Gå til hovedinnhold

Frå tidstjuvar til MRSA til Svalbard

Dagane går altfor fort, og eg rekk visst aldri sette meg ned for å lage eit velreflektert innlegg til denne bloggen. Det er dumt. I staden fortel eg om kva det er som gjer at dagane opplevast som dei går i eitt og at ein aldri får nok tid. Her er veka mi:

Måndag: Startar med å stå opp tidleg for å ta buss frå Beitostølen til Oslo. Lese litt på bussen, sove litt på bussen. Kjem på kontoren rundt klokka 11. Drikke kaffi, blar gjennom pressebunken, gå gjennom posten som ligg og ventar. Møte med prosjektet Fjellandbruket i frå Nord-Trøndelag. Så internt møte om tidstjuvar. Du veit; desse tjuvane som spring rundt og stjel tida vår heile tida. Eller sagt på ein betre måte; korleis fjernar vi unødvendig arbeid i forvaltninga? Krevjande arbeid, og vi har mange tidstjuvar som skal følgjast opp. Det tek sin tid.

Tysdag: Lesedag! Kan du tenkje deg noko betre? Ein heilt blank dag du kan sitte på kontoret for å lese? Eg fekk lese mykje også. Sperra døra, var asosial og fekk verkeleg konsentrert meg om ting som trengte konsentrasjon. GLEDE! Gjekk heim på kvelden, der eg vaskar ullstilongsane mine som eg treng seinare i veka.

Onsdag (i dag): Mange interne møte om pågåande sakar. I tillegg hadde vi møte med bondeorganisasjonane, Nortura, KLF og Mattilsynet om korleis vi skal finne nye tiltak mot antibiotikaresistente bakterier i svinehald. Å motverke antibiotikaresistens handlar om folkehelse, sidan desse bakteriene kan smitte over til menneske og gjere oss resistente mot antibiotika. Dette kan vere farleg for folk med til dømes nedsett immunforsvar og det er difor viktig å hindre at desse kjem inn i våre helseinstitusjonar. Det er anslått at omlag 25 000 menneske i Europa døyr kvart år på grunn av antibiotikaresistente bakterier, og difor er det viktig å handle på tvers av grenser og på tvers av fagområde.

I førre veke vart det funne den resistente bakterien LA-MRSA i ein besetning i Trøndelag. Vi har som målsetting å ikkje ha denne bakterien i Norge (noko dei dessverre ikkje klarar i andre land), og sanerer difor besetningane når slike ting blir oppdaga. Vi priroiterer også overvaking og forsking på området.

På møtet i dag vart det varsla fleire tiltak for å motverke antibiotikaresistens i husdyrnæringa, og vi skal også finne fleire. Les meir om resultata frå møtet her. 

Eg vil få understreke: vi bruker svært lite antibiotika i norsk husdyrnæring. Vi er av dei beste i klassen, og det ønskjer vi framleis å vere. Det er også viktig å understreke at så lenge du behandlar kjøtet rett og steiker det gjennom, vil bakterien bli drept. Norsk mat er trygg. Vil du ha meir informasjon, vil eg be deg lese meir på Mattilsynet sine heimesider. Dei har god informasjon.

Torsdag og fredag: I morgon skal eg vere med Sylvi Listhaug og statsrådane på same fagfelt i Sverige og Danmark til Svalbard. Vi skal markere sjuårsdagen til Svalbard globale frøhvelv. Dette er verdas støre tryggingslager for frø, og hit blir det sendt frø frå alle deler av verda. Målet med frøhvelvet er å ta vare på den store genetiske variasjonen som finst i verda. Det viktigaste arbeidet for å ta vare på det genetiske mangfaldet skjer etter mi meining ute på gardane i heile verda gjennom aktiv bruk, men det er også viktig at vi har trygga frøa inne i frosten - i tilfelle dei blir borte og vi treng dei.

Eg gler meg! Eg har prata mykje om frøhvelvet i innlegg eg har halde, og eg har vore oppteken av biologisk mangfald sidan eg gjekk på ungdomsskulen. For meg blir nok dette som tivoli og godtebutikken på ein gong!

Eg lover bilete og eige innlegg om Svalbard-turen. Dette blir eksotisk, lærerikt og nyttig. Kven seier at landbrukspolitikk er traust og kjedeleg?


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…