Gå til hovedinnhold

Kastrering av gris

I dag har eg lært litt meir om kastrering av gris. Stortingsgruppene til Høgre og FrP arrangerte i dag seminar om dette temaet med tittelen: "Bør kastrering av svin erstattes av vaksinering?" Dette er eit tema eg har fått innblikk i og kunnskap om dei siste 15 månadane, men no var mange av dei med meiningar om dette samla i same rom.

I korte trekk: Kvart år blir omlag 750 000 hanngris kastrert. Dette for å hindre utvikling av rånelukt på kjøttet (som visstnok nokon kjenner veldig godt - eg har ikkje aning om kva dette er). Stortinget har tidlegare sett seg som målsetting å få slutt på rutinemessig kastrering av gris når det finst eit alternativ til denne metoden.

For ordens skuld: Noreg har i dag krav om bedøving, smertelindring og at veterinær utfører kastreringa.

Det finst ei vaksine som fjernar behovet for kastrering. Den forhindrer utvikling av rånelukt. Det er fleire produsentrar som nyttar seg av vaksinen, men det er i lite omfang. Spørsmålet er då; viss dette er eit fullgodt alternativ, kvifor kan ikkje fleire bruke denne vaksinen? Og er denne vaksinen eigentleg eit fullgodt alternativ?

I november i fjor vart det av Landbruks- og matdepartementet sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå kjøttbransjen som skulle utarbeide ein plan for å redusere omfanget av kirurgisk kastrering. Den rapporten kom i går, og den kan de lese her. 

Bransjen har i dette arbeidet sett seg som mål å auke bruk av vaksinasjon til 10 prosent innan utgangen av året, og dette er ei stor auke samanlikna med 1,3 prosent som det er i dag. Mange meiner sjølvsagt at dette ikkje er nok, og vil ha eit forbod. På den andre siden står dei som meiner vi må løyve oss meir tid, og at vi ikkje har gode nok erfaringar med vaksinen endå.

I dag fekk vi høyre to produsentar som har gått over til å bruke vaksinen legge fram sine erfaringar. Dei har berre gode erfaringar og rapporterar om betre kvalitet på kjøtet og at grisane sjølvsagt har det betre den tida dei lev. Men dei tek også opp enkelte utfordringar knytt til kostnadssida, mellom anna.

Elles på programmet var Veterinærforeningen, Dyrevernalliansen, Norsvin, Animalia og bondeorganisasjonane. Ikkje alle einige om fakta, og ikkje heller heilt enige om kva som er det rette å gjere. Det er i slike rom  ein skal utvikle politikk og finne fram til gode løysingar. Det er ikkje alltid lett, men før ein tek avgjerder med store konsekvensar er det viktig å få innspel frå fleire hald og danne seg eit bilete av konsekvensar av dei vedtak ein gjer i politikken - anten det er i kommunestyrer, fylkesting eller på Stortinget.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…