vil hevde at det er ute av kontroll, og det er ikkje lett å vite kor ein skal begynne for å forenkle.

Eg tenkjer det er viktig å starte med fakta (når eg er ute og reiser får eg høyre mange historier om håplause folk, lovar, regler og diverse som stopper noko både her og der, men ikkje alle veit kva eller kven det er som stopper eit initiativ).

Vi starta 7.juli med at KMD oppnevnte ei faggruppe som skulle foreslå tiltak for å forenkle utmarksforvaltninga. Dei jobba raskt og kom med sin rapport i desember i fjor. Denne rapporten er no ute på høyring og du kan lese heile her. 

Eg skal ikkje gå detaljert inn på innhaldet i rapporten. Eg trur eg skal konstatere at det blir slått fast at dagens utmarksforvaltning er komplisert, uoversikteleg og at den opplevast utilgjengeleg for brukarane. Samordning mellom ulike organ (og også departementa, er det mange som meiner) er for dårleg. Det vart også anbefalt at vi sett ned eit lovutval som går gjennom heile utmarkslovgjevinga.

Eg konkluderte ikkje i dag (bortsett frå at det opplagt er behov for opprydding). Men eg sa på høyringsmøtet i dag at når eg er ute og reiser i landet er det sjeldan eg møter så mykje engasjement som når det kjem til utmark og utmarksforvaltning. Eg ber alltid folk vere konkrete. Eg vil ikkje ha generelle tilbakemeldingar om at alt er så håplaust. Eg vil vite kva som er håplaust og eg vil vite kva DU meiner som kan gjere dette betre.

No er sjansen til å kome med innspel til kva vi kan gjere med utmarksforvaltninga. Eg veit det er mange som har meiningar om dette, og send dei inn til oss. Dess meir konkrete de kan vere, dess betre. Høyringsdokumenta finn de her og fristen er 28.februar. 


I Kommunal- og moderniseringsdepartementet har dei slike fine plakatar dei rullar opp. Med tekst på. Det har vi ikkje i Landbruks- og matdepartementet, og eg sneik meg difor til å ta eit bilete av meg sjølv og av teksta "Fornye, forenkle, forbetre". Det er jo oss i Landbruksdepartementet, det! 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein